– Eg gler meg veldig til dette. Både eg og Hasse er ekstremt glade i å synse i idrett. Vi er vande med å kommentere i eiga stove. Eg kan love særs ærleg kommentering. Vi seier akkurat det vi tenkjer der og då, seier Solbakken.
Under 30 kilometer fellesstart med skibyte kan du sjå og stille spørsmål til Solbakken og Hope i nett-tv direkte frå klokka 14.15. Du kan også komme med kommentarar og spørsmål på Twitter og Instagram ved å bruke hashtagen #nrkaltvm.
Duoen skal også kommentere hopp liten bakke for menn klokka 17.00. Også her kan du sjå og stille spørsmål til Solbakken og Hope.
Konkurransane vert óg sende på NRK1 og i nett-tv. Denne sendinga kan du følgje direkte her.
Hyll eller klikk
– Her skal alle kjensler ut, anten det vert å hylle Petter Northug, eller å klikke på han, seier Solbakken.
TV-profilen hevdar at han har gått på ski sidan han var eitt år, men Hope har langt mindre erfaring frå skiløypene, ifølgje Solbakken.
Han lovar å vere innom det meste i undervegs i konkurransane. Alt frå teknikkanalyse til rare kostymer på tribunene. Kommentatorparet vil mellom anna vere utstyrt med tavle og kritt for å forklare langrennsteknikk.
– Vi kjem ikkje til å halde oss unna noko som helst, seier han.
– Vi har veldig tru på gull. Eg har ein veldig gullfølelse. Men eg trur det er Northug vi må satse på, seier han.
Northug i programleiarflørt
– Eg såg i VM-studio torsdag at han flørta med programleiaren. Det er eit veldig godt teikn. Northug er der han skal vere, meiner Solbakken.
Episoden han viser til fann stad i VM-studio etter at han tok sølv på sprinten. Programleiar Ida Nysæter Rasch kasta eit eple mot Northug, for å sjå om han var på hugget. Trønderen svara med å kaste druer tilbake på programleiaren.
Men trass i at Solbakken held Northug som favoritt er det alltid skumle utlendingar, som vil blande seg inn i medaljekampen.
– Det verste som kan skje er vel at ein svenske går fram og tek gull. Då blir det sinne. Det må ikkje skje, seier han.
«Får jeg kysse deg, Jon?»
Du hugsar kanskje ski-VM i Thunder Bay i 1995, då Arne Scheie ropte «Får jeg kysse deg, Jon?» i vill jubelrus etter gullet til Tommy Ingebrigtsen.
Skulle det blir norsk gull i hoppbakken i Val di Fiemme kan vi vente oss minst like ville scener i studio.
– Det er berre ein liten forsmak på kva som ventar, ler han.
Duoen har også tru på medalje i hopp liten bakke for menn, som dei altså kommenterer frå klokka 17.00.
– Medaljesjansane er absolutt tilstades. Eg trur på medalje. Eller det blir medalje, seier Solbakken.
– Hopp på linje med bobkøyring
– Å kommentere liten bakke er muligens det vanskelegaste ein gjer i sportsverda, på lik linje med bobkøyring og landsskyttarstemnet, seier han.
– Det går så himla fort frå hoppkanten til landing. Det kjem til å bli krevjande å få sagt mykje fjas på så kort tid, forklarer Solbakken.
– Korleis vil du beskrive eit perfekt skihopp?
– Stilkarakterane 20, 20 og 20 er vel perfekt. Men det er som på ungdomsskulen, det er ikkje nødvendigvis dei med dei beste karakterane som kjem lengst her i livet, seier han.
Northug vil kommentere
På 30 kilometeren vert altså Petter Northug drege fram som den heitaste favoritten av den ferske kommentatoren.
Hovudpersonen sjølv har lagt merke til kjendiskommenteringa på NRK.no, og fekk sjå innspurten på sprinten med P3morgen i kommentatorsofaen i VM-studio torsdag.
– Eg tykte det var veldig underhaldande. Imponerande, seier Northug.
– Eg håpar å få sjansen ein dag sjølv. Kanskje seinare i meisterskapen er eg saman med ein eller annan klovn og kommenterer, seier gullfavoritten.