Hopp til innhold

Har tent 200 mill. sidan førre sesong – slik vil Glimt bruke pengane

Millionane fløymer inn for eit Bodø/Glimt som er i medvind i Europa. Spelarane merkar at det allereie er ei ny tid på Aspmyra, og Glimt-trenar Kjetil Knutsen har ein plan for kva pengane skal gå til.

d5qrmkDRg6U

GOD ØKONOMI: Kjetil Knutsen og Bodø/Glimt har tent gode pengar på Europa-suksessen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ser på ein Glimts prestasjonar i Europa har dei tent rundt 75 millionar kroner berre i reine premiepengar på å nå kvartfinalen i Serieligaen, der Roma er neste motstandar. Det viser oversikta over premiepengar på UEFAs sider.

I tillegg har Glimts sal av Erik Botheim (80 mill.) og Patrick Berg (40 mill.) gitt 120 millionar ekstra inn i potten.

Altså har Glimt fått inn nesten 200 millionar kroner sidan slutten av førre sesong. I Botheim-overgangen låg det dessutan ekstra 20 mill. i prestasjonsbaserte bonusar, men det er pengar som no heng i ein tynn tråd med tanke på situasjonen i Russland og Krasnodar.

Dette brukar dei pengane på

Då NRK spør Glimt-trenar Kjetil Knutsen om kva klubben skal bruke dei 200 millionane på, svarer han kjapt:

– Då har du berre rekna på det vi har tent, då? Ingen utgifter? spør Knutsen med eit smil tilbake og slår fast: – Det er nokre utgifter òg.

Likevel legg han ikkje skjul på at dei enorme inntektene i norsk målestokk gjer at klubben no har moglegheit til å drive på ein annan måte enn før.

Pengane ut går hovudsakleg til å leggje så godt som mogleg til rette for spelarane.

– For det er dei som er hovudproduktet. Det handlar om det medisinske apparatet, tilrettelegging når det gjeld mat, tilrettelegging på reiser, som til dømes at dei kan bu på einerom i staden for tomannsrom, og korleis vi flyg. På alle område ønskjer vi kvar dag å leggje forholda optimalt til rette, seier Knutsen.

XmVaYlt903c

I MEDVIND: Kjetil Knutsen og Ulrik Saltnes har begge vore sterke bidragsytarar til Glimt-suksessen dei siste sesongane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Glimt-kaptein Ulrik Saltnes stadfestar overfor NRK at det er merkbart i kvardagen at klubben har betre råd.

Ja, du merkar at klubben tek steg og at klubben blir meir profesjonaliserte. Ting blir litt lettare for spelarane, litt mindre utfordrande. Men når det skal seiast, er budsjettet til Glimt framleis ganske beskjedent. Mykje av pengane vi har drege inn, er ekstraordinære inntekter som er vanskelege å lage seg nokre kostnader rundt. Det er tæring for næring framleis i Bodø, seier kapteinen.

Kan du trekkje fram nokon døme på kva som har endra seg?

Reiser, kanskje. Vi reiser ofte litt meir komfortabelt og litt meir høveleg. Vi et betre og oftare saman. Vi har fleire trenarar enn før. Den vesle kjellargymmen vår har vorte litt finare. Det er litt slike ting, seier Saltnes.

Klarer Glimt å forsvare seriegullet fra 2021?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Ikkje redde for profilar. Men ...

Kjetil Knutsen påpeikar fleire gonger i løpet av intervjuet at han er oppteken av å byggje klubb langsiktig.

Derfor har dei ikkje sprengt banken og brukt dei heilt store summane på spelarkjøp i vinter.

Den dyraste overgangen er signeringa av Japhet Sery Larsen frå Brann for i underkant av fem millionar kroner.

Du ser det på dei investeringane vi har gjort inn mot denne sesongen. Vi er ganske robuste økonomisk no, men meiner vi har gjort nøkterne kjøp. Det kjenner eg er rett, vi skal hente spelarar som passar inn i Glimt og kulturen vår, og den retninga trur eg vi vil halde fram med. Det er oss leiarane sitt ansvar, vi skal forvalte noko som skal vare i mange år, seier Knutsen.

– Du kunne i praksis ha plukka spelarar frå øvste hylle i Eliteserien?

– Vi skal ha ein edruskap i det vi gjer, og det er ikkje sikkert at det er vegen å gå. Vi skal byggje eit system som fungerer for Bodø/Glimt, det skal vere ein tydeleg lønnsprofil i det vi gjer. Vi skal ikkje ha spelarar som kjem inn og tener mykje betre enn dei som allereie har prestert bra i Glimt-trøya. Vi er ikkje redde for å hente profilar, men vi skal hente spelarar som passar inn i identiteten og kulturen vår. Det bruker vi veldig mykje tid på, slår Knutsen fast.

Glimt-supportere stormet banen

GOD SIGNERING: Erik Botheim er eit godt døme på ein spelar som slår gjennom i Glimt-drakt. Her frå seriegullfeiringa i fjor.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Eit paradoks

Dei siste sesongane har Glimt gjort fleire gode signeringar av spelarar som kanskje mange hadde gitt opp.

Erik Botheim er kanskje det beste dømet. Han sleit benken i RBK og mislykkast i Stabæk, men slo kraftig gjennom på Aspmyra.

– Eg trur det er lettare for Glimt enn for mange andre lag, fordi vi har ein så tydeleg spelestil og identitet som forenklar det. Men eg understrekar at historia til spelarane våre stort sett er spelarar som ikkje har lykkast andre stader. Det er eit paradoks. Det er mange der ute som har eit potensial dei ikkje har teke ut, det er mykje kjekkare å finne dei enn dei som allereie har lykkast, seier Knutsen.

Og få har vist seg betre til å gjere nettopp det enn den 53-årige bergensaren.

– Dei handplukkar ikkje spelarar

Førebels er det ikkje mykje sjalusi å spore hos konkurrentane i Eliteserien. Dei NRK har snakka med meiner Glimt har gjort seg fortent til pengane.

– Og eg føler ikkje at dei handplukkar dei beste spelarane frå Eliteserien, slik Rosenborg gjorde på nittitalet. Dei har utvikla spelarar, eit lag, ein måte å trene på, eit team og alt det der, utan at dei har brukt mykje pengar. Det speglar ikkje måten dei held på no, at dei har masse pengar, seier Amin Askar til NRK.

Glimt mot Rosenborg søndag kveld, og alle andre eliteseriekampar, kan du som alltid følgje på NRK Sport på radio.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal