Hopp til innhold

Stesonen gråt da «Den evige toaren» endeleg vann: – Eg har skuffa dykk mange gonger

Tommy Fleetwood har vore nærme så mange gonger, men i natt skjedde det endeleg. Engelskmannen vann sin første PGA-turnering og er 100 millionar kroner rikare.

Tommy Fleetwood og Oscar Craig.

I TÅRER: Stesonen Oscar Craig var full av kjensler da Tommy Fleetwood (til venstre) vann PGA-sluttspelet.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

– Kva skal eg seie? Eg har skuffa dykk så mange gonger tidlegare, men denne gongen var det vår tur. Eg har sagt det tallause gonger at den gongen det skjer så har me gjort det saman. Om du er heime eller på golfbanen med meg så føler eg me gjorde det saman. Eg er så takksam, seier Fleetwood i eit intervju med Sky Sports natt til måndag.

I det han senka den siste putten i Atlanta og vann med 18 slag under par kunne ein sjå letta i smilet hans. Taktfast kunne ein høyre dei frammøtte rope «Tommy», medan 34-åringen skreik av full hals mot himmelen.

Tommy Fleetwood feirer sigeren

LETTE: Tommy Fleetwood fekk det endeleg til.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

– Det er ganske vilt. Eg kjenner meg så stolt og det er også ein del lette innblanda. Historia har bygd seg opp til dette. Det har vore nærme fleire gonger, så det er ingen leiing som kjennest stor nok når ein har vore nærme så mange gonger, seier Fleetwood til HBO Max etter å ha vunne med tre slag ned til Russell Henley.

Hans første turneringssigeren gjorde at han også vann PGA-sluttspelet. Med sigeren får han også pengepremien på 100 millionar kroner.

Emosjonell steson

Da sigeren i Atlanta var eit faktum blei han møtt av stesonen sin Oscar Craig, som omfamna han og gret. Fleetwood er gift med den 23 år eldre Clare Craig, i tillegg til stesønene Oscar og Murray Craig har dei sonen Frankie saman.

– Eg er så velsigna med den familien eg har. Og all kjærleiken og støtta eg har får frå dei. Det gjer alt mykje enklare for meg, om det går bra eller dårleg, uansett kva som hadde skjedd i dag hadde eg gått av banen og Oscar ville gitt meg ein klem. Me hadde reist heim og alt hadde vore fint, svarer Fleetwood på pressekonferansen når han får spørsmål om stesonens reaksjon.

Tommy Fleetwood holder trofeet sammen med stesonen Oscar Craig.

STOLTE: Tommy Fleetwood (til høgre) held beviset for sigeren saman med den 19 år gamle stesonen Oscar Craig.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

Fleetwood er svært godt likt i golfmiljøet, og turneringssigeren har blitt feira av tilnærma alle golffans. I publikum kunne ein også sjå Justin Rose, som enda på 21. plass. Trass i det kunne ein sjå han stå der og filme sigeren med eit enormt smil om munnen.

– Dette følast like godt som å vinne sjølv. Eg er så glad på vegner av Tommy, for å stå den endelause trykkokaren han har vore gjennom. Det er finst ikkje ein meir fortent vinnar, skriv Rose på X.

– Eg har alltid vore heldig med at eg kjem godt overeins med folk. Om eg kan gi borna mine eitt råd så er det å vere eit godt menneske først. Far min sa alltid det: «Å vere ein god person er på førsteplass, golf er på andre», svarer Fleetwood på spørsmålet om kvifor han er så godt likt.

Frå rot til siger

Fleetwood har ved fleire anledningar mista sigeren på brutale vis tidlegare. I juni leia han med to slag ned til andreplassen, men knota det til og mista sigeren til Keegan Bradley. Berre to veker seinare i Memphis rota han bort den same leiinga til Justin Rose.

– Eg har openbert gjort ting feil i avgjerande augeblikk i tidlegare turneringar, men eg har måtte bevise at eg har styrken til å kome tilbake i den same vinnarposisjonen, uansett kor mange gonger det ikkje går min veg og tvilen kjem krypande inn på ein, seier Fleetwood på pressekonferansen.

– Reisa di er ein påminning på at hardt arbeid, motstandskraft og eit stort hjarte betalar seg. Det er ingen som fortener det meir. Gratulerer Tommy, skriv golflegenda Tiger Woods på X.

God avslutning for Hovland

Viktor Hovland leverte sterkt på den avsluttande dagen i PGA-sluttspelet.

Totalt gjekk 27-åringen sju slag under par, medan han enda turneringa på elleve slag under par. Det heldt til ein 12.-plass.

en mann som svinger en golfkølle

SNUDDE TRENDEN: Viktor Hovland leverte godt på den siste dagen av PGA-sluttspelet.

Foto: Brett Davis / Reuters / NTB

Etter fredagens andre runde låg Hovland heilt sist i det 30 mann store startfeltet. Han klatra åtte plassar på laurdagens runde og byksa altså ytterlegare på avslutningsdagen.

Han enda likevel sju slag bak Fleetwood, som vann overbevisande med tre slags margin ned til amerikanarane Russell Henley og Patrick Cantlay, som delte andreplassen.

Det er berre de 30 beste gjennom sesongen som fekk spele helgas turnering på East Lake-banen i Atlanta.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt-stjernen Ulrik Saltnes fikk hjernehinnebetennelse

    Etter Glimts seier mot Sturm Graz i Mesterligaen har Ulrik Saltnes vært ute av spill.

    Nå forteller han til Avisa Nordland at dette har skyldtes hjernehinnebetennelse. Til avisen forklarer han at det startet med helvetesild, som utviklet seg til hjernehinnebetennelse.

    – Da ble ting straks mer alvorlig. Jeg fikk oppfølgning og kur der, og det ble tatt ytterligere prøver. Jeg måtte bare ta tiden til hjelp. Heldigvis gikk det bra, og jeg kom meg hjem igjen etter hvert, sier Ulrik Saltnes til Avisa Nordland.

    Ifølge NHI er hjernehinnebetennelse en alvorlig sykdom som kan ramme uansett alder, og trenger umiddelbar behandling.

    Saltnes skal nå være tilbake på treningsfeltet og forbereder seg til Glimts kommende kamper. Lørdag møter de Sarpsborg borte i Eliteserien, før Mesterliga-kampen borte mot Galatasaray venter onsdag.

    en mann i svart skjorte

    Glimt-profil Ulrik Saltnes åpner opp om alvorlig sykdom

    En viktig brikke har manglet under Bodø/Glimts eventyr i Mesterligaen denne høsten. Nå forteller Ulrik Saltnes til NRK om sykdommen han har slitt med.

  • Dansk syklist syklist klar for Uno-X

    Den danske syklisten Alexander Kamp er klar Uno-X. Det bekrefter sykkellaget i sosiale medier.

    Dansken kommer fra Intermarché-Wanty, som han syklet for i 2025-sesongen.

    31-åringen har vunnet det danske mesterskapet ved to anledninger.

    Alexander Kamp
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Kjempesmell for Brann – stjernespiller ute resten av sesongen

    Sævar Atli Magnusson har pådratt seg en kneskade og mister Branns innspurt i Eliteserien og viktige kamper i europaligaen.

    Han måtte tidligere i uken ut før pause i Islands 2-2-kamp mot Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    – Det er utrolig kjedelig og det var et sjokk for meg at det var så omfattende. Men vi har en god tropp, og jeg skal heie på dem ut sesongen, samtidig som jeg skal jobbe knallhardt for å komme enda sterkere tilbake, sier Magnusson i en uttalelse.

    Magnusson har vært en hit i Brann siden overgangen fra danske Lyngby. Han står med ti mål på 16 kamper for bergenserne. (NTB)

    Magnusson
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal