Hopp til innhold

Warholm reagerer etter verdsrekord-nei: – Det er tåpeleg

Karsten Warholm er tydeleg på at superløpet på 300 meter hekk bør vere verdsrekord. Han meiner at World Athletics er inkonsekvente.

BB250612BB706

VIL HA REKORD: Karsten Warholm om løpet under Bislett Games.

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

– Eg er ikkje så veldig opptatt av det, men med tanke på kor mange andre ting ein kallar verdsrekord i friidretten, så meiner eg at det er tåpeleg ikkje å gjere det, seier Karsten Warholm til NRK.

I juni kunne NRK fortelje at World Athletics (WA) foreløpig ikkje ynskjer å anerkjenne Warholms løp på 300 meter hekk under Bislett Games som verdsrekord.

Warholm blei tidenes raskaste på distansen med tida 32,67. Han forbetra den tidlegare rekorden på 33,05, som han sjølv sette i Kina i april.

Han er klar på at løpet frå juni bør vere ein offisiell rekord.

– Eg trur den rekorden på 300 meter hekk er ekstremt bra. Så at han held høgt nok nivå til å bli kalla verdsrekord, det trur eg. Og dei som er ikkje einige i det, kan jo prøve å slå han, seier Warholm.

Les også Warholm-nedtur: Superløpet ikkje godkjent som verdsrekord

en person som holder et skilt

Meiner WA er utydeleg

World Athletics kommuniserte i mars at dersom dei ser at øvinga når «eit betydningsfullt nivå i popularitet», så vil det vere mogleg å sette ein offisiell rekord.

Men fleire bestenoteringar i verda, og eit samla felt med dei sterkaste korta frå 400 meter hekk er foreløpig ikkje nok, ifølgje WA.

– Det er vanskeleg å sette ei offisiell tidslinje på nåverande tidspunkt, skreiv WA via kommunikasjonssjef Maphuti Hlako til NRK i juni.

Sjå løpet frå Bislett Games her:

Warholm meiner at heile prosessen med å bestemme kva som faktisk er ein verdsrekord er for utydeleg.

– Spør du meg, så er den beste måten å løyse dette på å seie at olympiske distansar er verdsrekord. Alt anna er «bestenotering i verda». Men det har dei ikkje gjort, så det er fleire rare ting som er verdsrekord, seier Warholm.

– Ein må vere konsekvent, og det synest ikkje eg dei er nå, held han fram.

BB250612VG143

HAR TRUA: Stemnesjef for Bislett Games, Steinar Hoen, sa til NRK i juni at han trur det blir offisiell rekord etter sesongen. Her saman med Karsten Warholm etter løpet.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Treng ikkje World Athletics

World Athletics understreka sjølv i ein e-post til NRK at det ikkje ligg føre faste parametrar for når ei øving kan anerkjennast som ei verdsrekordøving.

– Sjølv om fleire av dei beste hekkeløparane i verda allereie konkurrerer i øvinga, så er ho ennå ikkje ein del av den globale friidrettskulturen, skreiv dei.

– Nei, eg veit ikkje heilt kva dei tenkjer, men eg er ikkje ultraopptatt av det. Så eg tenkjer slik: Det er fint om dei gjer det. Og om ikkje, så må det komme ei god grunngjeving for det, svarer Warholm.

Les også Meiner superløpet er eit «skremmeskot» for Ingebrigtsen: – Det blir vanskelegare

Vebjørn Rodal er overrasket over superløpet

Han er sjølv heilt klar på at løpet på Bislett er eit av dei beste løpa han har prestert i karrieren.

– Det er kanskje det nest beste løpet eg har gjort, seier han.

– Så det betyr litt?

– Det betyr mykje for meg personleg at det er ein god prestasjon. Men eg treng ikkje World Athletics til å anerkjenne det for meg. Eg har drive lenge nok med det her til å sjølv vite kva som er bra.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal