På overflata var kalenderåret 2022 spekka av suksess for Ollie Hoare. I Samveldeleikane vart det gull på 1500 meter.
Medan under draumemila på Bislett utfordra han Jakob Ingebrigtsen og sprang inn til australsk rekord på 3:47.48, den gong som den 13. raskaste løparen i historia.
Under overflata låg det derimot eit isfjell av tungsindige kjensler.
– Eg hadde ekstrem angst og depresjon heile året. Eg snakka ikkje med nokon om det og likte ikkje å vere rundt lagkameratane mine, same kor hyggjelege dei var. Eg sleit med å finne meining til noko, seier Ollie Hoare.
Den australske løpestjerna opnar opp om dei tunge kjenslene i podkasten Coffee club. Der blir det fortalt om ein kvardag der løpinga gjekk frå å vere ei glødande drivkraft, til å bli eit apatisk tannhjul i maskineriet.
VANN: Ollie Hoare tok gullet i Samveldelekene i august i fjor, framfor Timothy Cheruiyot frå Kenya, og skotske Jake Wightman.
Foto: Alastair Grant / AP– Eg kjende meg som ein robot og såg på meg sjølv i tredjeperson. Alt vart ein repeterande syklus av trening, ete, sove. Sjølv då eg vann Samveldeleikane kjende eg meg tom innvendig. Eg var angstfull under samtalar med andre menneske og sleit med å ha augekontakt, fortel 26-åringen.
Eit oppslukande press
På løpebanen vart det hamra inn topplasseringar og nye nasjonale rekordar. Likevel var kjenslelivet langt frå harmonisk. Pressa frå fleire kantar vart ei kjelde til angst.
Vebjørn Rodal som sjølv har vore i toppidrettsbobla kan forstå at det ikkje alltid er eit solskinstilvære.
– Det er klart at det ikkje er noko glansbilete. Kvardagen er ganske prestasjonsorientert og målbar, så det kan vere ei tøff belastning, seier Rodal.
Å ikkje innfri til stadig høgare forventningar kan ende opp med å bli ein destruktiv tankebane, meiner den olympiske meisteren frå 1996.
NRK-EKSPERT: Vebjørn Rodal.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK– Når du har vorte vaksen og aldersmessig forventar å hente ut endå meir, så kan det vere ein forsterkande faktor viss du er disponert for å få mørkje tankar. Det kan vere tungt nok å føle at du ikkje leverer ovanfor deg sjølv, men spesielt at du ikkje leverer på forventningane til trenar, familie eller andre i støtteapparatet, seier Rodal.
Tanken om å leggje opp kverna i hovudet til Hoare. Til slutt vart det søkt om profesjonell hjelp. Gjennom terapitimar kunne han finne eit nytt fotfeste i den depressive tåka. Likevel kjenner han at den mentale helsa aldri er eit ferdig løyst puslespel.
- Slit du med tunge tankar? Hjelpetelefonen til Mental Helse Norge er døgnopen på 116 123. Du kan også chatte på nett. Du kan vêr anonym og dei har teieplikt.
Vanskelegstilt barndom
I podkasten blir det fortalt vidare om ein vanskeleg barndom, prega av mobbing og dårleg kroppsbilete. Løpestjerna beskreiv seg sjølv som ein skinnmager gut med regulering og talevanskar. Kjensla av å ikkje vere sosialt akseptabel var nedslåande. På idrettsarenaen var han derimot den beste, til irritasjonen til medelevane.
REKORDLØP: Olli Hoare sette nasjonal rekord på ei engelsk mil under Bislett Games førre sommar.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Eg vart fleire gonger kasta i søppeldunkar fordi eg vann terrengløp og symjekonkurransar på skulen. Kanskje var det ein sjalusi over at eg gjorde det såpass bra i idrett. Det var ein situasjon eg desperat ønskt å komme meg ut av, fordi eg viste mobbinga ville komme kvar gong eg hevda meg, seier Hoare.
Skuleskifte vart redninga. Kvardagen vart betre, men åra med mobbing sette såra sine.
Sidan har 26-åringen flytta til USA i jakta på å nå friidrettstoppen. Under sesongen i år vart det eit tidleg punktum etter brokkskade, berre veker før VM. Han kjenner likevel skaden ha fungert positivt som ein restart på idrettskarrieren, fordi han kunne reise heim til Australia og bruke tid med familien.