Hopp til innhold

Måltørke sidan mars - hattrick i kveld

Romelu Lukaku stal fullstendig showet med sine tre mål då Everton slo Sundeland 3-0 i kveld.

Romelu Lukaku

SLUTT PÅ TØRKEN: Her losnar det for Romelu Lukaku, som set inn det første målet sidan mars. 11 minutt etterpå hadde han fullført sitt hattrick

Foto: Phil Noble / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

1139 minutt hadde gått sidan sist Romelu Lukaku scora. Så kom det forløysande målet etter 60 minutt. 11 minutt seinare hadde Lukaku laga sesongens første hattrick i Premier League.

Sjølv tok han ikkje av.

– Vi skulle gjort det betre, spesielt i første omgang. Eg kunne hatt fem i dag, men eg er glad vi vann, sa kampens store spelar til Sky Sports.

Åtte skot, fem av dei mot mål, og tre av dei i mål. Det var Lukakus fasit då han gjekk av bana til enorme ovasjonar frå bortefansen tre minutt før kampslutt.

Sint manager

Første omgang var sjansefattig. Den enda mållaus trass ein stor sjanse til kvart lag. Jermain Defoe burde gitt heimelaget leiinga, men skaut over frå god posisjon. Lukaku tvinga fram ei kjemperedning av Sunderlands keeper Jordan Pickford like etter.

– Eg var skuffa over dei første 45 minutta og var veldig sint i pausen, sa Everton-manager Ronald Koeman. Han let spelarane få det glatte lag, og bytte samstundes ut Ross Barkley med Gerard Deulofeu. Det gav Everton meir breidde i spelet.

Kvarteret etter pausen kom resultatet.

  • Idrissa Gueye la inn til lengste stolpe, der Lukaku stod heilt fri og stanga inn det første.
  • Åtte minutt seinare trefte Yannick Bolasie med eitt av dei mange innlegga sine, og Lukaku lurte forsvaret og heada ballen i nettaket.
  • Og tre minutt etterpå var igjen Sunderland-forsvaret på tur. Kevin Mirallas' gjennomspel fann Lukaku heilt umarkert, og 3-0 til gjestene.

Då reiste mesteparten av heimepublikum seg og gjekk. Dei slapp derfor å sjå Lukaku treffe tverrliggaren i jakta på det fjerde målet.

Everton på tredjeplass

Hadde det gått nokre centimeter lågare, hadde Everton gått opp til andreplass på tabellen. No er dei bak Chelsea fordi dei har scora to mål færre.

– Det vi viste i andre omgang, er det nivået eg vi at vi skal vere på. Vi skal vere med og kjempe om europeisk fotball, det er eit realistisk mål, sa Koeman.

For Sunderland-manager David Moyes blei det eit trist gjensyn med klubben han leia med suksess i 11 år. Sunderland har berre teke eitt poeng under Moyes' leiing.

Forutan Lukaku var det Bradley Lowery som fekk størst applaus på Stadium of Light i kveld.

Lowery er fem år og var kampens maskot. Han fekk kreft då han var to år, og har fått tilbakefall. No prøverforeldrene å skaffe dei rundt 8 millionar kronene til behandling i USA. Fem minutt ut i kampen gav alle dei drygt 40.000 på tribunene unge Bradley eitt minutts applaus.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Zuccarello herjet med mål og to assist – ett målpoeng fra 600 i karrieren

    Mats Zuccarello herjet med ett mål og to assist da Minnesota Wild slo Chicago Blackhawks 4-1 i NHL søndag. Han mangler ett målpoeng på 600 i karrieren.

    Zuccarello er etter søndagens kamp oppe i 192 mål og 407 assist i grunnseriekamper i NHL. Dermed står han foran et gjevt jubileum.

    (©NTB)

    Mats Zuccarello Aasen
    Foto: Pontus Hššk / NTB
  • Nordstad Moen klarte OL-kravet på maraton

    Friidrettsprofilen Sondre Nordstad Moen løp inn til tredjeplass i et maratonløp i japanske Fukuoka søndag.

    Nordstad Moen ble klokket inn til tiden 2.07.16, hvilket bare er halvannet minutt bak hans norske rekord, melder Friidrett1.

    Trønderens tid er i tillegg under OL-kravet og hans tredje beste løp på distansen noensinne.

    Sist Nordstad Moen løp like fort på maratondistansen var i 2019.

    Hans norske rekord lyder på 2.05.48 og stammer fra nettopp Fukuoka i 2017. (NTB)

    Sondre Nordstad Moen i aksjon på 10.000 meter for menn på Bislett.
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Storspill fra Hovland på siste dag på Bahamas

    Det ble ikke noe hat trick for Viktor Hovland i den eksklusive Hero World Challenge-turneringen på Bahamas, arrangert i regi av Tiger Woods.

    Nordmannen vant turneringen i både 2021 og 2022, men spilte svakt de tre første dagene og var aldri med i seierskampen. Han leverte imidlertid svært bra søndag, hvor han på de 15 første hullene noterte seg for to eagler og seks birdier.

    De siste tre hullene gikk han ett slag over par og dermed ble det en runde på totalt ni slag under par.

    Alle spillerne er ikke ferdigspilt, men i skrivende stund er det den beste runden så langt søndag. Hovland ligger an til å avansere fra en 16. plass til en delt 11. plass.

    Viktor Hovland
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal