Hopp til innhold

Frå krise til topplag – meiner ein ting har vore nøkkelen for snuoperasjonen

Stabæk har overraska mange med å komme seg til cupfinale og ta del i sluttspelet denne sesongen. No forklarer dei oppskrifta.

NM fotball kvinner semifinale: Stabæk - Rosenborg (2-1)

FINALEKLARE: Stabæk kan ta endå ein skalp i cupen når dei møter Brann i finalen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Stabæk var i ei årrekkje ein tradisjonsrik klubb i norsk kvinnefotball. Før 2019-sesongen stod klubben frå Bærum med to seriegull og tre cupgull sidan 2010. Dei hadde som vane å plassere seg på øvre halvdel av tabellen – inntil – den sesongen.

Då vart det den tunge turen ned til 1. divisjon, og det var krise i klubben. Men så tok Per Inge Jacobsen turen frå India til Nadderud.

Han fortel at India-eventyret har komme han til gode, og han har teke med seg nokre erfaringar til den noverande klubben sin.

– Det å spele store meisterskapar og det å sjå kva krav og konsekvensar som Stephen Constantine sat for dei, det prøver eg å ta med meg i kvardagen her. Vi prøver å setje standarden så høg som mogleg, der var Stephen ekstremt dyktig, seier Jacobsen.

– Ung og lita homogen gruppe

Det er spesielt éin ting som er gjentakande hos Stabæk-gjengen. Nemleg kontinuitet.

– Vi har kontinuitet i spelargruppa og leiargruppa. Vi har hatt lite utskiftingar kvart år og vi har klart å halde på stammen. Vi har jobba med tinga vi skal jobbe med og kontinuitet er heilt klart ein nøkkel, seier han.

Football, Toppserien, Brann - Stabæk

SNUDDE SKUTA: Per Inge Jacobsen har fått tradisjonsrike Stabæk på rett kjøl.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Stabæk-trenaren påpeikar at det var ei fin gruppe frå start av, men at det var litt å jobbe med.

– Det var mange unge spelarar og ei lita homogen gruppe. Det var eit par rutinerte, men mange yngre. Vi har jobba med å ha dei riktige rutinerte spelarane, og har framleis å vere gode på spelarutvikling. Vi har lykkast godt med det, det er gøy, seier Jacobsen.

Etter opprykk i 2020 var det likevel med nød og neppe at Stabæk heldt seg i øvste divisjon i sesongen som følgde. Men då dei til slutt fekk fornya kontrakt, byrja dei verkeleg å klatre i systemet.

For dei vart ein del av det nye seriesystemet i Toppserien, der fire lag skal spele sluttspel, medan resten kjempar om å bli verande i ligaen. Dei fleste trudde før sesongen at det var Brann, Rosenborg, Vålerenga og LSK Kvinner som skulle kapre dei fire plassane.

Men slik har det altså ikkje vorte. For der LSKs sesong har vorte prega av svake resultat, har Stabæk gripe moglegheita med begge hender. På toppen av det heile blir det altså cupfinale laurdag.

– Kan du seie du hadde tru på dette då sesongen starta?

– Ja, det er klart, smiler Jacobsen.

– Nei, det er litt over forventning, det er jo det. Å spele ein cupfinale er stort i seg sjølv, og å klare sluttspelet var eit mål vi hadde sidan det ikkje var så mykje anna å spele for. Vi snakka mykje om det før sesongen, at vi skulle henge så lenge som mogleg med i kampen om fjerdeplassen.

Stabæk spelar med det sin første cupfinale sidan 2013.

– Veldig tungt

Blant dei som har vore med på «heile» eventyret er Melissa Bjånesøy (30), som kom til Stabæk i 2014. Ho vart også med andre ord med på det noko overraskande nedrykket.

– Det var veldig tungt å rykkje ned. Vi hadde vore på nedgåande ei stund, noko som kulminerte i eit nedrykk. Det var veldig tungt for dette laget, fortel Bjånesøy til NRK.

Football, Toppserien, Brann - Stabæk

VETERAN: Stabæk-spelar Melissa Bjånesøy.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

På denne tida var ho også ein av dei eldste på laget, og stallen i sin heilskap var yngre den gongen.

– Vi er framleis veldig unge, men vi har bygd og bygd. Det å utvikle seg saman er noko av det mest morosame eg veit om. Det å sjå forskjell på dei som er her no, kontra dei same som var her for tre år sidan, har vore skikkeleg gøy, seier Stabæk-veteranen.

Dei yngre imponerer

Og ein av dei yngre spelarane ho kanskje siktar til er Sunniva Skoglund (20), som vaktar buret i Stabæk og har vorte teke ut på det norske landslaget dei siste samlingane.

– Vi fekk ein sjølvtillit, der vi vann så å seie alle kampane i 1. divisjon. Vi skåra mykje mål og sleppte inn lite. Vi fekk ein litt tøff sesong i fjor der vi var nære nedrykk eller kvalik, men vi klarte oss. Og så har vi klart å byggje vidare på det spelet vi har, for vi har eit lag som likar å vere spelande. Vi har halde på den raude tråden og berre vorte betre og betre, seier Skoglund til NRK.

Football, Toppserien, Brann - Stabæk

PROFIL: Sunniva Skoglund vaktar buret mot Brann.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Også ho trur at det å verne stallen har vore ein nøkkel som etter kvart har komme dei til gode.

– Vi har vore skjerpa og vi har mykje av den same stallen som vi har hatt dei siste to åra. Vi kan byggje vidare frå år til år, seier landslagsmålvakta.

I cupfinalen ventar altså Brann, der bergensarane må reknast som store favorittar. Dei tok sitt andre strake ligagull, og kan toppe sesongen med å ta cupgull på Ullevaal laurdag.

– Vi må ha ein toppdag for å matche Brann. Vi har kvalitetane til å spele spelet vårt, og klarer vi det trur eg det skal gå fint, seier Skoglund.

Siste nytt

  • Håndballstjernen Silje Solberg-Østhassel har blitt tobarnsmor

    Håndballprofilen Silje Solberg-Østhassel har blitt mamma for andre gang.

    Det bekrefter hun på Instagram.

    – Vårt lille mirakel, heter det i meldingen.

    Keeperstjernen er gift med Lars Østhassel. Barnet som nå har kommet i verden skal hete Tuva.

    Solberg-Østhassel har vært med å ta fem EM-gull, to VM-gull og ett OL-gull med Norge.

    Målvakten har per nå ingen klubb. Hun var en del av Vipers-laget, da kristiansandsklubben gikk konkurs.

    (NTB)

    Silje Solberg smiler foran en folkemengde
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Svenske stjerner kritiske til Tour de Ski-format: – Ikke rettferdig

    Det er flere endringer i verdenscupen i langrenn denne sesongen. Et helt nytt format i Tour de Ski får svenskene til å rynke på nesa.

    – Det høres veldig rart ut. Det høres ikke rettferdig ut, sier Oskar Svensson om en av nyhetene.

    I stedet for et vanlig løp kommer den tredje etappen av vinterens Tour de Ski til å bli en slags delt fellesstart. For både kvinner og menn skal etappen bestå av fire heat med 20-25 løpere som kjemper i en fellesstart over fem kilometer. Den raskeste tiden sett over alle heat vinner.

    At ikke engang FIS vet nøyaktig hvordan det skal bli, er en av grunnene til at de svenske landslagsløperne føler seg forvirret.

    – Rart

    – Man skal ikke kritisere noe før man har sett det, men …, sier Svensson.

    – Dette femkilometerkonseptet høres veldig rart ut. Det høres jo ikke rettferdig ut. Det er sikkert kjempespennende å se på, for det kan gå alle veier, om de beste går i et langsomt heat eller omvendt. Men det blir mer flaks enn prestasjon. Så det tror jeg er en dårlig idé, sier han.

    Ebba Andersson sier diplomatisk at hun er «veldig nysgjerrig» på opplegget.

    – Det føles som at de prøver å finne opp et nytt hjul hver sesong. Altså, ting er kanskje tradisjonelle av en grunn. Så hvorfor ikke bare holde fast ved det som en gang har vært kjernen i langrennsidrett, sier Andersson.

    (NTB)

    Svensson
    Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney

Sendeplan

Kl. Program Kanal