– Dette er eit teikn på at han har blitt ein meir komplett spelar, seier NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.
Så langt denne sesongen har nordmannen notert seg 45 mål i alle turneringar.
40 av desse 45 måla har vore på éi berøring frå superstjerna, der seks er frå straffemerket.
Sett bort frå straffemåla, står Haaland derfor med 34 av 39 skåringar på éi berøring der han har heada, «saksesparka» eller breisida ballen forbi utspelte målvakter.
Det utgjer heile 87,2 prosent av måla.
Her kan du sjå kor Haaland har skåra frå på banen denne sesongen (straffer ikkje inkludert).



Til samanlikning var 64 prosent (48 av 75) av Haaland sine spelemål i Borussia Dortmund på éi berøring og 28 prosent inne i femmeteren (21 av 75).
– Eg synast først og fremst dette er eit ekstremt høgt tal. Spesielt at snittet er så høgt på så mange skåringar, seier Torp.
I tillegg har heile 18 av dei 39 skåringane, 46,2 prosent, komme inne i femmeteren.
Tala hans skil seg ut frå dei fleste andre toppspissar i Europa. NRK har sett på måla til toppskårarane i topp fem-ligaene og eit knippe andre storskårarar.
– Større repertoar
Det som utmerker seg denne sesongen samanlikna med tidlegare er kor allsidig han har blitt framfor mål. Før skåra Haaland mest med venstrefoten.
Framleis er majoriteten av måla gjort med venstrefoten, men han har no skåra like mange mål med høgrefoten og hovudet denne sesongen som han gjorde i løpet av to og ein halv sesong i Borussia Dortmund.
– Han har eit større repertoar, og han er meir komfortabel til å komme til sjansar med hovudet eller høgrefoten, seier Torp.
Han trur òg at det er andre faktorar som gjer at måla til Haaland har blitt meir varierte denne sesongen.
– Han skårar jo litt fleire mål i Manchester City enn i Dortmund, det aukar jo òg talet på skåringar med hovudet og andre kroppsdelar.
– Ein annan ting er at dei sjansane han bomma på tidlegare, set han no. Det kan òg ha ein påverknad, seier Torp.
Innleggsspiss
Målkongen i norsk eliteserie, Sigurd Rushfeldt, har lagt merke til ei endring i fotballen dei siste åra. Spissane har ikkje så god tid framfor mål.
– Utviklinga har gått den vegen. No er det meir innleggssituasjonar og det gir spissane mindre tid. Dei beste spissane i verda skårar på éi berøring, seier Rushfeldt.
Han seier at Haaland har blitt ein «innleggsspiss».
– Haaland skårar jo mange innleggsmål no. Han har blitt ein innleggsspiss. Før kom sjansane etter gjennombrotspasningar. Det er den største endringa, poengterer han.
MÅLKONGE: Sigurd Rushfeldt trur Haaland har øvd på å vere meir allsidig i boksen.
Foto: Gunnar GrindsteinRune Lange, som i si tid fekk éin landskamp for Noreg, meiner at Haaland får det til å sjå enkelt ut å angripe på rett tidspunkt.
– Han er veldig flink til å setje fart i akkurat rett tid. Det er ein eigenskap som du må trene mykje på og det ser du at han har gjort igjennom åra. Det blir automatikk i det han gjer, og det er veldig gøy å sjå på, seier den tidlegare spissen.
– Meir komplett
Lange meiner òg at Haaland er spesialist på å vere ein trussel i tronge rom.
– Spesielt viss du er det dominerande laget, så ligg jo motstandarlaget veldig mykje i forsvar. Då er det lite rom, og du må vere veldig mykje i rørsle sånn at det ikkje blir for lett for forsvararane og ta deg ut, seier han.
SPISSKOMPETANSE: Rune Lange meiner spissen har spesialisert seg på tronge rom framfor mål.
Rushfeldt fortel at eit av ankepunkta til jærbuen var at han var for einsidig tidleg i karrieren. Det trur Rushfeldt at han bevisst har jobba med i ettertid:
– Det er ein stor fordel å vere god med høgre-, venstrefoten og hovudet. I ein toppklubb som City, må han ta ballen der han er og der han kjem. Og det trur eg, utan å vite sikkert, at han har øvd på dette i City.
– Han er meir komplett no, og det kjem med alder og erfaring. Han er ein meir komplett avsluttar enn før, avsluttar Rushfeldt.
– Haaland har teke fotballen til eit anna nivå som vi ikkje har sett før, det han har vist og viser på banen veke inn og veke ut. Det er nesten vanskeleg å forklare, meiner Lange.