Hopp til innhold

Spår tøffare forhold for Klæbo enn nokon gong: – Som skapt for Bolsjunov og Niskanen

Hans Kristian Stadheim har vore langrennstrenar i ei årrekkje, både for klubb- og landslag. Men han har aldri opplevd liknande langrennsløyper og forhold som dei under OL i Beijing.

Klæbo

FØREBUINGAR: Johannes Høsflot Klæbo, her undervegs på økta på onsdag i skiløypene på langrennsstadion i Zhangjiakou i Kina.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

0
dager
0
timer
0
minutter
0
sekunder

– Det er den definitivt tøffaste skiløypa eg nokon gong har gått. I tillegg til løypeprofilen er det to heilt vesentlege faktorar: Det ligg på 1700 meter over havet, og det er veldig trå snø. Du får ingenting gratis, vurderer trenaren for det britiske landslaget.

Der dei norske herreutøvarane vart innlosjerte i utøvarlandsbyen tysdag, og først onsdag morgon testa korleis det blir å gå skirenn, har Stadheim og utøvarane hans på tredje dagen vore ute i løypenettet i Zhangjiakou utanfor Beijing by.

– Skapt for Bolsjunov og Niskanen

Stadheim er klar på kven dette passar for:

Stadheim

TRENAR FOR BRITANE: Hans Kristian Stadheim, her under test av OL-løypene i Beijing.

Foto: Privat

– Klæbo er komplett. Er han i form som under Tour de Ski, kan han ta gull i alt. Men forholda her er til fordel for ein del andre utøvarar. Han er god på alt, men eg trur ikkje han får utnytta dei ekstreme eigenskapane han er soleklart best i verda på.

– Forholda her talar til fordel for ein del andre utøvarar. Som kanskje har like bra kapasitet eller betre. Den trå snøen her gjer ikkje løypa noko mindre krevjande. Dette er som skapt for Niskanen og Bolsjunov, seier Stadheim, som hadde sett russaren på trening denne veka.

– Han er i kanonform, slår han fast.

Han forklarer kva han meiner med dei tøffe løypene og forholda:

  • Det som er skilnaden på løypene her og i verdscupen, er at løypene her i Kina er han veldig satte. Det betyr at når du kjem inn i ein motbakke er hellinga den same heile vegen. Det krev at ein «langar meir ut» i lengre periodar. Det gir lite variasjon, lite teknikkskifte. I tillegg er utforkøyringane relativt teknisk enkle.
  • Prestasjonane på 1700 meters høgd og i den tynne lufta i Kina blir noko heilt anna enn i verdscupen. Han bruker Davos i Sveits som døme. Der er det nemleg lange motbakkar, men også lange utforkøyringar der ein kan hente seg inn i igjen. Stadsheim fortel at OL-løypene gjer at utøvarane må gå meir i såkalla terskelfart, det vil seie like under mjølkesyrenivået som gjer at muskulaturen stivnar.
Ohhd3Q762MU

TESTA LØYPENE FOR FØRSTE GANG: Sidan reiser til Beijing vart utsette for langrennslandslaget, testar Klæbo desse løypene fire dagar seinare enn planlagt.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ville spådd medaljerush for Krüger

Stadheim har naturleg nok stor tru på at hans eigen elev, Andrew Musgrave, kan sikre Storbritannia ein smått sensasjonell OL-medalje på distanse i Beijing.

Utover det har han allereie trekt fram Niskanen og Bolsjunov, i tillegg trur han Beijing-leikane kan vere Hans Christer Holunds meisterskap. Og ikkje minst koronasmitta, Simen Hegstad Krüger, som altså er i isolasjon.

– Elles veit eg ikkje for mange detaljar om dei andre norske. Sjur Røthe har kapasitet. Og denne løypa passar som hand i hanske for Simen Hegstad Krüger.

– Viss Simen hadde stilt til start, hadde eg vore villig til å satse pengar på at han hadde teke medalje på alle tre distansane, seier Stadheim, som for ordens skuld har vore trenar og ein nær støttespelar av Krüger i mange år tidlegare.

Se serien om det britiske langrennslandslagets OL-drøm her: The Olympic Draum – Sesong 1 – NRK TV

– Det handlar om form

Dei norske langrennsherrane var på plass i løypene i Zhangjiakou onsdag morgon lokal tid.

Det er berre fire dagar til OLs første øving, nemleg 30 kilometer med skibyte.

Nossum

NÆRMAR SEG OL-START: For Johannes Høsflot Klæbo og trenar Eirik Myhr Nossum, her på trening onsdag morgon.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

I solskinet, men i litt sur vind, fekk dei ein nøye titt på omgjevnadane dei skal prestere i under leikane.

Utøvarane er ikkje tilgjengelege for media før pressekonferansen på torsdag, men allroundtrenar Eirik Myhr Nossum var på plass i pressesona.

På spørsmål om kva han tenkjer om Stadheims dom over løypene og kven dei passar for, erkjenner Nossum at kollegaen har sett nærare på dei enn han.

– Eg har vel frå før av sett at desse løypene passar for Simen. Det er ikkje nokon tvil om at dette er ei kapasitetsløype. Men eg trur Klæbo viste i Val di Fiemme i Tour de Ski, som også er ei kapasitetsløype, at han er ein slik type løpar, han òg.

– Det handlar om form. Det trur eg alle er i, seier Nossum.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal