SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Tre unge bønder i Fyresdal drømmer om ei framtid som sauebonde - der dei skal få meir fritid - og sjansen til å ta seg feriar og helgefri.
Og for å få til det - planlegg dei å samarbeide og bygge eitt av Europas største sauefjøs med plass til meir enn 750 vinterfora sau.
Sauebonde Olav T. Veum vil bygge europas største sauefjøs.
Det betyr meir enn 2000 sau som skal ut på beite om våren.
Satsar på framtida
Eit typisk bilde frå bygde-Telemark er små saueflokkar som er på vårbeite. Om tre fire år kan bildene frå jordene på Veum bli heilt annleis.
Det blir som eit levande ullteppe - når fleire tusen sau springr utanfor det som skal bli eitt av dei største sauefjøsa i Europa.
Tre unge bønder går saman - for å satse på framtida.
- Eg har to kameratar som gjerne vil vere med. Og ved å bygge nytt kan vi klare å få til rasjonelle løysingar, seier Olav T. Veum.
Næringssjef i Fyresdal Olav A. Veum.
To gamle fjøs blir bytta ut med eitt nytt fellesanlegg til meir enn to og ein halv million kroner.
Bøndene ventar nå på økonomisk støtte frå Staten.
Nytenking i landbruket
Næringsfondet i Fyresdal støttar planlegginga - og næringssjefen er positiv til ideen.
Samdrift er ennå ikkje så vanleg i sauenæringa. Men det kjem med kravet om meir ferie og helgefri for bonden.
Og næringssjefen er ikkje overraska over at fyresdølane går foran.
- Dette ser vi som ei viktig sasting for å halde opp ei landbruksnæring i Fyresdal. Dette er nytenking, seier næringssjef Olav A. Veum.
- Eg ser dette som ei utfordring, seier Knut Olav Hvistendahl. Men han reknar med dette skal gå bra sjølv om det blir travelt i lamminga.
Knut Olav Hvistendahl vil bli sauebonde med 750 vinterfora sauer.