Hopp til innhold

Ukjent norsk volleyballpar slo brasilianske OL-favorittar: – Heilt uverkeleg

Morten Kvamsdal og Christian Sørum har spelt saman eit halvt år og er berre eit prøveprosjekt. I går slo dei to av Brasils og verdas beste par og er klare for kvartfinale i verdsserien.

Kvamsdal og Sørum

SENSASJON: Morten Kvamsdal og Christian Sørum kan vere vårt neste store sandvolleyballhåp. I dag spelar dei ein sensasjonell kvartfinale mot mexicanske Virgen/Ontiveros i verdsserieturneringa i Brasil.

Foto: FIVB

– Han er ein levande legende og har alltid vore Christians store førebilete. Det er jo sinnsjukt kult berre å helse på han, ler Morten Kvamsdal.

Han snakkar om Ricardo Santos, olympisk meister frå Athen og ein av verdas beste sandvolleyballspelar i mange år.

Ricardo med OL-gull

LEGENDE: 41-år gamle Ricardo er ein av dei aller største sandvolleyballspelarane nokosinne. Her viser han OL-gullet frå Athen, han har også OL-sølv frå 2000 og bronse frå 2008.

Foto: DAVE MARTIN / Ap

I går blei han og hans nye makker Allison slått av eit heilt nytt norsk sandvolleypar.

Større enn Norge-Brasil

Og kanskje enda større, Morten Kvamsdal og Christian Sørum slo også Pedro og Evandro som er ranka som nummer to i verda i verdsserieturneringa i Fortaleza i Brasil.

– Det var ein skikkeleg skrell. Dei var veldig kompisar før kampen, men ikkje så veldig etterpå. Eg trur ikkje dei hadde sett for seg å tape mot oss, humrar Kvamsdal.

Kvamsdal og Sørum

SIGERSDUO: Morten Kvamsdal og Christian Sørum skal spele kvartfinale i verdsserieturneringa i Brasils fjerde største by.

Foto: PRIVAT

Tidlegare OL-deltakar i sandvolleyball, Vegard Høidalen, rangerer prestasjonen høgare enn da Noreg slo Brasil i 1998.

– Begge prestasjonane er sjølvsagt store, men eg meiner Sørum/Kvamsdals prestasjon er enda større. Nordmenn forstår ikkje kor sterkt det er. Eg er spesielt imponert over Christian Sørum som berre er 20 år, seier Høidalen.

Pedro/Evandro er eitt av dei to para Brasil satsar alt på i Rio-OL og har eit vanvittig press på seg frå volleyball-elskande Brasil 97 dagar før leikane. Billettane til volleyball og sandvolleyball var dei som blei fortast utseld.

Eit lite håp om OL-plass

Etter dei to sensasjonssigrane i gruppespelet skal det norske paret spele sin fyrste kvartfinale i ei verdsserieturnering seinare i dag.

– Me er jo underdogs og Mexico har spelt bra tidlegare i år. Men nå har me slått det beste laget i turneringa så det bør jo vere mogleg å slå dei andre også. Det er ingen det er umogleg å slå nå.

Dei to kom rett frå turnering i Kina til Fortaleza.

– Det såg ikkje bra ut på trening, me hadde ei døgnrytme som ikkje likna grisen etter 11 timars forskjell frå Kina. Det er heilt uverkeleg at det har gått så bra.

Morten Kvamsdal og Christian Sørum

NY DUO: Desse to har berre spelt saman eit halvt år og er eigentleg berre eit prøveprosjekt. Nå kan det bli meir satsing for Kvamsdal/Sørum.

Foto: FIVB

OL-plass blir derimot ein del vanskelegare for duoen å sikre. Sidan dei berre har seks turneringar saman kan dei ikkje kvalifisere seg blant dei 16 best ranka laga.

– Me er eigentleg berre eit prøveprosjekt, og har berre spelt saman eit halvt år, fortel 26-åringen frå Eidfjord.

Likevel har dei ein liten sjanse gjennom den europeiske kvalifiseringa i Stavanger seinare i sommar. Der kan eitt europeisk lag kvalifisere seg og Noreg kan stille med to lag.

Men verken Horrem/Eithun eller Hordvik/Husken har heilt gjeve opp OL-tur og vil også kjempe om å få delta i Stavanger.

Det gjev så klart inspirasjon og slå lag som er medaljekandidatar i OL. Me har ikkje gjeve opp Rio. Det er jo ingen andre plassar i verda sandvolleyball er så stort som der.

Christian Sørum

LÅGE: Med sine 195 og 192 centimeter er Morten Kvamsdal og Christian Sørum små i sandvolleysamanheng. Her møter dei Evandro på 211.

Foto: FIVB

Siste nytt

  • Håndballstjernen Silje Solberg-Østhassel har blitt tobarnsmor

    Håndballprofilen Silje Solberg-Østhassel har blitt mamma for andre gang.

    Det bekrefter hun på Instagram.

    – Vårt lille mirakel, heter det i meldingen.

    Keeperstjernen er gift med Lars Østhassel. Barnet som nå har kommet i verden skal hete Tuva.

    Solberg-Østhassel har vært med å ta fem EM-gull, to VM-gull og ett OL-gull med Norge.

    Målvakten har per nå ingen klubb. Hun var en del av Vipers-laget, da kristiansandsklubben gikk konkurs.

    (NTB)

    Silje Solberg smiler foran en folkemengde
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Svenske stjerner kritiske til Tour de Ski-format: – Ikke rettferdig

    Det er flere endringer i verdenscupen i langrenn denne sesongen. Et helt nytt format i Tour de Ski får svenskene til å rynke på nesa.

    – Det høres veldig rart ut. Det høres ikke rettferdig ut, sier Oskar Svensson om en av nyhetene.

    I stedet for et vanlig løp kommer den tredje etappen av vinterens Tour de Ski til å bli en slags delt fellesstart. For både kvinner og menn skal etappen bestå av fire heat med 20-25 løpere som kjemper i en fellesstart over fem kilometer. Den raskeste tiden sett over alle heat vinner.

    At ikke engang FIS vet nøyaktig hvordan det skal bli, er en av grunnene til at de svenske landslagsløperne føler seg forvirret.

    – Rart

    – Man skal ikke kritisere noe før man har sett det, men …, sier Svensson.

    – Dette femkilometerkonseptet høres veldig rart ut. Det høres jo ikke rettferdig ut. Det er sikkert kjempespennende å se på, for det kan gå alle veier, om de beste går i et langsomt heat eller omvendt. Men det blir mer flaks enn prestasjon. Så det tror jeg er en dårlig idé, sier han.

    Ebba Andersson sier diplomatisk at hun er «veldig nysgjerrig» på opplegget.

    – Det føles som at de prøver å finne opp et nytt hjul hver sesong. Altså, ting er kanskje tradisjonelle av en grunn. Så hvorfor ikke bare holde fast ved det som en gang har vært kjernen i langrennsidrett, sier Andersson.

    (NTB)

    Svensson
    Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney

Sendeplan

Kl. Program Kanal