Hopp til innhold

Hovland etter historisk siger: – Hadde vore galskap å tru dette for eitt år sidan

Viktor Hovland (22) blei fyrste nordmann nokosinne med siger på PGA-touren. Dermed blei han også fem millionar kroner rikare.

Viktor Hovland

Viktor Hovland blei den fyrste nordmannen til å vinne på PGA-touren. Han blei også den fyrste nykommaren til å vinne ei turnering denne sesongen.

Foto: Kevin C. Cox / AFP

– Det er rein glede å vinne. Du prøvar sjølvsagt å vinne kvar veke, men å gjere det er utruleg. Det er ei spesiell kjensle, seier Hovland i intervju vist på Eurosport etter den høgdramatiske avslutninga.

På det siste holet låg alt an til å gå til omspel om sigeren. Men på siste hol sette Hovland inn ein lang put på glimrande vis og avgjorde sigerskampen.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

– Ballen ville ha rulla forbi

– Til alt hell trefte ballen midt på koppen, om ikkje ville han rulla forbi. Heile dagen hadde puttane mine vore for korte. Derfor bestemte eg meg for at denne i kvart fall ikkje skulle bli det, seier Hovland på pressekonferansen etter turneringa.

Frå podiet la ikkje 22-åringen skjul på at han er overraske over framgangen det siste året. På denne tida i fjor var han framleis «berre» amatørspelar.

– Om du får eitt år sida hadde sagt at eg i dag, som 22-åring, skulle vinne ein PGA-tour, ville det ha vore galskap, legg han til.

Eurosports golfekspert Marius Thorp er over seg av begeistring for prestasjonen til Hovland.

– Han er heilt fryktlaus der på den siste puten. Han berre bankar den inn. Dette er norsk idrettshistorie på sitt høgaste. Det er eit så vanvitig høgt nivå i golf på verdsbasis, seier Thorp.

Sikra viktig PGA-kort neste to åra

Med sigeren har han sikra PGA-kortet som gjer at han får spele alle dei vanlege turneringane på PGA-touren dei neste to åra.

– Det er veldig mykje som kjem med denne sigeren. PGA-kortet gjer at han kan slappe meir av og planlegge sesongen betre. Nå nærmar han seg også veldig topp 50 i verda, det kan fort skje dei to-tre neste vekene, meiner Thorp.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

For om han skal få spele Masters, det aller største i golfverda må han vere topp 50 i verda.

Etter denne sigeren vil han etter alt å dømme vere nummer 58.

– Det er spinnvilt å tenkje på, seier Thorp.

Tittelen på Puerto Rico gjev han også heile 540 000 dollar eller fem millionar norske kroner rett inn på konto.

viktor Hovland

Med sigeren tek han med seg heile 540 000 dollar.

Foto: Kevin C. Cox / AFP

Josh Teater kjempa om sigeren heilt til siste slutt med Hovland. Han er svært imponert over avslutninga til nordmannen.

– Hatten av for Viktor, det var ein fantastisk putt. Han er ein utruleg utøvar, me kjem til å sjå meir til han, seier Teater.

Kjempefeil og tre over par

22-åringen var i leiinga før den siste dagen av PGA-turneringa Puerto Rico Open.

Hovland storspelte tidvis, men det blei svært dramatisk på vegen til sigeren.

Etter det tiande holet så det særs lovande ut for nordmannen. Hovland slo frå rett utanfor green og var heldig med spretten ballen fekk. Med ein birdie (eitt slag under par) på det holet, leia Hovland med heile tre slag.

Viktor Hovland
Foto: Kevin C. Cox / AFP

Men så, på hol elleve, blei det dramatisk.

Hovland slo ut og landa rett ved den asfalterte gangstien. Med sitt neste slag bomma Hovland totalt og hamna nede i ein djup grop i bakken. Hovland bomma endå ein gong på innspelet til green før han bomma på ein kort putt.

Konkurrentane feila

Med ein trippel bogey på hol elleve var han plutseleg nede på 17 slag under par, og delt leiing.

På dei neste hola gjekk Hovland på par. Så byrja dei fleste konkurrentane å feile.

Før hol 15 var det berre Hovland og Josh Teater som kjempa om sigeren. Amerikanaren låg då eitt slag føre Hovland.

Og då nordmannen trong det som mest, drog han fram eit fantastisk slag på det 15. holet. Hovland låg ute i roughen, men sette ballen i holet og sikra eagle. Dermed var han åleine i leiinga før dei tre siste hola.

Birdie på siste holet

Så kom regnet. Då Hovland gjekk ut på det 17. holet opna himmelen seg, og regnet styrta.

Greenen på det 18. holet likna på eit tidspunkt meir på ei myr enn ho likna på ein golf-green.

Då Hovland kom fram til det holet hadde dei fått vekk det meste av vatnet, og etter ein kort pause kunne spelarane avslutte turneringa.

Måndag vart det klart at Hovland klatrar 42 plassar på verdsrankinga i golf. Han er oppe som nummer 60 etter sigeren i Puerto Rico.

Avslutninga til Hovland kunne ingen matche og turneringssigeren var til slutt eit faktum. For landsmann Kristoffer Ventura blei det også ein god dag. Han avslutta med fem slag under par og enda med det elleve slag under par totalt.

Det gav delt 20.-plass og rundt 300.000 kroner.

Siste nytt

  • Fansen protesterte – West Hams skrekkstart fortsatte

    West Ham har åpnet skrekkelig i årets Premier League. Mandag kveld kom sesongens sjette nederlag på de første åtte rundene mot Brentford.

    Nå har også fansen begynt å vende seg mot klubbens styre. Det var uvanlig mange tomme seter på London Stadium under oppgjøret.

    Det var på grunn av en kampanje som ønsker at formann David Sullivan og viseformann Karren Brady skal trekke seg fra sine verv.

    Oppgjøret mot Brentford var den første hjemmekampen med Nuno Espírito Santo i sjefsstolen etter at Graham Potter fikk sparken etter ni måneder ved roret.

    Mandag scoret spissen Igor Thiago kampens første mål, etter å ha brent flere store muligheter i forkant. Tyske Schade holdt på å doble ledelsen, men hodestøtet hans traff tverrliggeren etter én times spill.

    Kort tid før slutt fastsatte Mathias Jensen sluttresultatet til 0-2. West Ham ligger fremdeles nest sist i Premier League med fire poeng. Kristoffer Ajers Brentford tok et byks vekk fra nedrykksstriden og ligger på 13.-plass.

    West Ham fanprotester
    Foto: Reuters
  • Kaotiske scener da lille Mjällby sensasjonelt vant Allsvenskan

    Lille Mjällby – fra det lille tettstedet Hällevik med kun 1400 innbyggere – sto for en kjempesensasjon, da de vant 2-0 borte mot IFK Göteborg og tok SM-gull i Allsvenskan for aller første gang.

    – Det er ubeskrivelig, sier Mjällby-kaptein Jesper Gustavsson til SVT rett etter kampslutt.

    Like før slutt ville bortefansen slippe jubelen løs inne på Gamla Ullevi i Göteborg. En del av dem hoppet ned fra tribuneseksjonen i håp om å storme banen ved kampslutt – men de ble kontant stoppet av svensk politi.

    I en kort periode ble også oppgjøret stanset, og målscorer Jacob Bergström løp bort for å roe ned egne fans.

    De gule og sorte har hatt en eventyrlig sesong, og åpnet oppgjøret i et forrykende tempo. De produserte mange store sjanser i første omgang. Tom Pettersson la på til 2-0 før halvtimen var spilt.

    Seriemesterne har nå 11 poeng ned til Hammarby på andreplass. Det forspranget er umulig å ta igjen i løpet av de siste tre serierundene.

    Da dommeren blåste av etter ni overtidsminutter, løp spillerne over til egne fans. Som da holdt seg oppe på tribunen.

    Med på sensasjonen er den norske assistenttreneren Karl Marius Aksum. 35-åringen stilte opp til intervju med NRK i forrige uke.

    Han ble spurt av HBO Max om han kommer til å fortsette i klubben etter fotballbragden.

    – Det er en veldig bra spillergruppe. Man vet aldri i fotball, men jeg tror jeg kommer til å bli, sa Aksum til HBO Max.

    Mjällby
    Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån
  • Tuva Hansen ute med ankelskade – mister kamp for Norge

    Tuva Hansen (28) er ute av spill i flere uker etter ankelsmellen hun pådro seg i helgen. Hun går glipp av kamper for Bayern München og landslaget.

    Skadesituasjonen kommer fram i en melding Bayern har lagt ut i sine kanaler.

    – God bedring, Tuva! skriver den tyske serielederen.

    Forsvarsspilleren var innbytter i Bayerns 5-1-seier over Köln søndag. Hun slapp til da det gjensto et snaut kvarter igjen.

    Hansen spilte alt for Norge i EM i juli og var et åpenbart navn i troppen til oppgjøret mot Japan 28. oktober.

    (©NTB)

    Tuva Hansen, Bayern Munchen
    Foto: Bayern Munchen

Sendeplan

Kl. Program Kanal