– Sånn som dei dømmer no så synest eg det blir unødvendig, seier Årdalsbakke til NRK.
Ho har heile 16 NM-gull og har drive med vektløfting i ei årrekkje, men i EM i år var det ei hending som fekk henne til å reagere.
På eit av løfta sine fekk ho først godkjent av dommarane – før avgjerda like etterpå vart underkjend av juryen.
Feilen er vanskeleg å sjå, og ho var heller ikkje den einaste som opplevde å bli dømd på dette.
LAG: Her er Årdalsbakke saman med fleire frå støtteapparatet til landslaget.
Foto: Privat– Meir og meir ekstremt
Det ho vart dømd på var brot på den såkalla «press out» eller utpress-regelen. Ein regel det har vore både diskusjon og misnøye om i vektløftarmiljøet.
– Du skal ha stanga rett på strake armar. Du kan ikkje få ein bøyg og så ein utstrekk etter du har fanga stonga. Det skal skje i éi rørsle, forklarer Årdalsbakke.
- Og slik så Årdalsbakke sitt løft ut:
Video: Hookgrip.
Like etter Årdalsbakke sitt løft, kan ein sjå tre kvite «lys», altså vart løfta først godkjent. Like etter kjem ei stemme på høgtalaranlegget som seier at juryen skal vurdere løftet. Så går det få sekund før stemma igjen seier at løftet er endra frå godkjent til ikkje godkjent, på grunn av utpress.
– Det kjennest litt ut som det blir meir og meir ekstremt nesten. I ein sånn setting som det der, i alle fall når dommaren gir tre kvite, så kjennest det nesten som juryen berre må vise at dei er der. Vise at dei har makt og kan gjere noko, seier ho.
Om dommarane seier ho følgjande:
– Dei har ikkje noko autoritet. Det kjennest som dommarane ikkje har noko å seie. Når alle er samde og så kjem juryen og berre «nei», fortel ho.
– Ser video viss dei er i tvil
Norske Tryggve Duun er medlem av Det Europeiske Vektløftarforbundet (EWF) sitt tekniske komité og er jurypresident i éin av to juryar under EM. Han seier juryen ikkje ser på video uansett, berre dersom det er uvisse.
KONGE OG PRESIDENT: Her er Duun avbilda med Kong Harald tilbake i Beijing-OL 2008.
Foto: Heiko Junge / NTB– Dei ser på video viss dei er i tvil, eller også veldig ofte viss dommarane har dømt likt slik som i Marits tilfelle, eller dersom trenaren bruker det vi kallar «challenge card», forklarer han.
Årdalsbakke meiner det kjennast som at dommarane har eit ekstra blikk på dei som har ei historie med «svake olbogar». Altså at ein har lettare for å skjelve der.
– Ein føler at ein blir bortdømd oftare enn andre som ikkje har den historikken. Det kjennest jo urettferdig, men når det skjer så blir eg ikkje overraska. Det er nesten så det har vorte ein vane, seier ho.
30-åringen fortel at ho har opplevd dette fleire gonger i løpet av karrieren.
– Øydelegg sporten
Også ein britisk vektløftar opplevde noko liknande i EM. Tidlegare sølvvinnar i både VM og EM, Sarah Davies, fekk til liks med Årdalsbakke eit løft underkjent på grunn av «press out»-regelen.
Der fekk ein også sjå TV-bilete av skjermane til juryen, der dei hadde ein raud ring rundt skuldra hennar samtidig som det stod «press out» på skjermen.
– Det er ingen reglar om skuldrer. Berre olbogar. Kvifor set de ring rundt skuldra mi, jury?, skriv Davies sjølv på Instagram.
Briten repostar fleire støtteerklæringar på Instagram-storyen sin.
– Dømminga øydelegg sporten. Rettferd for Sarah, skriv éin.
– Dømminga i EM er ein vits, skriv ein annan.
Davies tok til slutt tok bronse i 71-kilosklassen.
Omdiskutert
Duun kan ikkje kommentere dømminga på løftet til Årdalsbakke ettersom han ikkje var jurypresident i gruppa som dømde henne og ikkje kjenner detaljane, men seier at regelen har vore mykje diskutert.
– Det er ein pågåande diskusjon om regelverket bør vere slik. Eg veit at mange løftarar ønskjer dette endra. Samtidig er det mange som ønskjer å behalde det slik, skriv Duun i ein e-post til NRK.
– Mange ønskjer endring og mange vil ha det slik det er. Svaret mitt her er at eg ikkje ønskjer å gi mitt syn på dette så lenge eit EM går føre seg, og at spørsmålet kjem som følgje av ei avgjerd i eit bestemt løft under EM. Som jurypresident må alle kunne forvente at eg følgjer reglane hundre prosent.
Årdalsbakke er éin av dei som ønskjer endring. Også på korleis dommarvurderinga fungerer.
– Eg synest det burde vore ein regel om at når dommarane har gjort ei einstemmig avgjerd, så burde ikkje juryen ha lov til å gå inn og endre. Anten det er raudt eller kvitt, seier ho.
NRK har prøvd å komme i kontakt med jurypresidenten som dømde Årdalsbakke, men har fått beskjed om at vedkommande ikkje ønskjer å gi ytterlegare kommentar utover Duun sitt utsegn.