– Han er sentral i vårt spel, er dyktig og legg ned ein stor arbeidsinnsats.
Det seier AaFK-trenar Jan Jönsson.
Han er ikkje i tvil om at Michael Barrantes er viktig for Aalesund. Det er heller ikkje AaFK-fansen og administrerande direktør Henrik Hoff.
Likevel er det langt frå sikkert at 29-åringen frå Costa Rica blir i Ålesund by utover 2013.
For kontrakten varer ikkje lenger enn årets sesong, og Barrantes sjølv vil ikkje prate så mykje om temaet.
- Trur du AaFK klarer å halde på Michael Barrantes utover årets sesong? Sei meininga di i kommentarfeltet nedst.
– Måtte klare oss utan
Det som derimot ikkje er usikker er at Barrantes på ny var sentral måndag, då AaFK banka Lillestrøm heile 7-1. Det gjer han med gjennombrotspasningar og ei unorsk ro over alt han set i verk med ein fotball.
– Han er veldig viktig for vårt spel. Då han var ute i førsesongen måtte laget klare seg utan han. Det er viktig det òg, slik at vi ikkje gjer oss for avhengige av nokon einskild spelar, seier Jönsson.
Så langt i årets sesong har Michael Barrantes både vunne duellar, lagt til rette for andre og sjølv scora mål. Ein frykta høgrefot har òg ført til fire scoringar.
Etter gårsdagens maktdemonstrasjon mot LSK er han delt toppscorar saman med Abderrazak Hamdallah og Leke James.
Saka held fram under videoen.
Ingenting avklara
I lang tid har Henrik Hoff og AaFK forsøkt å overtyde costaricanaren om å forlengje, utan hell.
– Vi har vore i dialog med Barrantes om forlenging over ei god periode no. Førebels er ikkje noko avklara, verken om forlenging eller om han ikkje ønskjer å forlenge, fortel Hoff til NRK.
– Kva står det på akkurat no?
– Det står på fleire ting, men det får vi og Barrantes ta internt.
På spørsmål om Hoff trur midtbanejuvelen blir i klubben får vi svar i håp.
– Eg har eit håp om at han skal halde fram i AaFK utover 2013-sesongen. Mike er ein fin fyr, ein svært godt fotballspelar og ein spelar vi trivst med å ha i AaFK, slår direktøren fast.
– Må spele fotballen vi spelte i går
Også trenar Jönsson fortel at dei no håper på kontraktsforhandlingar.
– Klubben har forsøkt å leggje ny kontrakt på bordet. Det er mogleg at den dialogen blir tatt opp igjen, fortel svensken.
Han meiner god fotball, sigrar, scoringar og ei god plassering kan bli avgjerande.
– Vi må halde fram med å spele fotballen vi spelte i går. Han trivst godt med den og kjenner at han er sentral i laget. Eg veit at han trivst godt med fotballen og familien her, men samstundes er han langt frå Costa Rica.
For fotballspelaren, som blir 30 år i oktober, har drøymt om å spele i større ligaer.
– Det kan vere noko som lokkar han, og det må ein ha forståing for, avsluttar Jönsson.