– Eg har som mål og kome opp på same nivå, og så må vi sjå om det er fysisk mogeleg, og korleis ein kan hente ut det maksimale frå kvar fase i hoppet.
Verdas beste kvinnelege skihoppar har lenge hatt eit ønske om å ta inn forspranget på sine mannlege hopparkollegaer. I dag hoppar ho mellom 15 og 20 meter kortare.
Vitskap
I ein vindtunnel som bles vind tilsvarande 90 km/t står Lundby og vrir litt på armane og testar ut ulike sittestillingar.
På ei datamaskin blir kvar minst detalj registrert og analysert.
– Det ser ut som detaljar, men i eit hopp kan det utgjere fleire meter, seier prosjektleiar Ola Elfmark.
Han jobbar i noko kalt «Aero2022». Det er namnet på eit samarbeid mellom NTNU og Olympiatoppen, der dei ser nærare på korleis idrettsutøvarar kan dra nytte av aerodynamikk.
DETALJAR: Prosjektleiar Ola Elfmark seier at små detaljar kan utgjere mange meter i hoppbakken.
Foto: Frode Søreide / NRKFor Lundby er det er nettopp det å finne den optimale stillinga som kan gi større fart i tilløpet, som igjen betyr lengre hopp, som er målet.
– Dei fleste har ting dei kan hente, så vi hentar stort sett noko på alle som dei kan ta med seg vidare. Eg har sett vi har gjort endringar som estimert kan gi mellom fem og ti meter lengre hopp, fortel Elfmark.
Etter timar med prøving og feiling, har dei funne svara som Lundby jaktar på.
– Om det er slik at ein kan tene opp mot ein og ein halv kilometer i tilløpet, så vil jo det gje opp til 15 meter i bakken, seier Lundby.
– Då kan store ting skje
Assistenttrenar på landslaget for herrar, Magnus Brevig, kallar samarbeidet unikt og lar seg imponere over Lundbys iver.
– Ho blir ikkje like god som ein gut over natta, men ho nærmar seg steg for steg. Ho prøver og feilar, og eg trur det er vegen å gå, seier Brevig.
Landslagstrenar for kvinnene, Christian Meyer, er ikkje i tvil om at Lundby er på rett veg.
– Klarar vi å utnytte det i hoppbakken, så vil jo det vere til vår fordel. Då kan store ting skje. Det skal bli spanande og sjå.
Robert Johansson er ein av hopparane i verda som oppnår størst fart i tilløpet. Han blir brukt som forbilde for Lundby og dei andre hopparane på landslaget.
At Lundby tek stadig nye steg, skremmer ikkje mannen med barten.
– Då betyr jo det berre at ho hoppar ekstremt bra på ski, og så kjem eg til og jobbe like hardt som ho for å tene ekstra meter, legg han til med eit smil.
SAMARBEID: I vindtunnelen blir ulike stillingar målt og analysert i håp om å gi lengre hopp.
Foto: Frode Søreide / NRK