Narve Gilje Nordås var den store favoritten på 5000 meter under NM på Askøy – og innfridde.
– Det var bra bane. Utruleg rask bane! seier ein overraska Nordås etter målgang.
– Skal du skulde på banen? spør trenar Gjert Ingebrigtsen.
Nordås sprang frå konkurrentane og kom inn på tida 13.08,33 – seks sekund raskare enn rekorden frå i fjor.
Han vann framfor Magnus Tuv Myhre og Awet Kibrab.
Nordås nemnte banen fleire gonger då han prata med NRK etter gull-løpet.
– Det var godt skjerma, det blæs ikkje mykje.
Narve Gilje Nordås var overraska over banen då han prata med trenar Gjert Ingebrigtsen etter målgang.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB– Ein god følelse, altså. Eg veit ikkje kva eg forventa då eg kom til Askøy. Men det er heilt fantastisk, seier Nordås, som såg sterk ut undervegs i løpet.
– Det er utruleg sterkt av Narve, seier NRKs ekspert Vebjørn Rodal.
Den gamle rekorden var på tida 13.14,36 og var sett av Jakob Ingebrigtsen under NM i Sandes i fjor. Han vann framfor Nordås som kom inn på 13.14,99.
Jakob Ingebrigtsen sto ikkje på startlista til årets noregsmeisterskap. Han har vore ute store delar av sesongen, på grunn av ein skade.
Magnus Tuv Myhre, Narve Gilje Nordås, og Awet Nftalem Kibrab sprang i lag store delar av løpet.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB– Det der er sportsånd
– 5000 er blytungt. Det er mentalt heilt «forgrævligt». Det er lenge sidan eg har sprunge 5000, det var vel i Zagreb sist. Det er ein mental prøving. Tuv Myhre var verkeleg sterk og drog på skikkeleg dei siste to rundane, seier Nordås som har 1500-meter som favorittdistanse.
Magnus Tuv Myhre fekk sitt store gjennombrot i 2023, men fekk fjorårssesongen øydelagt grunna sjukdom. Løpet no viser at han er sterkt tilbake kjempe om ein VM-billett til Tokyo.
Nordås held fram:
– Så eg prøvde å henge på, og så spurta me på oppløpet, men han var knallsterk i dag, det var verkeleg vanskeleg å knekke han.
– Utruleg artig å sjå at løparane frå to treningsmiljø, som har vore ganske kontroversiell og stått litt mot kvarandre, samarbeider så fint som dei gjer. Det der er sportsånd og veldig gledeleg å sjå, seier Rodal om samarbeidet mellom Myhre og Nordås dei siste rundane.
Myhre er ein del av treningsmiljøet til Ingebrigtsen-brørne.
– Magnus får gode tider, og med det god ranking, som gjer at begge klatrar på stigen til VM i Tokyo, så eg trur at med desse resultata i dag, vil begge sikre seg ein plass i Tokyo, seier Nordås.
Nordås var favoritt til å vinne 5000-meteren.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB– Det er sølvmedalje, det er sterkt, det. Eg har gull før, og ein siktar jo alltid mot gull, men det var litt hardare konkurranse no enn det var dei gongene eg har vunne. Og så får me ei god tid, og det er absolutt bra det, for å nærme seg VM, seier Myhre.
Han takkar Ferdinand Kvand Edmann for harejobben han gjorde dei fyrste 3000 meterane.
Utan Ingebrigtsen-brørne på start
Både Filip og Henrik Ingebrigtsen måtte tidlegare denne veka melde at dei ikkje kom til å stille til start i NM, på grunn av sjukdom.
– Kva tenkjer du om at to frå Ingebrigtsen ikkje er med i dag, Nordås?
– Det er jo synd med forfall. Me ynskjer jo at alle skal vere med. Det er slik som skjer. Det er ein del av gamet, seier Nordås.
– Korleis er det å ha med Gjert Ingebrigtsen i dag?
– Det er fint. Fint. Ein føler at ein er tilbake til normalen. Det er ikkje noko stress. Ting er i ferd med å ordne seg, svarer han.
Gjert Ingebrigtsen i lag med Per Svela og Narve Gilje Nordås.
Foto: Anders Engeland / NRKFør løpet hadde trenar, Gjert Ingebrigtsen, trua på Nordås trass i at han er inne i ein tung treningsperiode.
– No er han midt i mellom konkurransar internasjonalt, men brukar NM litt som ein treningsbolk. Men det er viktig å ta ein medalje i NM, sa Gjert Ingebrigtsen til NRK.