NRK Meny
Normal

Russland strippa for all makt i skiskyting: – Dei er vingeklippa

Dei fire neste åra blir Russland nekta plass i sentrale maktposisjonar i Det internasjonale skiskyttarforbundet. I tillegg får dei ikkje lov til å arrangere internasjonale konkurransar.

Skiskyting

RUSSLANDS FALL HELD FRAM: Dei to neste åra får dei ikkje lov til å arrangere konkurransar. I tillegg blir dei nekta stemmerett og styreverv i Det internasjonale skiskyttarforbundet.

Foto: Sergei Grits / AP

– Dei er svært vingeklippa. Det manglar bare at utøvarane ikkje får lov til å konkurrere. I alt det andre er dei sett fullstendig på sidelinja, seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde.

Som VG omtala tirsdag inngår ikkje Russland i konkurranseprogrammet i skiskyting dei to neste åra.

No opplyser Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) til NRK at Russland også blir nekta stemmerett og plass i alle sentrale maktposisjonar i IBU.

– Dei kan ikkje ha medlemmar i styret eller teknisk komité dei fire neste åra. Dei har ikkje rett til å stemme ved neste kongress eller nominere nye medlemmar fordi dei ikkje er eit fullverdig medlem av IBU, seier Christian Winkler, som er presseansvarleg i IBU.

SVEKKA: Ola Lunde meiner situasjonen i skiskyttarnasjonaen Russland er kritisk.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Mistar kontakt med sporten

Dette kjem som følger av den store, russiske dopingskandalen, som ifølge McLaren-rapporten involverer eit statsstyrt dopingprogram i åra før Sotsji-OL.

Skiskyting er ein av russlands mest populære idrettar. Utan makt til å påverke går nasjonen tunge år i møte, meiner Lunde.

– Det gjør at Russland blir svekka som ein av dei store skiskyttarnasjonane. Det er alltid svært viktig for dei store nasjonane å vere i styret og i teknisk komité. Dette er kritisk for den russiske skiskyttarorganisasjonen, seier Lunde.

– Korfor er det viktig å vere med i styret og teknisk komité?

– Dei får ikkje sjansen til å påverke slik at dei får verdscup og VM. Dei får heller ikkje påverke utviklinga og regelendringane i sporten, seier Lunde.

– Dei mistar litt av kontakten med sporten ved å ikkje sitte i styret, seier Erlend Slokvik, president i Norges skiskyttarforbund.

Erlend Slokvik

KAN AVGJØRE RUSSLANDS VIDARE SKJEBNE: President i Norges skiskyttarforbund Erlend Slokvik.

Foto: NTB scanpix

Russlands skjebne i andre nasjonar sine hender

Ved neste kongress i Kroatia i september blir det også opp til Norge og dei andre medlemslanda om Russland får tilbake sin status som fullverdig medlem.

Norge har enno ikkje bestemt seg for om dei vil støtte Russland, men har konkludert med at eitt krav må vere innfridd om dei skal vere med på å gjere russarane til fullverdige medlemmer igjen.

– Dei må få WADA-godkjenning, som først og fremst går på at Russlands antidopinglaboratorium blir godkjent av Verdas antidopingorganisasjon. Det er faktoren vi meiner bør vere oppfylt, seier Erlend Slokvik, president i Norges Skiskyttarforbund.

Russland arrangerte verdscup til store protestar i vinter. Fleire nasjonar boikotta konkurransane i Tjumen.

Siste nytt

  • Håndball: Lindboe til ØIF Arendal

    André Lindboe forlater Elverum nesten ti år. Nå venter spill i ØIF Arendal. Det bekreftet ØIF Arendal søndag. Lindboe har skrevet toårig avtale ØIF Arendal, men Lindboe kan terminere kontrakten etter ett år dersom en utenlandsk klubb kommer på banen.

    Håndball herrer: Champions League Elverum - Kadetten Schaffhausen (26-22)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Djokovic og Federer møtes i finalen

    Novak Djokovic kan bli den første som vinner alle ATP Masters 1000-turneringene når han møter Roger Federer til finalen i Cincinnati. De to har ikke har møtt hverandre siden januar 2016. Finalen spilles søndag kveld klokken 22.00.

    Cincinnati Tennis
    Foto: John Minchillo / AP
  • Mareritt for Skjelvik og Kamara

    Zlatan Ibrahimovic ville ikke spille på kunstgresset i Seattle. Uten ham tapte Los Angeles Galaxy 0-5 for Sounders i lørdagens MLS-kamp. Jørgen Skjelvik og Ola Kamara spilte begge fra start.

    Minnesota United Galaxy Soccer
    Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NM-veka: Baseball, finale
NM-veka
NM-veka: Baseball
NM-veka: Baseball
NM-veka: Friidrett
NM-veka: NM i friidrett
NM-veka: Friidrett og cricket
NM-veka: Cricket, finale
NM-veka: Cricket
NM-veka: Cricket
NM-veka: Kajakkpolo