Kristoffs trenar har gjort forskningsfunn som kan redde liv

– Dette feltet har stått totalt i stampe. Det har ikkje skjedd noko furnuftig på 30 år.

Alexander Kristoff og Stein Ørn

TRENAR OG HJARTELEGE: Stein Ørn (th) er sykkelrytter Alexander Kristoffs stefar og trenar. I tillegg har han som hjartelege gjort nye funn som kan redde folk frå død ved hjartestopp.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Slik omtalar hjartelege Stein Ørn utviklinga i feltet han no har forska på. Dette feltet kan no ha fått sin revolusjon.

Meldingane om tilsynelatande friske personar som mistar livet på grunn av hjartestopp kjem med jamne mellomrom i både toppidrett og mosjonsidrett.

Dette skaper frykt for å drive med idrett, meiner Ørn.

– Vi veit at dette har ei veldig negativ effekt med tanke på å drive fysisk aktivitet. Det betyr at ein blir redd når og føler seg usikker når ein driv med fysisk aktivitet, seier Stein Ørn.

Stor utfordring

Tidlegare har det vore vanskeleg å vite kva som er årsaka til at fleire dør av hjarteinfarkt under fysisk aktivitet, men ved å teste 1000 mosjonistar i Norsjørittet har Ørn og hans apparat funne ein metode som kan redde liv over heile verda.

Nøkkelen er å teste såkalla troponin-nivå lenge nok etter fysisk anstrenging.

– Utfordringa dei siste 30 åra er at ein har visst at desse nivåa stig under fysisk aktivitet. Problemet er bare at det er normalt at dei stig ved fysisk aktivitet, seier Ørn.

Enkelt forklart er troponin eit stoff vi finn i hjartet. Dette stoffet er ein del av hjartemuskelen. Ved fysisk anstrenging stig troponinnivået, og ved skade på hjartet kan utslepp av dette stoffet føre til hjartestopp ved at blodårene blir tette.

– Det vanskeleg å skille dei som har vanleg høge troponinverdiar frå dei som har risiko for hjartestopp. Men vi har klart å finne ein medode som skiller normal stigning frå det som er unormal stigning.

Blodprøve under Nordsjørittet 2018

NORDSJØRITTET: Over fleire år har Ørn og hans apparat testa deltakarar i Nordsjørittet for å finne ut kvifor fleire dør av hjartestopp under fysisk aktivitet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Slik knakk dei koden

Ørn har funne høge nivå av troponin hos fleire toppidrettsutøvarar, men påpeiker at dette ikkje nødvendigvis er farleg.

Stein Ørn

TESTA 24 TIMAR ETTER: Nøkkelen for å finne dei tilsynelatande friske utøvarane som har risiko for hjartestopp var å ta blodprøvar av 1000 Nordsjøritt-deltakarar 24 timar etter at dei kom i mål.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Funna førte likevel til at han etter kvart til fann metoden for å skille friske personar frå dei som er i faresona for trange blodårer og hjarteinfarkt.

Løysinga blei å ta blodprøvar av Nordsjøritt-deltakarar 24 timar etter rittet. Så lenge etter anstrenging har det aldri blitt testa før.

Der såg Ørn og hans apparat at dei med risiko for hjarteinfarkt fortsatt hadde høge nivå av troponin.

– Det viktige poenget er at ein har venta 24 timar på å ta prøvane og at vi har gjort det i ei så stor gruppe som 1000 personar. Ved å måle i riktig avstand frå den fysiske anstrenginga kan ein seie noko om risikoen.

No jobbar Ørn med å lage ein enkel testmetode som alle kan ta i bruk.

– Målsettinga er å lage ein individuell test som er enkel og som gjør at ein kan vurdere sin eigen risiko og finne sitt personlege belastningsnivå, seier Ørn.

Siste nytt

  • Snøbrett-meister omkom i drukning

    Den doble verdsmeisteren i snøbrett, australske Alex Pullin, drukna under harpunfisking utanfor Palm Beach på Gullkysten onsdag, melder ABC News og lokale media.

    Han blei funnen av ein dykker og teken til land. Der blei det gjort gjeopplivingsforsøk, men det lykkast ikkje.

    Politiet har ikkje stadfesta namnet på den omkomne, men Australias OL-komité stadfestar at det var Pulin som omkom.

    Ifølgje Sydney Morning Herald var Pullin ein erfaren fridykkar og undervassfiskar med harpun.

    Pullin (32) blei verdsmeister i 2011 og 2013, og var flaggbærar for Australia i OL i Sotsji i 2014. Han deltok også i OL i 2018, der han blei nummer 6.

    Alex Pullin
    Foto: Susana Vera / Reuters
  • Ryder Cup blir utsett til neste år

    På grunn av pandemien blir golfturneringa Ryder Cup utsett til neste år, melder sportskanalen ESPN. Det er venta at det blir offisielt kunngjort i dag.

    Ryder Cup skulle etter planen gått i Wisconsin i USA siste helga i september.

    Ryder Cup er ein lagkonkurranse mellom Europa og USA, og blir arrangert annakvart år.

    Ryder Cup
    Foto: Usa Today Uspw / Reuters
  • Juventus rota seg bort

    Juventus kunne teke eit stort steg mot ligasiger, men mista rota bort 2-0 og tapte 2-4 for Milan.

    Ardien Rabiot og Cristiano Ronaldo scora for Juventus, men Zlatan Ibrahimovic, Franck Kessié og Rafael Leao snudde kampen med tre mål i løpet av fem minutt. Ante Rebic scora det siste for Milan. Alle måla kom i andre omgang.

    Ettersom Lazio også tapte tysdag, er Juventus' leiing i Serie A framleis sju poeng når sju kampar står att.

    Bonucci og Szczesny, Juventus
    Foto: Miguel Medina / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal