Hopp til innhold

Wierer om jagande Røiseland: – Eg var redd

ANTERSELVA (NRK): Dorothea Wierer var redd då ho skjønte at Marte Olsbu Røiseland jakta på ho på sisterunden i VM-fellesstarten. Med sin sjuande medalje på sju distansar vart Røiseland historisk.

Marte Olsbu Røiseland gjekk ut 14 sekund bak Dorothea Wierer ut frå siste skyting. Sjå Røiseland hente inn Wierer.

Laster innhold, vennligst vent..

Marte Olsbu Røiseland fekk ned alle fem blinkane på siste skyting, og gjekk ut som nummer to - 14 sekund bak Dorothea Wierer. Sekund for sekund henta ho inn italienaren, og på oppløpssida var Røiseland forbi og åleine.

– Då ho såg meg kjempa ho sikkert ekstra. Eg såg jo ikkje ho, men eg var redd. Då ho passerte meg var det «game over». Eg var frykteleg sliten, seier Dorothea Wierer om den spennande sisterunden.

– Det berre klikka i hovudet mitt

Røiseland skjønte at det var mange som bomma i teten, og at eit fullt hus kunne bety ny medalje.

– Plutseleg var gullet innan rekkevidd, og då berre klikka det oppi hovudet mitt, seier ein godt nøgd gullvinnar i målområdet.

Ting gjekk ikkje heilt som planlagd på siste skyting, for i magasinet var det berre fire skot etter ei lading som berre resulterte i eit klikk - og ikkje eit skot.

– Eg måtte bruke eit ekstraskot på siste skyting. Eg tenkte berre at eg ikkje måtte stresse og gjere det eg skal. Eg brukte sikkert ti sekund ekstra, men det var det verdt, seier Røiseland.

Uti løypa ropte trenarane at Wierer var sliten, og at ho kunne hentast.

– Eg såg ho begynte å vagge litt. Ein får jo motivasjon av det. Då eg fekk ryggen hennar, så tenkte eg at dette skal eg klare. Det var så herleg å krysse målstreken. Det har aldri vore så herleg som det var i dag, seier Røiseland til NRK etter sitt femte VM-gull i Anterselva.

– Det kan ikkje bli betre, så no kan eg legge opp. Hehe. Men eg skal ikkje gjere det, spøkte Røiseland på pressekonferansen etter løpet.

Røiseland tok fem gull og to bronse på sju distansar under årets VM i skiskyting.

6Hrj5dBsilo

Dei gjekk ut frå start saman, og kom mot mål saman. Men det var Marte Olsbu Røiseland som til slutt tok gullet på Dorothea Wierer sin heimebane.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

Skuffa, men stolte lagvenninner

Hanna Öberg tok bronsen, dagen etter at ho missa på siste skyting i stafetten og tapte medaljen for Sverige.

Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold bomma begge på siste skyting, og falt dermed litt nedover listene. Eckhoff vart til slutt nummer sju, medan Tandrevold kom inn som nummer 16.

– Eg er ganske misnøgd eigentleg. Eg er god nok til å vere med i toppen, men eg får ikkje ut potensialet. Marte viser kva som skal til, og tek det på sisterunden. Eg er veldig, veldig imponert, seier Eckhoff som kom til VM som storfavoritt, men som ikkje har tatt individuelle medaljar.

– Eg får glede meg over Marte, seier Fossum-løparen.

Også den andre Fossum-løparen som stilte til start var skuffa etter løpet.

– Det gjekk ikkje heilt som eg hadde drøymt om individuelt. Men eg må la dette VM få søkke inn. Det er mykje eg kan vere nøgd med. Eg har vore litt redd for høgda, men eg synest eg har takla det bra. Liggande skyting har vore god, også er det den ståande skytinga som ikkje har vore som eg vil, seier Ingrid Landmark Tandrevold.

Når ho blir spurt om Røiseland sin prestasjon innser Tandrevold at ho nesten burde ha førebudd seg før ho stilte til intervju.

– Eg er litt tom for superlativar. Eg trur nesten det er umogleg, om ein ikkje er utøver sjølv, å sette seg inn i korleis prestasjonen er. Det er jo historisk, og det synest eg seier ganske mykje, seier Tandrevold.

UhxqJESO9Fs

Storebror Nils Bjørn Olsbu får smake på medaljen til veslesøster Marte. Froland har vist godt igjen på tribunen i Anterselva.

Foto: Berit Roald

– I alle fall best i Froland

På tribunen stod Team Olsbu, og deriblant ei stolt mor.

– Det går ikkje an å sette ord på. Eg er berre kjempestolt, seier mor Helga Olsbu.

– Dette må vere det største i skiskyting noko sinne?

– Ja, i alle fall i Froland, svarer Olsbu, som nok også kan slå fast at dottera ikkje berre er best i klubben, men i heile verda.

Også kvinnetrenaren var stolt av det eleven leverte.

– Då dei andre bomma litt på siste skyting, så fullførte Marte og skaut fullt. Når Marte luktar blod, så er ho farleg på siste runde, seier trenar Patrick Oberegger, som tidlegare var Dorothea Wierer sin trenar.

Siste nytt

  • Norsk profil straffet Brann – røk ut av Europacupen

    Brann hadde et tøft utgangspunkt før returmøtet mot svenske Hammarby i andre og siste kvalifiseringsrunde i Europacupen.

    I Sverige tapte de 1-4, og bergenserne var dermed nødt til å vinne med minst tre for å ha håp om avansement.

    Det viste seg å bli for tøft. Det endte 1-1 i Bergen, og Hammarby tok seg videre med 5-2 sammenlagt.

    – Jeg synes det er et ærlig forsøk, og det er ikke her vi går glipp av avansementet. Det gjør vi med et dårlig resultat i Sverige, sa Brann-trener Leif Gunnar Smerud til VG etter kampslutt.

    Men det startet bra for rødtrøyene. Brenna Lovera tente for alvor håpet da hun sendte Brann i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Det viste seg derimot å være det nærmeste hjemmelaget kom et avansement.

    Midtveis i den andre omgangen scoret norske Julie Blakstad for Hammarby, og svenskene hadde igjen en tremålsledelse sammenlagt.

    Brann fortsatte å trykke på til tross for kalddusjen, men de var aldri i nærheten av å hente forspranget.

    Hammarby er nå klare for åttedelsfinalen, og for Branns del er årets Europa-eventyr over.

    I hjemlig serie ser det derimot lovende ut. De har en luke på sju poeng ned til Vålerenga på 2.-plass

    En gruppe kvinner på et fotballstadion
  • Håndballpresidenten forstår reaksjonene – forsvarer pengebruken

    – Jeg har stor forståelse for at ord som VIP og store summer skaper reaksjoner i et hardt pressa klubb-Norge, sier Randi Gustad til NRK.

    Hun er nåværende president i Norges Håndballforbund (NHF).

    NRKs avsløringer av pengebruken til forbundet under Mesterliga-sluttspillet sommeren 2023 får flere til å reagere.

    Den totale prislappen for en delegasjon på 18 personer var på i overkant av 460.000 kroner, rundt 25.000 kroner per hode. VIP-losjen kostet 185.000 kroner alene.

    Samtidig sliter flere klubber med økonomien, blant andre Haslum og Arendal IF. I tillegg har Vipers Kristiansand slått seg konkurs.

    Gustad forsvarer likevel pengebruken.

    – At de beste klubbtrenerne i Norge som sikter ut mot Europa har dette som inspirasjon og faglig arena, sammen med en administrasjon som har tatt på seg tre mesterskap, på det feteste du kan av mesterskap, mener jeg er forsvarlig ressursbruk, sier Gustad til NRK.

    NRK skrev også om forbundets pengebruk under håndballtinget i mai.

    De totale utgiftene for hele håndballtinget passerte 2,3 millioner kroner på tre dager.

    Etterpå varslet håndballpresidenten at hun ville ta en gjennomgang av ressursbruken. Gaustad ble innstilt som ny president i mai i år.

    – Hva har skjedd der siden sist?

    – Der tok vi ved neste styremøte opp en gjennomgang av rutinene, spesielt alkohol, og det er allerede strammet inn. Så vi er jo veldig opptatt av tilliten ut til Håndball-Norge, og ikke minst klubbene, som vi tross alt er til for, sier Gustad til NRK.

    en person med en sigarett i munnen
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Ronaldo banker Haaland på fersk rikingliste i fotballen

    Erling Braut Haaland skal tjene i overkant av 800 millioner kroner i fotballsesongen 2025/26, men drar fortsatt inn over tre ganger mindre enn Cristiano Ronaldo, ifølge Forbes.

    Det amerikanske finansmagasinet publiserte torsdag sin årlige oversikt over fotballens mest innbringende spillere.

    Oversikten:

    * 1) Cristiano Ronaldo (Al-Nassr): 2,818 milliarder kroner.

    * 2) Lionel Messi (Inter Miami): 1,3 milliarder kroner.

    *3) Karim Benzema (Al-Ittihad): 1 milliard kroner.

    * 4) Kylian Mbappé (Real Madrid): 956 millioner kroner.

    * 5) Erling Braut Haaland (Manchester City): 805 millioner kroner.

    * 6) Vinicius Junior (Real Madrid): 603 millioner kroner.

    * 7) Mohamed Salah (Liverpool): 553 millioner kroner.

    * 8) Sadio Mane (Al-Nassr): 543 millioner kroner.

    * 9) Jude Bellingham (Real Madrid): 442 millioner kroner.

    * 10) Lamine Yamal (Barcelona): 432 millioner kroner. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal