Hopp til innhold

- Eg er outsidar og skal hoppe i VM

Etter ein skuffande hoppsesong kom Bjørn Einar Romøren med i troppen til ski-vm som femte mann. Men i kvart renn er det plass til berre fire nordmenn. Romøren nektar likevel å sjå på seg sjølv som reserve.

Video - Jeg er ikke en reserve, men en outsider

- Eg er ingen reserve. Eg er outsider til heile konkurransen, seier Bjørn Einar Romøren.

Trass i at det har vore ein vanskeleg sesong for Bjørn Einar Romøren, er han sikker på at han har det som skal til for å gjere suksess under VM. Han har stor tru på seg sjølv, og seier han gjer ting på trening som bør kvalifisere til ein plass blant dei fire som skal forsvare Noregs ære i hoppbakken.

- Nå må eg gjere jobben på trening for å vise at eg kan hevde meg i renn. På fredag viste eg ting som skulle vere meir enn godt nok til å bli teken ut på laget. Men det er vel fire andre også som har tenkt å gjere det godt, seier Bjørn Einar Romøren til NRK.

– Er outsidar og ikkje reserve

Bjørn Einar Romøren seier han ikkje reiser til VM som reserve. Han er i angrepsposisjon, seier han. Og denne posisjonen skal han bruke, ikkje berre til å kome med på laget, men også til å hevde seg heilt i toppen under renna under VM.

– Eg ser ikkje på meg sjølv som ein reserve. Eg ser på meg som ein outsidar. Eg har ikkje falle i den grøfta det ville vere å tru at eg sjølv er dårleg. Fire fekk klarsignal før rennet i Vikersund. Eg har stor tru på at potensialet mitt er høgt. Med den hoppinga eg klarer å få til, bør eg vere med i renn.

– Gler meg til presset kjem

Bjørn Einar Romøren har ikkje mista trua på seg sjølv, sjølv om han har levert dårlege hopp på rekke og rad.

– Eg er outsidar i heile samanhengen. Eg har framleis trua på at eg er ein god skihoppar, som ikkje har klart å få det ut til no i sesongen. Eg har lave skuldrar. Eg veit at presset kjem. Og eg gledar meg til presset kjem. Eg gler meg til kjensla av å ha heimepublikum med meg, og å få vere med på noko stort, seier Romøren.

– VM-forma er på veg

Den siste tida har Bjørn Einar Romøren hatt ei positiv utvikling. Men den positive utviklinga har kome fram først og fremst på treningane. Han er sikker på at det løsnar når laget kjem opp i Holmenkollen.

– Forma er stigande. Eg er veldig fornøgd med samlinga vi hadde i forrige veke. Eg reiser til Holmenkollen med ei veldig positiv haldning til det som skal skje.

– Vil kose meg og kline til

Romøren held fast på den positive tankegangen. Han kunne nok ha late negative haldningar få rom og plass. Mend et ville verken tene han sjølv eller nokon andre når alvoret slår inn under VM.

– Eg kunne sikkert ha frykta at det skulle bli vanskeleg under VM. Men eg vel å sjå på det slik eg har sett heile sesongen. Topphoppa har vore inne, men dei har kome alt for sjeldan. Eg vonar eg klarer å setje på autopiloten er VM er der. Då vil eg gjerne kose meg, kline til og oppleve folkefesten, seier han.

– Men tenkjer du ikkje på at det verkeleg kan bli vanskeleg under VM?

– Eg ofrar ikkje så mykje tankar på at VM også skal gå dårleg. I hopp kan alt skje veldig fort. Eg har ikkje vore så stabil i år. Men klarer eg å gjere noko av det eg gjer på trening, er eg plutseleg med og lagar moro for dei som er i bakken, seier Bjørn Einar Romøren.

Siste nytt

  • Ruud fikk revansj mot Shapovalov – klar for finalen i Stockholm

    Casper Ruud er klar for finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt. Han slo kanadiske Denis Shapovalov i strake sett (6-3, 6-4).

    Dermed fikk Ruud revansj fra finaletapet i Dallas tilbake i februar, der det var Shapovalov som stakk av med tittelen etter å ha slått nordmannen i strake sett.

    I finalen møter Ruud franske Ugo Humbert. Han gikk videre fra semifinalen mot Holger Rune etter at dansken røk en akillessenen underveis i kampen.

    Finalen spilles søndag.

    en person som slår en ball med en tennisracket
    Foto: MAGNUS LEJHALL / AFP / NTB
  • Uheldig Diggins pådro seg brudd: – Jeg sparket borti sofaen

    Den amerikanske langrennsstjernen har pådratt seg et brudd i lilletåa. Nyheten deler hun selv på Instagram.

    – Jeg sparket borti et sofahjørne og så brakk den, forteller Diggins.

    34-åringen virker å vært ved godt mot tross skaden, og hun virker ikke nevneverdig bekymret med tanke på den kommende sesongen.

    – Jeg har aldri brukket en tå før, men det er ikke en svær greie. Det er bare en hump i veien og en interessant historie på veien til OL, fortsatte Diggins.

    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Ny Rosenborg-nedtur – mistet seieren på overtid

    Rosenborg har slitt den siste tiden, men borte mot Bryne så de lenge ut til å få med seg en svært etterlengtet opptur.

    Slovakiske David Duris sendte bortelaget i ledelsen etter halvtimen spilt, men etter hvilen var landsmann Tomas Nemcik uheldig da han satte ballen i eget mål.

    Fem minutter før slutt dukket Rosenborgs høyrekant opp igjen. Duris hamret inn ledermålet, men gleden ble kortvarig.

    På overtid smalt det i andre enden. Duarte Moreira sørget for at det endte 2-2 på Jæren.

    Rosenborg har nå gått fire eliteseriekamper på rad uten å vinne. Den forrige seieren i serien kom mot Haugesund tilbake i september.

    Det har gjort at Rosenborg har havnet i ingenmannsland på tabellen. De ligger på en 5.-plass, men har nå sju poeng opp til Tromsø på plassen over.

    For Bryne kan poenget vise seg å bli gull verdt. De er fortsatt i nedrykksstriden.

    Etter 25 kamper ligger Bryne på 14.-plass, fire poeng foran Strømsgodset som ligger på direkte nedrykk.

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal