Hopp til innhold

Står i kø for Håkon (19): – Det eksploderer

Håkon Moe Berg sitt siste 1500-meterløp forbausar friidrettsverda. Nå blir trenaren ringt ned av friarar.

en mann i grønn skjorte

KOMET: 19 år gamle Håkon Moe Berg slo gjennom som ein skikkeleg friidrettskomet førre veke da han kvalifiserte seg til VM i Tokyo.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

– Livet er herleg slik som det er nå, eg trivast, seier Håkon Moe Berg da NRK møter han på Trondheim Stadion få dagar etter bragda.

Og nå er det mange som vil ha tak i supertalentet. Telefonen til trenaren går varm.

– Det eksploderer. Kort fortalt.

Det fortel leiar i Team Trøndelag Erik Sakshaug om interessa for 19-åringen til NRK.

Det var onsdag kveld førre veke at Håkon Moe Berg sprang inn til fantastiske 3:30,28 på 1500 meter under eit stemne i Tyskland.

Med det klarte han kravet til VM i Tokyo i september.

en mann i uniform

UNIFORM: Denne veka stilte Håkon Moe Berg opp i Kyrksæterøra Idrettslag si treningsjakke. Framover blir det kanskje eigne sponsorar å sjå på friidrettskometen frå nettopp Kyrksæterøra.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Harejobb som løn

Trass i supertida og at han nå er VM-klar, måtte han tysdag kveld stille opp som hare, eller fartshaldar om du vil, for resten av lagkompisane i Team Trøndelag.

Dette fordi resten av laget ville avslutte sesongen med å prøve å sette nye personlege rekordar.

en person som peker på en annen mann

HARE: Håkon Moe Berg (til venstre) saman med klubbkompis Magnus Øyen i forkant av det som vart eit rekordløp for sistnemnde.

Foto: Hans Solbakken / NRK

– Eg får jo såpass mykje att for å vere i miljøet mitt her i Trondheim. Så det er godt å gje tilbake. Nå kan eg både gje til fellesskapet, men også bidra til noko veldig konkret med å bidra til gode tider for dei.

Etter løpet kunne lagkompis Magnus Øyen tilfreds slå fast at det vart ny personleg rekord på 3.41 med superharen Berg i front.

– Godkjent harejobb. For meg vart det «pers» med 3.41,29. Så det var perfekt, seier Magnus Øyen i Team Trøndelag om haren med personleg rekord på 3.30,28.

Les også Kopierte Jakob Ingebrigtsen med gulldobbel: – Visste det var mulig

Håkon Moe Berg løp inn til sitt andre gull i U20-EM på to dager.

– Trondheim, «that's it»

Nå skal 19-åringen med den 16. beste tida på 1500 meter i verda dette året, førebu seg til VM i Tokyo i september.

Dit reiser han kanskje også med sin fyrste sponsor.

For etter 3.30-prestasjonen, så ringes trenaren ned, og utstyrsleverandørane står i kø for signere ungguten, fortel Sakshaug.

en mann iført en blå jakke
Foto: Sør-Trøndelag Friidrettskrets

– Håkon har jo aldri hatt ein sponsor, han har aldri hatt ein skoavtale. Han har aldri trena i høgda. Vi har berre trena i Trondheim, «that's it», seier ein av Team Trøndelags trenarar Ola Sakshaug til NRK.

– Bror min, Erik, sit i telefon heile dagen.

Broren, Erik Sakshaug altså, bekreftar telefonstormen.

– Det er meir eller mindre alle utstyrsleverandørane som er interessert i å få ein utøvar på kroken.

– Kva er det du da jobbar med?

Hedda Hynne og Erik Sakshaug

TRENAR: Erik Sakshaug her saman med tidlegare 800 meter-løpar Hedda Hynne. Han er trenar i Team Trøndelag der Håkon Moe Berg trenar.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Det er jo å ha litt is i magen. Tenkje seg nøye om i forhold til kva Håkon sjølv ynskjer eigentleg. Korleis type avtale han vil ha, kor lang ho skal vere. Det er ein rekkje ting ein må tenkje gjennom i ein slik prosess da, seier Erik Sakshaug.

Han fortel at dei med vilje ikkje har forhandla fram nokon type kontraktar for nokon av utøvarane i Team Trøndelag til no. Dette for å vere i god posisjon til augneblink som no. Målet er også at ei avtale skal gagne heile Team Trøndelag i tillegg til kometen Håkon Moe Berg.

Les også Friidrettskomet (19) klarte VM-kravet i siste liten – Ventar på å vakne frå ein draum

tommel opp

Innboks-rekord

Løpet til Håkon Moe Berg har også sett spor av seg rundt omkring i friidrettsverda. På delingsplattforma X skriv den kjende friidrettsjournalisten Jonathan Gault at Berg sin prestasjon førte til stort trykk i hans innboks også.

– Eg har fått fleire tekstmeldingar/e-postar om denne prestasjonen den siste timen enn for noko anna løp i år, sett bort frå 800 meter-finale i USA, skriv Gault.

Til NRK greier Gault ut om kvifor han trur kometen frå Noreg begeistrar.

– Eg trur friidrettsfolk elskar tenåringsfenomen. Likevel så er det eit par ting med Håkon Moe Berg som gjer at han står ut, seier Gault og held fram:

– For det fyrste er han norsk. Eg trur folk finn det utruleg ta eit så lite land kan produsere nok ein tenåringssensasjon på 1500 meter så raskt etter Jakob Ingebrigtsen. Det andre er måten han sprang 3:30-løpet sitt på, seier Gault.

IMG_7577

FRIIDRETTSJOURNALIST: Jonathan Gault er journalist for letsrun.com, og følgjer friidrett tett.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Han fyller ut med å beskrive kor stor styrke 19-åringen frå Kyrksæterøra viste da han sette opp farten på sisterunden, og kor uredd ungguten var mot dei eldre konkurrentane.

Håkon Moe Berg sjølv håpar han nå er komen for å bli i friidrettstoppen.

– Det er artig at folk legg merke til det eg gjer. Det er klart at vi har tradisjon for å vere gode på øvingar som 1500 meter nå. Det skal vere mogleg, med erfaringa og kompetansen vi har, å halde nivået over tid. Eg håpar eg er komen for å bli, seier Berg til NRK.

VM er bonus

Etter superløpet som Narve Gilje Nordås vann få hundredelar framfor Berg, så er ungguten altså klar for verdsmeisterskapen i Tokyo som går føre seg frå 13. til 21. september.

Det kjem litt overraskande på.

– Det blir jo ein litt lenger sesong enn kva vi hadde sett for oss, seier Sakshaug, men held fram:

en person som løper på en bane

TALENT: Håkon Moe Berg har vore eit talent lenge. No skal han leike med dei store i VM. Her frå Boysen Memorial 2025.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

– Vi må berre forlenge sesongen med ein månads tid da. Vi hadde det jo i bakhovudet at dette kunne skje, men han toppa jo på ein måte forma til NM og U20-EM tidlegare i august. Så nå blir VM ein bonus, men så god som han er no, så trur eg at han kan bite frå seg.

Håkon Moe Berg sjølv kan ikkje vente til VM startar.

– Kanskje halvparten av dei som spring 1500 meter i VM er medaljekandidat. Det er sinnssykt jamt i toppen, så alt kan skje. Ingenting er umogleg, seier ein blidspent Håkon Moe Berg.

VM i friidrett følgje du på NRK sine plattformer frå 13. til 21. september.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. To lagkamerater gjorde at den totale poengsummen ble 180 poeng.

    Under den siste etappen av Tour de Guanxi ble spurteren Stanisław Aniołkowski nummer to. Det betyr 25 nye poeng til det franske laget. I tillegg fikk Sylvain Moniquet 20 poeng for 19.-plassen sammenlagt og Emmanuel Buchmann 2 poeng for sin 52.-plass.

    Avstanden er dermed nede i 174 poeng i favør Uno-X.

    Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. Svaret får vi etter klokka 17 i dag.

    På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto, vil 19.-plassen på årets ranking holde til World Tour-lisens for de kommende tre årene.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal