I 1978 sprang Grete Waitz inn til tida 4:26,9 på ei engelsk mil.
Det skulle ta heile 38 år før Waitz sin norske rekord blei slått.
På Bislett torsdag kveld susa Karoline Bjerkeli Grøvdal inn til 4:26,23 og ny norsk rekord.
– Eg har stor respekt for Grete Waitz, og det å kunne si at eg har løpt raskare enn Grete Waitz, det kan eg gå og skryte av, seier Grøvdal.
Henrik Ingebrigtsen, som sprang den engelske mila tidlegare på kvelden, lot seg imponere.
– Jævlig bra, Karoline. Veldig bra!, jubla Henrik Ingebrigtsen.
– Eg er ikkje overraska. Ho har løpt vanvittig bra i det siste. Dette blir veldig bra til EM og OL, legg han til.
Grøvdal var spesielt sterk mot slutten.
– Eg tenkte å ta rekorden i dag. Det var veldig deilig å klare det. Eg følte at eg var roleg og følgde planen. Eg stoler på avslutninga mi, seier Grøvdal.
– Er forskjellen at du endeleg har vore skadefri over lengre tid?
– Ja, idrett handlar veldig mykje om kontinuitet. No har det endelig begynt å løsne litt. Du får igjen for det du har trena på i mange år når du går eit par år uten avbrot, seier 25-åringen.
Faith Kipyegon fra Kenya vann med tida 4:18,60.