Hopp til innhold

Fryktar rovdrift på nøkkelspelar under EM: – Vore slitsamt mentalt

Noregs kaptein Henny Reistad storspelte i opningskampen i EM, men har knapt hatt ein dag fri etter OL-gullet i sommar. NRKs handballekspert fryktar rovdrift på stjernespelaren.

Håndball-EM kvinner 2024: Norge - Slovenia

KAPTEIN: Henny Reistad er i sitt første meisterskap som kaptein for Noreg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Dei norske handballjentene starta EM i Austerrike med ein oppskriftsmessig siger over Slovenia torsdag kveld. Kaptein Henny Reistad viste seg som den nøkkelspelaren ho er, og blei kampens toppscorar med ni mål.

Ho blei også kåret til banens beste spelar.

Det er sjølvsagt gøy. Det viktigaste for meg er at eg kan ta ansvar, og sette meg sjølv og andre i gode situasjonar i angrep, og det kom eg ganske greitt ut av i dag, seier Reistad til NRK etter kampslutt.

NRKs handballekspert Kenneth Gabrielsen roper nå varsku om overdriven belastning på stjernespelaren.

– Det er fare for at det blir rovdrift på mange av dei beste spelarane i Europa som har gått gjennom eit OL og spelt meisterliga. Og Henny spelar veldig mykje for sin klubb Esbjerg, men skal Noreg nå langt må Henny spele mykje, åtvarar Gabrielsen.

Håndball-NM, Final 8 2023: Vipers - Storhamar

ÅTVARAR: NRKs ekspert fryktar rovdrift på Henny Reistad under EM.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Slitsamt mentalt

Etter OL fekk Reistad eit par dagar fri før oppkøyringa til den nye sesongen i klubblaget Esbjerg i Danmark starta.

Frå slutten av august og fram til no har klubblaget Esbjerg spelt 20 kampar i heimleg liga og flydd Europa rundt i meisterligaen.

– Det har vore periodar som har vore litt tøffare enn andre med tanke på at det har vore litt slitsamt mentalt og fysisk, seier Henny Reistad til NRK.

I tillegg har Reistad spelt 5 av 6 kampar i dei to norske oppkøyringshelgane til EM.

Det betyr nesten kamp kvar tredje dag.

– Eg synst det har vore bra å konsentrere seg om ein kamp og ikkje sjå for langt fram på hausten og sesongen, understrekar Noregs kaptein.

No ventar eit EM med kampar annakvar dag fram til 16. desember.

Håndball-EM kvinner 2024: Norge - Slovenia

MANGE KAMPAR: Henny Reistad har spilt fleire kampar i veka sidan OL.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Får mykje ansvar

Med gravide Nora Mørk og Veronica Kristiansen ute av landslaget og ei Stine Bredal Dahmke som har lagt opp, så er enda meir ansvar lagt på skuldrene til Noregs nye kaptein.

– Den rolla blir veldig sentral og dei siste sesongane har ho vore heilt «outstanding». Så det er klart det blir mykje ansvar på Henny. Det kjem vi ikkje utanom, seier Gabrielsen.

Sommer OL i Paris 2024

GULL: Nora Mørk og Stine Bredal Dahmke feirar OL-gull i sommar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Noreg møter Slovenia, Austerrike og Slovakia i dei tre første kampane i meisterskapet. Lag Noreg normalt skal ha god kontroll på.

– Då håpar eg dei er fornuftige og får spelt inn andre spelarar og får kvilt Henny så mykje som mogeleg.

Hovudperson sjølv seier til NRK at dette med kampbelastning er noko dei har fokus på i laget.

– Så er vi jo klare på at det kan bli mykje spel. Så skal eg vere god til å sei ifrå om det trengst nokon pausar undervegs. Eller tar grep i kampen, slik at man ikkje er for sliten etterpå.

Les også Rushfeldt Deila-tvillingane tatt ut til EM – Hergeirssons gjekk i surr i uttaket

Thale Rushfeldt Deila og Live Rushfeldt Deila

Gjer endringar i EM

Landslagssjef Thorir Hergeirsson er ikkje redd for at det skal bli rovdrift på den 25 år gamle Bærumsjenta, men understrekar at det kan bli mange kampar på den norske kapteinen.

– Det kan det jo bli. Vi spelar alltid meisterskap for å forsøke å vinne kampar. Og så skal vi forsøke og manøver slik at vi kan avlaste dei sentrale spelarane når det mogeleg.

Håndball-EM kvinner 2024: Pressetreff

SLUTT: Thorir Hergeirsson er inne i sitt siste meisterskap som norsk landslagssjef.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Han har likevel tatt eit viktig grep før dette meisterskapet.

– Ho kjem i hovudsak til å vere ein angrepsspelar for oss i dette meisterskapet her.

Med fleire nye på laget og berre to samlingar før meisterskapet vedgår landslagssjefen at laget ikkje er like godt samspelte som laget spelet i OL. Nøkkel blir ifølgje han at ikkje alt står og fell på den norske kapteinen.

– Henny Reistad er viktig på alle lag ho spelar for. Men Henny flyttar ingen fjell aleine. Vi er avhengige av at mange fleire må trå til, stå fram og ta ansvar. Både når ho er bana, men også når ho ikkje er der, fortel islendingen som leiar sitt siste meisterskap som norsk landslagstrenar.

Håndball-EM kvinner 2024: Pressetreff

EM: Henny Reistad på plass i EM-byen Innsbruck.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Dårleg start på kampen

Noreg var store favorittar i opningskampen mot Slovenia, men fekk ein rufsete start, og fekk det ikkje til å stemme i angrep. Det gjorde Slovenia, og ved fem spilte minutt leidde de hele 3–0.

Så vakna Noreg, og Sanna Solberg-Isaksen starta opphentinga. På stillinga 3–3 var kaptein Henny Reistad sikker frå straffemerket, og førte Noreg i leiinga for første gong.

Inn mot pause auka de norske spelarane til femmålsleiing, og tok pause på stillinga 16–11.

Den leiinga forsvarte Thorir Hergeirrsons spelarar gjennom andre omgang, utan å sleppe Slovenia inn igjen i kampen.

Håndball-EM kvinner 2024: Norge - Slovenia

Camilla Herrem og Noreg vann opningskampen, men meiner dei har meir å gå på.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Lange angrep

Etter kampen syntest Camilla Herrem at det norske laget ikkje helt klarte å komme opp på det giret de ønsket.

Vi slepper inn litt unødvendige mål. Helt i slutten av angrepa deira falt vi litt bak. Litt rykk og napp i dag, men det er ein veldig typisk opningskamp. Eg skulle ønske vi klarte å sette forsvaret enda tøffare og hardare, seier Herrem til NRK.

Både ho og Reistad peiker på at Slovenia hadde mange lange angrep, som tidvis gjorde Noreg ukonsentrerte.

– Vi blei tatt litt av at de spilte veldig sakte handball, og det er ikkje vi vant til. Så det var litt vanskeleg å halde fokus, seier Reistad.

Det er ein rufsete kamp, men vi vinnar vel med sju eller noko sånt. Det er greitt, men det er mykje å jobbe med, sa Thorir Hergeirsson til TV 2 etter kampen.

Vidare i gruppespelet møter Noreg vertsnasjon Austerrike og Slovakia, og vil vere favorittar også i de kampane.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt-stjernen Ulrik Saltnes fikk hjernehinnebetennelse

    Etter Glimts seier mot Sturm Graz i Mesterligaen har Ulrik Saltnes vært ute av spill.

    Nå forteller han til Avisa Nordland at dette har skyldtes hjernehinnebetennelse. Til avisen forklarer han at det startet med helvetesild, som utviklet seg til hjernehinnebetennelse.

    – Da ble ting straks mer alvorlig. Jeg fikk oppfølgning og kur der, og det ble tatt ytterligere prøver. Jeg måtte bare ta tiden til hjelp. Heldigvis gikk det bra, og jeg kom meg hjem igjen etter hvert, sier Ulrik Saltnes til Avisa Nordland.

    Ifølge NHI er hjernehinnebetennelse en alvorlig sykdom som kan ramme uansett alder, og trenger umiddelbar behandling.

    Saltnes skal nå være tilbake på treningsfeltet og forbereder seg til Glimts kommende kamper. Lørdag møter de Sarpsborg borte i Eliteserien, før Mesterliga-kampen borte mot Galatasaray venter onsdag.

    en mann i svart skjorte

    Glimt-profil Ulrik Saltnes åpner opp om alvorlig sykdom

    En viktig brikke har manglet under Bodø/Glimts eventyr i Mesterligaen denne høsten. Nå forteller Ulrik Saltnes til NRK om sykdommen han har slitt med.

  • Dansk syklist syklist klar for Uno-X

    Den danske syklisten Alexander Kamp er klar Uno-X. Det bekrefter sykkellaget i sosiale medier.

    Dansken kommer fra Intermarché-Wanty, som han syklet for i 2025-sesongen.

    31-åringen har vunnet det danske mesterskapet ved to anledninger.

    Alexander Kamp
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Kjempesmell for Brann – stjernespiller ute resten av sesongen

    Sævar Atli Magnusson har pådratt seg en kneskade og mister Branns innspurt i Eliteserien og viktige kamper i europaligaen.

    Han måtte tidligere i uken ut før pause i Islands 2-2-kamp mot Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    – Det er utrolig kjedelig og det var et sjokk for meg at det var så omfattende. Men vi har en god tropp, og jeg skal heie på dem ut sesongen, samtidig som jeg skal jobbe knallhardt for å komme enda sterkere tilbake, sier Magnusson i en uttalelse.

    Magnusson har vært en hit i Brann siden overgangen fra danske Lyngby. Han står med ti mål på 16 kamper for bergenserne. (NTB)

    Magnusson
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal