Hopp til innhold

OL-vinnar Tormod Knutsen er død

Det var Tormod Knutsen som heldt liv i kombinertsporten då den ikkje lenger var ei heilnorsk paradegrein. Tysdag kveld døde den olympiske meisteren, 89 år gammal.

Tormod Knutsen

SISTE GULL I GULLALDEREN: Tormod Knutsen med gullet i OL i 1964, det siste på 20 år i den gamle norske paradegreina

Foto: Aktuell / NTB

Det bekreftar sonen overfor Eidsvoll og Ullensaker Blad.

Knutsen deltok i tre OL, og med stigande resultat. Frå sjetteplass i 1956, via sølv i 1960 til gull i sin aller siste sesong i 1964.

Men det var som hoppar Eidsvoll-guten starta karrieren. Han blei junior-noregsmeister i hopp i 1951, og tok ikkje til å satse på kombinert før fire år seinare.

– Eg såg ikkje meg sjølv ute i skogen på den tid. Det var i hoppbakken eg kjende meg heime, skreiv han i boka «I hopp og løype».

Men den vidare framgangen kom ikkje. Han greidde aldri å nå heilt til noregstoppen, og mislykkast i å kvalifisere seg til OL i Oslo i 1952. Det var då tanken om å spenne på seg langrennsskia og satse på kombinert, kom snikande.

«Prøvde ut» kombinert – nummer 6 i OL

Kombinertlandslag 1960

STERK LAG: Arne Larsen, Tormod Knutsen, Sverre Stenersen, Bengt Eriksson (Sverige) og Gunder Gundersen var gode kombinertløparar rundt 1960

Foto: NTB

Under militærtenesta kom han i kontakt med Gunder Gundersen og Sverre Stenersen, to av dei beste kombinertløparane på den tid. Dei overtalte han til å prøve seg i løypa også, i tillegg til i hoppbakken.

Knutsen bestemte seg for å satse for fullt på kombinert i sesongen 1955.

– For å teste det. Eg kunne alltid gå tilbake til å bli spesialhoppar, sa han sjølv.

Men det gjekk veldig bra. Han tok NM-bronse allereie i første sesong.

Han fekk plass på OL-laget i Cortina i 1956, og det gav ein fin sjetteplass for 24-åringen. Med startnummer 2 gjekk han først i sporet nesten heile det 15 km lange langrennet, og dermed med alle dei hardaste konkurrentane bak seg.

Han var berre tredje beste nordmann, bak den suverene gullvinnaren Sverre Stenersen og Arne Barhaugen på femteplass. Men bak Stenersen var det jamt, og Knutsen var ikkje langt unna medalje i sin OL-debut.

Det avgjorde saka for Knutsen: Han var kombinertløpar fullt og heilt.

Til topps framfor 100.000 i Holmenkollen

Dei to neste sesongane gjekk ikkje like bra. Resultata kom ikkje, og i VM i Lahti i 1958 var det lite som klaffa. Knutsen enda på niandeplass.

Men etter VM losna det. I det finaste vintervêret og den aller best tenkelege Holmenkollen-stemninga vann han kombinertrennet der framfor 100.000 elleville tilskodarar – den einaste norske sigeren i Holmenkollen det året.

HOLMENKOLLEN. Ved sida av OL-gullet var sigeren framfor 100.000 tilskodarar i Holmenkollen i 1958 hans største oppleving

– Ved sida av OL-gullet er det Holmenkoll-sigeren som er mi største oppleving i heile karrieren, sa Knutsen til idrettsveteraner.com mange år etterpå.

– Før hadde eg vore redd for eit stort publikum, men den gongen forstod eg at dei var der for å hjelpe meg fram.

Sølvmedalje for OL-favoritten

Før neste OL, i Squaw Valley i California i 1960, hadde Knutsen fått favorittstempelet. Han hadde gjort det godt i 1959, med sitt første NM-gull, og siger i Svenska Skidspelen. I 1960 hadde han vunne alt han stilte opp i før avreisa til USA.

Georg Thoma og Tormod Knutsen

KONKURRENTAR: Georg Thoma slo favoritt Tormod Knutsen i OL i 1960

Foto: Aktuell / NTB

Men han blei slått av den nye tyske kometen Georg Thoma. Knutsen sleit med å få full klaff i hoppa, blei slått av tyskaren og måtte ta igjen nesten eit minutt i langrennet for å gå forbi.

Det greidde han ikkje. Med ein hard start tok han 11 sekund, men så butta det imot i den tynne lufta, 1800 meter over havet. Thoma var meir van med å konkurrere i høgda, og slo Knutsen også i løypa.

Knutsen var likevel så nøgd med OL-sølvet at han vurderte å legge opp. Han hadde satsa beinhardt framfor Squaw Valley. No var ikkje gnisten og motivasjonen lenger den same.

Let seg lokke til nytt OL

Men han valde å halde fram litt til. Innsbruck og 1964 låg litt langt framme, men før det skulle det vere VM i polske Zakopane.

Dessutan hadde han fått Holmenkollmedaljen etter OL.

I mellomtida hadde Skiforbundet bestemt seg for å opprette ei eiga gruppe som skulle trene og følgje opp kombinertløparane, noko som var nytt. Og det var hans gamle konkurrentar og kameratar Gunder Gundersen og Sverre Stenersen som var blitt høvesvis kombinertsjef og landslagstrenar.

Men verken i 1961 eller før VM i 1962 fekk Knutsen til stort, og det var berre så vidt han kom med på VM-laget.

Det gjorde han til slutt, og blei nummer fire. Der fall OL-vinnar Thoma i hoppbakken og skadde seg. Knutsen blei likevel berre tredje beste nordmann, bak gullvinnar Arne Larsen og bronsevinnar Ole Henrik Fagerås. Igjen vurderte Knutsen sterkt å legge opp.

– Erste platz, Tormod

Tormod Knutsen

GÅR FOR GULL: Knutsen fekk sin revansje og sitt OL-gull i Innsbruck i 1964

Foto: Jan Greve / NTB

Men inspirert av Gundersen og hans nye treningsregime tok Knutsen endå to nye år, sjølv om han hadde runda 30.

I Innsbruck fann Knutsen tilbake til taktene frå hoppbakken i sin tidlegaste karriere. Han blei rett nok nok ein gong slått av Thoma, men hadde berre 2,2 sekund å ta att i løypa.

På den tid var kombinertlangrennet arrangert som eit vanleg 15 km langrenn, med individuell start og rekkefølgje etter trekning. Knutsen hadde Thoma og to sterke russiske konkurrentar bak seg i sporet.

Men han trefte blink med smurningen og var i god form. Han ikkje berre heldt unna, men var klart betre enn sine hardaste konkurrentar. Etter hans eige utsegn gjekk det nesten litt for fort i løypa, som var kanta av steinar i den snøfattige austerrikske vinteren.

– Erste platz, Tormod, hoia Gunder Gundersen då Knutsen gjekk i mål. For sjølv om dei andre framleis var ute i sporet, var gullet klart og revansjen mot Thoma gjennomført.

Mannen som hadde tent Noreg og norsk kombinertsport i ti år, avslutta med ein umåteleg populær gullmedalje. 3000 menneske møtte opp på Eidsvoll for å ta imot Tormod Knutsen då han kom heim.

Takka nei til Oslo-VM

Tormod Knutsen

MARKERING: Tormod Knutsen under OL på Lillehammer 30 år etter hans eige gull

Foto: Morten Hval / NTB

Innsbruck-OL skulle bli Knutsens siste internasjonale meisterskap. Fjorten dagar etterpå avslutta han med sitt fjerde NM-gull. Han hadde også gull frå 1959, 1960 og 1963.

Han fann ut at nok var nok, og let seg ikkje lokka til å satse mot neste VM, som skulle gå i Oslo to år seinare.

Kanskje skulle han gjort det, for norsk kombinertsports del. For etter at Tormod Knutsen la opp, gjekk norsk kombinertsport inn i ei lang mørketid. Det skulle gå 20 år før ein nordmann igjen stod på ein olympisk sigerspall.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal