Hopp til innhold

Overvelda av responsen etter at han stod fram som homofil: – Telefonen har kokt

DRAMMEN (NRK): Handballspelar Ola Hoftun Lillelien har fått mykje merksemd etter å ha komme ut som homofil i eit Instagram-innlegg. Han seier innlegget har vore viktig for han, trass i hektisk periode.

Ola Hoftun Lillelien smiler

STOR RESPONS: Ola Hoftun Lillelien fortel at responsen etter Instagram-innlegget har vore enorm, og for det meste positiv.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Det har vore utelukkande positivt. Eg har ikkje fått ein einaste negativ kommentar. Det har vore alt frå foreldre til andre idrettsutøvarar som synest dette er kult, fortel Lillelien til NRK.

Før helga publiserte Lillelien, som er handballspelar i Drammen HK, eit Instagram-innlegg der han fortalde at han «mest sannsynleg ikkje endar opp med ei søt jente, men ein kjekk gut».

I det mannlege toppidrettsmiljøet er det svært få som har stått fram som homofil. Innlegget har fått mykje merksemd og over 8000 likarklikk.

Telefonen har kokt dei siste dagane. Men det har vore viktig for meg å få det ut no, sjølv om det er ein travel periode. Det er noko med å gå rundt med den kjensla, når du er veldig klar for å seie noko, fortel handballspelaren.

Ola Hoftun Lillelien

INSTAGRAM-INNLEGGET: Her fortel Lillelien at han er homofil. Han er éin av få på herresida i toppidretten som har gjort dette.

Foto: Skjermdump / Instagram

Kong Harald-tale inspirerte

Han fortel at ein tale frå Kong Harald var til stor inspirasjon for han, og han meiner at Kongen samlar folket.

«Noreg er gutar som er glad i gutar, jenter som er glad i jenter, og jenter og gutar som er glad i kvarandre.»

– Eg kjende at etter den talen vart det meir openheit og meir fokus på det. Kongen er ein eldre mann frå ein annan generasjon. Det er gjerne den generasjonen som kommenterer det verste òg. Då er det veldig fint med slike førebilete, seier Lillelien.

Det var noko med Kongens ord som trefte han.

– Det kan du seie, sjølv om det var mange, mange år sidan og at eg ikkje tenkte i dei banane den gongen. Men eg synest det var fint sagt, seier Drammen-spelaren vidare.

Fekk to negative meldingar

Han seier vidare at meldingane har komme frå fleire kantar. Det har vore frå motstandarar, lagkameratar og foreldre som har barn i same situasjon.

– Alle har vore støttande. Det har vore to negative meldingar. Den eine var at eg ikkje måtte byrje med jente-handball og den andre var at eg ikkje var eit førebilete. Men det lever eg fint med, seier Lillelien.

– Er du overraska over at det kjem negative meldingar?

– Nei, eg er overraska over at det ikkje har komme meir. Eg var ikkje redd for at det skulle vere for mykje, for eg har sagt det til familie og lagkameratar. Dei har berre vore støttande.

Han seier vidare at han sende utkastet til innlegget til lagkameraten sin Viktor Norberg. Han insisterte på at det innlegget bør publiserast. Dermed enda det med at dei to sat i sofaen saman og la ut innlegget.

– Eg skal ikkje ta noka ære for å påverke teksten noko særleg. Det var han som skreiv han, og så las eg igjennom. Den var så bra skrive, så det var ikkje noko å endre på der, fortel Norberg.

Ola Hoftun Lillelien med lagkamerater

blir STØTTA: Lagkameratane Hermann Vildalen og Viktor Norberg rosar openheita til lagkameraten.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

– Responsen har vore hyggjeleg

No vil Lillelien finne kjærleiken, og det er ein av grunnen til at han meiner innlegget var nødvendig.

Eg ønskjer å få meg kjærast. Då er det veldig vanskeleg når dei rundt deg ikkje veit noko. Det var hovudtanken bak det. For at eg skal ha det bra så må eg kunne få meg kjærast utan at det er hemmeleg, seier han.

Ola Hoftun Lillelien ser på respons

POPULÆRT: Lillelien har fått nesten 9000 likes på Instagram-innlegget sitt.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Tanken byrja når han var 19–20 år, men han trong tid for å slå seg til ro med det. Før jul delte han det med familie og venner.

Til lagkameratane i Drammen HK har han seinare opna opp om dating med gutar.

Det har vore på ein naturleg måte. Har dei spurt om kva eg gjer så har eg fortalt at eg har vore på date med ein fyr. Responsen har vore hyggjeleg og eg trong han for å kjenne meg trygg. Det har hjelpt meg til å tore å ta det steget, fortel Lillelien.

FRI ber klubbar og forbund ta ansvar

Leiaren i Foreningen FRI synest det er kjempebra at Lillielien viser openheit i herreidretten, men er opptekne av fokuset bør liggje på dei sportsleg presentasjonane og ikkje på kven ein elskar.

Det er ei glede og takksemd over at Ola går føre og vil vere eit førebilete samtidig skal han få vere handballspelar, seier Inge Alexander Gjestvang, leiar i Foreningen FRI.

Inge Alexander Gjestvang

ROSAR LILLELIEN: Inge Alexander Gjestvang, leiar i Foreningen FRI.

Foto: Foreningen FRI

Gjestvang er tydeleg på at idretten har ei plikt til å skape trygge arenaer, og at ein ikkje kan ta for gitt at alle utøvarar er heterofile.

– Dette handlar om verdiar og det å signalisere at idretten er for alle. Det tenkjer eg er noko forbund og klubbar må ta ansvar for, seier Gjestvang.

Han legg til at det er viktig med førebilete som tek til ordet for ein inkluderande praksis i idretten.

– Alle barn og unge skal kunne sjå nokon som liknar dei sjølv lykkast på ulike arenaer – om det kunst, kultur eller sport. Vi treng dei som går føre og seier eg er handballspelar og skeiv.

Sportsleg fokus

Saman med Drammen HK har Lillelien levert sterke resultat. Kristian Kjellings mannskap er formsterke og står ovanfor eit hektisk kampprogram.

Onsdag møter de Halden, til den 2. kvartfinalen i sluttspelet. Seinare i veka ventar returoppgjeret mot Nærbø i Europa-cupen.

Men Lillelien blir ikkje utslite, sjølv om han får auka merksemd i ein hektisk periode.

– Eg kjenner ikkje det har teke så mykje energi som familie og venner har vore redd for. Det er mykje merksemd, samtidig får eg vere meg sjølv og det er mykje meir openheit om korleis livet mitt er, seier han.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal