NRK Meny
Normal

Drøymer om karriere-punktum i Oslo-OL

Kombinertløparen Magnus Krog (27) ynskjer seg eit nytt OL i Noreg. Fire månader etter at han blei dobbelt medaljevinnar i Sotsji drøymer han om å avslutte karrieren i Oslo i 2022.

Magnus Krog

Magnus Krog blei dobbelt medaljevinnar i OL i Sotsji

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / Afp

Medan eit fleirtal i folket seier nei, ynskjer dei aktive eit nytt OL i Noreg.

Ånund Lid Byggland på samling med Team LeasePlan Go

Stortalentet Ånund Lid Byggland konkurrerer for Thomas Alsgaard sitt lag Team LeasePlan Go.

Det syner ei rundspørjing NRK har gjort mellom idrettstoppar i Telemark.

I 2022 vil langrennsløparen Ånund Lidt Byggland frå Høydalsmo vere 32 år.

– Det er ein perfekt alder for ein langrennsløpar. Det er eit stort mål å representere Noreg i OL på heimebane, seier telemarkingen, som har sølv frå NM som eit førebels karriere- høgdepunkt.

Les også:

– Sotsji var fantastisk

Klubbkamerat og dobbelt medaljevinnar Magnus Krog ser tilbake på OL i Sotsji med glede.

– Arrangementet var fantastisk. Noreg bør heilt klart søke om OL i 2022, meiner 27-åringen.

Men forstår du at folk er kritiske til kostnadane?

– Sjølvsagt. Men i motsetnad til Sotsji treng ikkje Oslo å bygge alt nytt. Mange av anlegga som alt står der kan brukast i 2022. Det er ei mistyding å tru at idretten utviklar seg så snøgt at alt må vere nytt til OL, seier kombinertløparen med laggull og ei individuell bronsemedalje frå Sotsji.

Kombinertlaget med OL-gull

Magnus Krog (nummer tre frå venstre, vann olympisk gull saman med Magnus Moan, Håvard Klemetsen og Jørgen Graabak.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

I 2022 vil 27-åringen vere 35 år.

– Det er ingen alder for ein kombinertløpar. Berre sjå på Håvard Klemetsen. Det er eit stort mål å avslutte karrieren med ei medalje i Oslo i 2022.

Dobbelt sølvvinnar i tvil

Knut Tore Apeland frå Idrettslaget Rein tok sølv både i OL i Albertville i 1992, og på Lillehammer to år seinare. Han forstår godt at dei aktive ynskjer seg eit nytt OL i Noreg.

Knut Tore Apeland

Knut Tore Apeland har olympisk sølv frå OL i Albertville i 1992, og frå Lillehammer to år seinare.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

– Det er ingen konkurransar som kan måle seg med den festen eg fekk vere med på i 1994. OL på Lillehammer var ein folkefest for publikum, men mogeleg endå meir for utøvarane, seier kombinert-esset, som i tillegg til to lagsølv frå OL fekk med seg ei individuell sølvmedalje frå VM i 1993 i den aktive karrieren.

Men den tidlegare kombinertløparen ser og problem med eit nytt OL.

– Kostnadane er store, og all røynsle syner at pengebruken akselererer dess nærare meisterskapen kjem. Ei stor offentleg satsing på anlegg og infrastruktur i Oslo vil føre til færre investeringar i andre deler av landet.

Kritisk til IOC-kultur

Den tidlegare kombinertløparen, som i dag driv eige firma som byggmeister i Haukeli, er og kritisk til den kulturen deler av IOC står for.

– Skuldingar om korrupsjon og eit levesett langt frå det livet folk flest kjenner, er opplagt eit problem for dei som ynskjer eit nytt OL i Noreg, meiner kombinertløparen med sølv i tre strake meisterskap.

  • Vannlekkasje i Skien

    Det er en stor vannlekkasje i Skien sentrum, skriver TA. En av hovedvannledningene i sentrum har gått i stykker og det vil ta flere timer å utbedre skadene. Vannet er koblet av og det er et område med mange kontorlokaler og få leiligheter som er ramma.

  • Vil ruste opp Lietorvet

    Bratsberg Næringseiendom vil ruste opp Lietorvet i Skien for 60 millioner kroner, skriver TA. Haavard Skare som er administrerende direktør i Bratsberg Næringseiendom, gleder seg til å revitalisere kjøpesenteret.

    Lietorvet, Skien
    Foto: Øystein Økter / NRK
  • Vant på poeng

    Kevin Melhus fra Skien vant sin tredje proffboksekamp på boksestevnet i Fritidsparken i Skien i går kveld. Melhus gikk seksr runder mot polske Darius Skop, og vant til slutt på poeng.

    Kevin Melhus
    Foto: Roald Marker / NRK
  • Havnet på jordet

    To personer fikk førerkortet sitt beslaglagt etter å ha kjørt ut på et jorde i Porsgrunn. Personene hadde tidligere på kvelden fått tilsnakk etter å ha sladdet i Porsgrunn sentrum.