NRK Meny
Normal

Desse fryktar Norendal før X Games-finalen

Ho er handplukka til konkurransen ho har fantasert om heile karrieren. Fredag køyrer stortalentet Silje Norendal sitt aller første X Games.

Silje Norendal

Silje Norendal (18) er klar for sitt første X Games i Aspen, USA.

Foto: Ole John Hostvedt/Laagendalsposten

– Eg har drøymt om å konkurrere i USA sidan eg var fem år gamal. Det var utruleg stort å få invitasjonen, ein utruleg god kjensle, seier Norendal til ESPN framfor X Games i Aspen, USA.

Norges største snowboardtalent på kvinnesida er endeleg der ho har jobba knallhardt for å komme.

Fredag skal ho måle seg mot verdas aller største snowboardnamn i verdas største slopestylekonkurranse for kvinner.

– Eg har begynt å gle meg veldig!, fortel 18-åringen.

Dette er Siljes favorittar

Bare 17 år gamal tok ho sølv under European X Games i fjor. Etter nokre månaders sesongoppkøyring i USA er det klart for dette årets første store prøve.

I X Games møter ho mellom andre Jamie Anderson som tok gullet då Norendal måtte nøye seg med 2. plass under European X Games i fjor.

I tillegg ventar andre storkanoner for 18-åringen.

– Ei jente som blir vanskeleg å slå er definitivt Enni Rukajarvi. Ho landar dei triksa ho vil lande, seier Norendal.

– I tillegg er det Jamie Anderson og Spencer Bryan. Dei køyrer også veldig bra for tida. Dei er i fyr og flamme, og blir vanskelege å slå, seier ho.

Saka held fram!

Norendal

Silje Norendal, amerikanske Jamie Anderson og Finlands Enni Rukajarvi kunne juble på podiet i European X Games i fjor. Fredag møtes dei igjen.

Foto: JEAN-PIERRE CLATOT / Afp

Ikkje som dei andre jentene

Snowboard

Spencer O'Brien er ei av Norendals podiefavorittar framfor X Games-finalen i slopestyle.

Foto: Arno Balzarini / Ap

Interessa rundt stortalentet blir bare større med deltakinga i X Games. Og med VM i vente kan Norendal raskt bli den nye jenta alle snakkar om i snowboardsirkuset.

– Silje er i verdstoppen. Ho har triks som dei fleste jenter ikkje tar, seier trenar Per Iver Grimsrud.

Også landslagssjef Thomas Harstad har følgd eleven seie utvikling dei siste åra, og er overbevist om at ting kan klaffe godt under dei to største konkurransane denne sesongen.

– Om ho køyrer like målretta som ho har gjort til no, trur eg ho absolutt kan vere ein av favorittane både i X Games og VM, seier Harstad.

– På ein god dag kan Silje hevde seg heilt i toppen, men ho er her først og fremst for å lære, legg han til.

VIDEO FRÅ ARKIVET: Silje tar nye steg med gutane

Video Silje trener med gutta

Silje trener med gutta

– Ho må bli tøffare

Men framleis har jenta frå Kongsberg ein del å gå på for å bli suveren i slopestylebakken, meiner landslagssjefen.

– Ei av utfordringane til Silje er å ta steget eit hakk opp. Ho må bli litt tøffare, få betre fysikk og ikkje vere redd for å ta sjansar og det å skade seg, seier Harstad.

Men det rår tydeleg liten tvil om at jenta har komme for å bli i eliten. Og om det ikkje lukkast i konkurransen fredag, får ho ein ny sjanse under VM på heimebane om knappe tre veker.

– Ho kan lett få ein pallplassering der, sa landslagskjøyrar Roger Kleivdal (23) til NRK.no tidlegare denne sesongen.

PS! Silje Norendal vil etter konkurransen heidre tidlegare lagvenninne Sarah Burke som døydde etter eit fall på trening tidlegare i januar. OL-vinnaren i fristil blir fredag minna med fakkeltog under verdas største actionsportfestival i Aspen.

Siste nytt

  • Panathinaikos utestengt

    Den greske klubben Panathinaikos er utestengd frå den neste europeiske turneringa dei kvalifiserer seg for dei tre neste sesongane, har UEFA bestemt.

    Årsaka er at dei ikkje har makta å få orden på økonomien, og har brote dei såkalla økonomisk fair play-reglane.

  • Sandnes Ulfs første poengtap

    Med 0-0 mot HamKam på Hamar tapte Sandnes Ulf sine første poeng i årets 1. divisjon, etter tre sigrar i sesongopninga.

    Sandnes-laget er dermed på tredjeplass, på målskilnaden bak Aalesund og Notodden. HanKam er framleis utan siger, men har tre uavgjorte.

  • Anklaget for å ha solgt laguttak

    Belgias tidligere landslagssjef Marc Wilmots anklager Chelsea-keeper Thibaut Courtois' far for å ha solgt lagoppstillinger til mediene under fotball-EM 2016.

    Overfor TV-kanalen BeIN Sports påstår Wilmots at Courtois lekket uttakene så snart de var gitt til spillerne.

    Marc Wilmots og Thibaut Courtois
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal