Bø heldt nemleg stor fart i sporet, og slo heimefavoritt Alexander Os med ti sekund. Os hadde ein strafferunde.
- Vanlegvis kjenner eg meg sterk på sisterunden, men i dag var eg usikker, sa Bø til NRK. Han hadde berre fire sekund leing på Os ut frå siste skyting. I dag var det eit sliteløp, onsdag gjekk eg mykje betre, sa Bø, som også tok gull på 20-kilometeren.
Kongepokalen var sett opp på sprinten, og den skal Kong Harald personleg dele ut laurdag.
- Det blir ei stor oppleving, seier Bø.
Bronsen gjekk til Dag Erik Kokkin, som skaut feilfritt, og som kom i mål 49 sekunder bak Bø.
Han slo veteranen Ole Einar Bjørndalen med eitt sekund. Bjørndalen hadde tre bom.
Martin Eng tok femteplassen og Johannes Thingnes Bø - bror av gullvinnaren - vart nummer seks.
Tarjei Bø, flankert at Alexander Os (t.v.) og Dag Erik Kokkin
Foto: Gunnar Grindstein / NRKResultat:
Gull: Tarjei Bø, Markane 25.44 (2)
Sølv: Alexander Os, Ishavslaget 0.10 min. bak (1)
Bronse: Dag Erik Kokkin, Åsnes 0.49 (0)
4) Ole Einar Bjørndalen, Simostranda 0.50 (3), 5) Martin Eng, Nittedal 1.18 (1), 6) Johannes Thingnes Bø, Markane 1.21 (2), 7) Eirik Bratli, Fossum 1.25 (0), 8) Henrik L'Abee-Lund, Oslo 1.25 (2), 9) Tore Martin Søbak Gundersen, Åsnes 1.32 (4), 10) Kristoffer Langøien Skjelvik, Os 1.33 (2).