Hopp til innhold

Sogndal unngjekk ny cupfadese

(SOGNDAL - ULL./KISA 4-3): Sogndal fekk smake eigen medisin mot 1. divisjonslaget Ull./Kisa, men takka være driblefanten Malick Mane kan dei likevel juble over cupavansement.

Malick Mane

DAGENS HELT: Med to målgjevande pasningar og to scoringar sendte Malick Mane Sogndal vidare i NM-cupen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal som har imponert i eliteserien fekk verst tenkelege start på tredje runde av cupen.

For kampen var berre 11 minuttar gamal då tidlegare Tromsø-spelar Morten Giæver skrudde eit lekkert frispark rundt muren og i nettmaskene.

Nytt Mane-mål

Morten Giæver

JUBLA: Morten Giæver vart tomålsscorar for Ull./Kisa.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Ull./Kisa som har slite tungt i årets 1. divisjon pressa høgt dei første 45 minutta og gav Sogndal god kamp om å vere blant dei 16 laga som spelar i 4. runde.

Driblefanten Malick Mane skull derimot vise seg å bli tunga på vektskåla for vertane. Etter 25 minuttar sytte han for balanse i rekneskapen då han losna skot. Ballen gjekk via ein Ull./Kisa-spelar og i mål til stor jubel for heimepublikumet.

Pangstart

Fleire mål vart det ikkje i ein jamspelt førsteomgang, men Ulrik Flo gav publikum ein liten peikepinn på kva som venta etter kvilen. Berre få sekund ut i andre omgang var stryningen sist på ballen etter eit innlegg frå Mane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo tiljubla etter scoring mot Ull./Kisa.

JUBEL: Ulrik Flo gav Sogndal ein pangopning etter kvilen då han sette inn 2-1-målet.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Gjestene brukte over 20 minuttar på å riste av seg sjokket. Men då Ull./Kisa-spelarane først gjorde det, gjorde dei det skikkeleg. Og då eksploderte også kampen.

Med 23 minuttar att på klokka utlikna først Giæver til 2-2 med si andre scoring for dagen. Då hadde Ull./Kisa produsert fleire gode sjansar. Men håpet varte kortvarig. I eitt minutt.

Mane igjen

For sjølv om gjestene heldt fram presset, var det leigesoldat Magnus Stamnestrø som sytte for nye jubelscener for heimelaget med sitt andre mål for sesongen. Sjølvsagt etter målgjevande frå Mane.

Fem minuttar etter var rollene bytta om då Mane spolerte Ull./Kisa sine håp om å detonere ei cupbombe på Fosshaugane. Også 4-2-målet gjekk via ein motspelar.

Heilt på tampen fekk publikum sjå kampens sjuande, og omgangens femte, scoring ved gjestenes Steevan Dos Santos.

Fleire «bomber»

Sogndal, som i fjor gjekk ut av cupen mot 3. divisjonslaget Florø, heldt 4-3 inn til slutt. Og unngjekk med det å bli mellom fleire eliteserielag som måtte takke for seg i 3. runde av cupen.

For i Stavanger var Oddbjørn Skartun sterkt delaktig med to mål, då Bryne senka Viking 4-2. Heller ikkje Hønefoss eller Brann kom seg vidare etter 2-1-tap for høvesvis Alta og Mjøndalen.

Også Aalesund måtte takke for seg etter cupmøtet med Ranheim.


Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal