Hopp til innhold

Den ukrainske stjerna fordømmer legenda: – Bubka eksisterer ikkje for oss

Den ferske verdsmeisteren Jaroslava Mahutsjikh kjem med ramsalt kritikk av Ukrainas største idrettsstjerne.

Hungary Athletics Worlds

VERDSMEISTER: Jaroslava Mahutsjikh tok eit etterlengta gull i høgd i sommar etter bronse i OL i Tokyo og sølv i VM i Eugene.

Foto: Bernat Armangue / AP

For sjølv om Serhij Bubka vart innlemma i «Hall of Fame» før Diamond League-stemnet i Brussel tidlegare i september, er han ingen populær mann blant fleire ukrainarar.

Det er veldig rart, for eg er veldig stolt av Bubka som idrettsutøvar, for han sette mange verdsrekordar. Men eg liker han ikkje som person, for i starten av krigen tok han ikkje eit standpunkt. For alle oss utøvarar: Bubka eksisterer ikkje for oss no, seier Jaroslava Mahutsjikh til NRK.

Verdsmeisteren frå høgdekonkurransen i sommar i Budapest er krystallklar.

Serhij Bubka i Brussel.

PÅ PLASS: Serhij Bubka var til stades under Diamond League-stemnet i Brussel 8. september. Dagen før vart han heidra.

Foto: IMAGO

Ho siktar mellom anna til at Bubka i lang tid ikkje har teke tilstrekkeleg avstand frå Russlands handlingar i Ukraina. Den tidlegare verdsrekordhaldaren i stavsprang er frå okkuperte Donetsk. Han har etter krigsutbrotet halde ein låg profil.

Trua med søksmål

I sommar skreiv nettstaden Bihus.info at Bubka via selskapet «Mont Blanc» skal ha selt petroleumstenester til russiske aktørar i Donbas-området. Informasjonen har leidd til etterforsking i Ukraina.

– Det verkar frykteleg, for han var lenge president i Den olympiske komiteen (i Ukraina). Men han har teke sine val, seier Mahutsjikh om saka.

Bubka trua i første omgang med søksmål. Nettstaden hadde ikkje høyrt meir i slutten av august. No hevdar 59-åringen seg utsett for ein svertekampanje. I starten av september uttalte han seg om krigen etter lang tids stille.

Der nekta han for å ha noko med verksemda å gjere. Han fortalde at han ikkje hadde vore i dei okkuperte områda sidan 2014 og hevda å ha gjort alt i si makt for å forsvare heimlandet mot russisk aggresjon.

«Eg vart fødd på ukrainsk jord og eg har alltid representert Ukraina med stor grad av stoltheit over heile verda», fortalde Bubka via sin nyoppretta YouTube-kanal.

Serhij Bubka

TEK TIL MOTMÆLE: Serhij Bubka forsvarer seg i ein 1.25 minutt lang video på YouTube.

Foto: YouTube/Serhij Bubka

«Bubka gjer ingenting »

Allereie under VM i friidrett i Eugene i 2022 vart det retta kritiske blikk mot den tidlegare helten frå ukrainsk hald.

Dåverande ukrainsk friidrettspresident, Jevhen Pronin, fortalde at Bubka ikkje hadde tid til å møte utøvarane. Under eit intervju med NRK i vinter slo han ut med armane og proklamerte «Han gjer ingenting. Serhij Bubka gjer ingenting».

Italy World Athletics

TIDLEGARE PRESIDENT: Jevhen Pronin er advokat og har tent som dronepilot under krigen.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Dette sjølv om han hadde sete i fleire sentrale verv ved krigsutbrotet. No er han ute av to av dei.

  • Bubka forlét i august posten som senior visepresident i World Athletics etter 22 år i styret. Han stilte ikkje til attval.
  • I november i 2022 var 17 år som president i Ukrainas olympiske komité over. Bubka stilte ikkje til attval. Som IOC-medlem er han framleis ein del av styret.

Nyleg foreslo medlem av utøvarkomiteen i Ukraina, Vladyslav Heraskevytsj, å suspendere Bubka frå styret. Han fortel at ingen støtta forslaget. Nokre av veteranane byrja i staden å forsvare den tidlegare stavhopparen.

Dei fekk kraftig kritikk då møtet vart leke via portalen Tribuna. Heraskevytsj er oppgitt over den manglande handlingskrafta i Ukrainas nasjonale olympiske komité.

Bubka er framleis IOC-medlem og ein del av styret i Den internasjonale olympiske komiteen. På spørsmål om et tilsvar fra Bubka, henviser IOC til videoen han har lagt ut.

– Mr. Bubka har gitt uttrykk for sine meninger i en video nylig lagt ut på YouTube, hvor han presiserer at han fra starten av har hatt fokus på å støtte ukrainske utøvere og ukrainsk idrett på den internasjonale arenaen, skriver IOC.

Les også Ukrainsk legende i hardt vêr – blir skulda for forretningar i russisk­okkuperte område

Sergey Bubka

Heimbyen bomba under VM

Mahutsjikh har på si side bestemt seg for å aktivt bruke stemma ho har som profilert utøvar til å snakke om krigen. Ho bur no i Brussel i Belgia, men dagleg opplevast krigen tett på.

Medan høgdehopparen kjempa for å kvalifisere seg til VM-finalen i Budapest, vart heimbyen hennar i Ukraina bomba av russarane.

Busstasjonen, like ved togstasjonen, vart bomba same dag som foreldra mine skulle reise med tog til Budapest, fortel ho.

gv4ap6Uev7s

FLYR HØGT: Mahutsjikh prøver å halde fokus på idretten.

Foto: AFP

Medan krigen rasar vidare, har Mahutsjikh bestemt seg for å halde fram med å konkurrere.

Det er vanskeleg å halde fokus, men etter eit år med krig har eg vorte sterkare og betre rusta. Eg veit at eg bør halde fram med å konkurrere. For her kan eg snakke om at krigen ikkje er over og vise at eg er frå Ukraina.

Siste nytt

  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • LSK stoppet utrolig Lyn-rekke – første tap under Aadland

    Magnus Aadland hadde ikke tapt på sine 19 første kamper som Lyns hovedtrener, men på Åråsen fikk de det tøft.

    Oslo-laget tok riktignok ledelsen nærmest umiddelbart ved Mathias Johansen, men det var aldri i nærheten til å holde til poeng.

    Lillestrøm vant til slutt 5-1. Eric Kitolano, Frederik Elkær, Markus Karlsbakk, Espen Garnås og Moctar Diop scoret for hjemmelaget.

    Kampens øyeblikk var det Diop som stod for. Han fastsatte resultatet med et praktfullt brassespark fem minutter før slutt.

    Et skår i gleden var at toppscorer Thomas Lehne Olsen måtte forlate banen med skade i den første omgangen.

    Lillestrøm har allerede rykket opp. De har fremdeles ikke tapt en tellende kamp i 2025, og det store høydepunktet som gjenstår er cupfinalen mot Sarpsborg 08 i desember.

    Selv om Lyns utrolige rekke under Aadland stoppet på 19, er de fremdeles med i kampen om et opprykk.

    De ligger foreløpig på en 4.-plass med like mange poeng som Start og Kongsvinger på plassene over, men har én kamp mer spilt.

    En gruppe fotballspillere i uniform
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Barcelona-sjefen reagerer på USA-avgjørelse: – Ikke fornøyd

    Barcelonas stjernegalleri synes ikke noe om at de i desember må reise til Miami for å spille seriekamp mot Villarreal.

    Flyttingen av oppgjøret til USA har skapt debatt i spansk fotball. Det er ledelsen i La Liga som har tatt avgjørelsen i håp om å promotere klubbene i USA, som neste år skal arrangere VM i fotball sammen med Canada og Mexico.

    Da Barcelona-trener Hansi Flick fikk spørsmål om situasjonen på fredagens pressekonferanse, nølte han ikke med å kritisere ligaledelsen.

    – Mine spillere er ikke fornøyde, og jeg er ikke fornøyd, men La Liga har bestemt at vi skal spille denne kampen, sa tyskeren.

    Tidligere har midtbanestjernen Frenkie de Jong kritisert avgjørelsen. Fotballprofiler har de siste årene reagert sterkt på det de mener er en tettpakket sesong med for lite hvile mellom kamper.

    Barcelona-president Joan Laporta har uttalt at han ser på flyttingen som positiv. (NTB)

    Hans-Dieter Flick med skjegg
    Foto: Albert Gea / Reuters / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal