Hopp til innhold

Noregs einaste kvinnelege verdsmeister i alpint er død

Inger Bjørnbakken omkom i ein brann i heimen hennar laurdag, 87 år gamal.

Inger Bjørnbakken

UNIK PRESTASJON: Inger Bjørnbakkens VM-gull i 1958 er framleis Noregs einaste kvinnelege verdsmeister i alpint

Foto: Ntb / NTB

Ho slo alle favorittane og tok slalåmgullet i VM i 1958. VM-gull i alpint er ho framleis den einaste norske kvinna som har teke.

Heilt ut av det blå kom VM-gullet likevel ikkje. To år tidlegare hadde ho teke sjetteplassen i slalåm i OL, saman med lagvenninna Astrid Sandvik. Noreg hadde alle sine fire blant dei 13 beste i Cortina.

Derfor var konkurrentane merksame på dei norske i VM-slalåmen. Men det var Sandvik som blei rekna som den fremste norske favoritten

Likevel var det ein sensasjon at Inger Bjørnbakken skulle gå heilt til topps i VM. Meisterskapet gjekk i Badgastein, og på heimebane var det austerrikske favorittar.

Knekte heimefavoritten

Inger Bjørnbakken og Stein Eriksen

STOR: Inger Bjørnbakken saman med Stein Eriksen, som ho blei samanlikna med

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB

24-åringen frå Skui i Bærum smelte til med ein krutsterk førsteomgang, og leia med heile 1,3 sekund på favoritten Josefa «Putzi» Frandl. Frandl hadde tidleg startnummer, og leia fram til Bjørnbakken kom på startnummer 12.

«Elegant og smidig danset hun gjennom portene i østerrikeren Ernst Oberaigners løype og hun beholdt flyten og rytmen på en helt mesterlig måte», skreiv Aftenpostens medarbeidar.

I andre omgang leverte Frandl ei svært god tid, og det store spørsmålet var om Bjørnbakken skulle greie å halde unna. Heimepublikum jubla, dei var nokså sikre på at det kunne ho ikkje.

Men Inger Bjørnbakken ikkje berre heldt unna, ho auka med ein tidel. Gullet var sikra, det aller første – og hittil det einaste – VM-gullet ei norsk kvinne har teke i alpint.

Og ikkje berre det: Astrid Sandvik tok fjerdeplassen og Berit Stuve blei nummer sju. Tre norske på topp sju, og det på austerriksk snø.

– På veg til slalåmbakken var vi samde om at i dag skulle ein av oss vinne. Men det var nok sagt mest på fleip. Eg hadde ikkje våga å tenke på at eg skulle gå heilt til topps. Eg kan framleis ikkje heilt tru på at det er sant, sa Bjørnbakken til pressa etterpå.

– Verdas beste kvinne-alpinnasjon

Inger Bjørnbakken

Inger Bjørnbakken

Ho hadde mest tru på Astrid Sandvik som den beste av dei norske. Sandvik hadde imponert stort under trening, medan Bjørnbakken ikkje fått det heilt til å losne.

– Men på den aller siste treninga kjende eg at noko var på gang, sa ho.

Bjørnbakkens gull og den norske laginnsatsen fekk unisont skryt i austerrikske aviser. «Noreg er verdas beste alpinnasjon på kvinnesida», slo Bild Telegraaf fast.

Med det som utgangspunkt kunne ho også ha gjort det godt i kombinasjonen. Men ho ville ikkje starte i utfor, trass i at ho var norsk meister i øvinga same vinteren.

Inger Bjørnbakken tok til å konkurrere i slalåm i 1953, inspirert av si eldre og meir rutinerte venninne i Bærums Skiklubb, Borghild Niskin – eller «Tante Boya», som ho kalla henne. Niskin hadde delteke i OL både i 1948 og heime i Oslo i 1952.

Sju Holmenkoll-sigrar

Inger Bjørnbakken og Håkon Brusveen

HEIDER: Inger Bjørnbakken fekk Holmenkollmedaljen i 1958, saman med Håkon Brusveen

Foto: Ntb / NTB

Bjørnbakken debuterte med ein åttandeplass i NM i 1953. Men gjennombrotet kom i 1955 med siger i Holmenkollen Kandahar, som var alpin-utgåva av Holmenkollrennet, og som Bjørnbakken vann sju gonger.

Internasjonalt blei ho først lagt merke til med sjetteplassen i Kitzbühel, før ho altså fekk same plassering i OL. I 1957 reiste ho til USA og gjekk heilt til topps i det som heitte Harriman Cup, i konkurranse med dei beste frå Nord-Amerika og Mellom-Europa.

Men vinteren 1957/58 var mild og snøfattig. Derfor var det smått med treningsgrunnlag då konkurransesesongen tok til, og dei norske resultata var då også nokså dårlege i starten.

For Inger Bjørnbakken tok det til å lysne under slalåmrennet i Kitzbühel like før OL. Frå startnummer 27 køyrde ho seg heilt inn til ein femteplass. Sidan skulle det berre gå oppover.

Suksessen i 1958 gav Bjørnbakken tre tunge utmerkingar. Ho blei tildelt Morgenbladets gullmedalje, Holmenkollmedaljen og Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn. Ho er framleis ein av berre fem alpinistar som har fått denne utmerkinga. Begge dei to førstnemnde var ho første kvinne som fekk.

Fall frå tredjeplass i Squaw Valley

Inger Bjørnbakken

HOBBY: Trekkspel var Bjørnbakkens hobby ved sida av alpint

Foto: Ntb / NTB

Etter VM blei dei norske kvinnene rekna med for alvor internasjonalt inn mot OL i California i 1960, og var høgt oppe på den tids rankinglister.

Det såg lenge bra ut. I slalåmrennet låg Bjørnbakken godt an med ein tredjeplass etter første omgang. I andre omgang satsa ho alt på eitt kort, og opna godt. Men nesten halvveges nede i løypa slo ho skiene borti ein port, og måtte litt tilbake for å kome rett gjennom porten.

Derfrå og ned køyrde ho best av alle, ifølgje avisreportasjane. Men løpet var øydelagt, ho enda på 14.-plass.

Frå 1956 til 1959 tok Inger Bjørnbakken åtte norske meisterskap – tre i slalåm, to i storslalåm, eitt i utfor og to i kombinasjon.

Etter OL i 1960 slutta ho å konkurrere, og reiste til USA. Ho kom heim att to år etterpå, men slo klart fast at noko comeback med tanke på OL i 1964 ikkje var aktuelt.

– Eg har ikkje konkurrert på to år, og slalåmen har utvikla seg så langt at eg ikkje trur eg har nokon sjanse, sa ho i eit intervju på NRK.

I det sivile jobba Inger Bjørnbakken på telefonsentralen på Stabekk. Utover slalåmen var teikning og trekkspel favoritthobbyane, går det fram av avisomtaler etter VM-gullet.

Siste nytt

  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney
  • Arsenal med seier i Portugal – avgjorde med frekk frisparkvariant

    Den engelske klubben fikk med seg tre poeng fra bortekampen mot Benfica etter en 2-0-seier.

    Det tok lang tid før gjestene fra England åpnet det portugisiske forsvaret, men like før timen var spilt satte Beth Mead inn åpningsmålet.

    Spenningen varte fram til det gjenstod to minutter av ordinær tid. Et innøvd frisparktrekk kom overraskende på hele Benfica-forsvaret, og Alessia Russo fikk en enkel oppgave med å sette inn Arsenals andre.

    Dette var Arsenals første poeng i årets mesterligasesong. De tapte åpningsoppgjøret hjemme mot Lyon 1-2.

    Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.
  • Maccabi Tel Aviv-supportere nektes inngang – israelsk minister reagerer

    Europaligakampen mellom Aston Villa og israelske Maccabi Tel Aviv kan gå uten bortefans. Det reagerer flere sterkt på.

    Politiet i Birmingham har klassifisert oppgjøret som høyrisiko, og en lokal rådgivningsgruppe har bedt Aston Villa om å utestenge bortesupportere i kampen.

    «Klubben er i kontinuerlig dialog med Maccabi Tel Aviv og de lokale myndighetene gjennom denne prosessen. Sikkerheten til supportere som skal komme på kamp, er prioriteten», skriver klubben på sine hjemmesider.

    Israels utenriksminister Gideon Sa'ar er blant dem som reagerer på avgjørelsen.

    «Det er en skammelig beslutning. Jeg ber myndighetene om å gjøre om denne feige avgjørelsen», skriver han på X.

    Storbritannias statsminister Keir Starmer mener også at Maccabi-supporterne burde få tilgang til stadion.

    «Dette er feil avgjørelse. Vi vil ikke tolerere antisemittisme i våre gater. Politiets rolle er å sørge for at alle fotballfans kan nyte kampen uten frykt for vold eller trusler», skriver Starmer på X.

    Lederen for det konservative partiet i Storbritannia, Kemi Badenoch, mener det er farlig å utestenge bortefans i kampen.

    – Det vil sende et forferdelig signal, sier hun.

    Kampen spilles 6. november. (NTB/NRK)

    Tekst
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal