Dagens mellomdistanse var siste sjangs til å ta individuell medalje i årets VM i orientering i Granåsen, Trondheim.
Norske Marianne Andersen leda då ho sprang over målstreken, men endte til slutt med bronsemedalje.
– Eg er veldig fornøyd med tredjeplassen til tross for at gullet glapp, sa Andersen til NRK etter løpet.
Kauppi kuppa gullet
Finske Minna Kauppi (27) vant gullet, hennar tredje i karrieren.
Foto: Alley, Ned / ScanpixFinske Minna Kauppi sprang godt på slutten, og tok gullet foran sveitsiske Simone Niggli på mellomdistansen for kvinner.
Andersen har frå før heile seks VM-sølv, men har aldri vunne ein VM-tittel individuelt.
– Eg manglar gullet, men eg har jo ikkje tenkt å gje meg enda. Det kjem nye sjangsar, sa drammensjenta etter dagens løp.
Tøffe finnar
Så seint som i fjor blei 30-åringen verdsmeister i orienterings-stafett. Ho fryktar likevel at Finland kan bli harde å slå i morgondagens VM-stafett i Trondheim.
– Eg føler at me har eit sterkt lag som absolutt bør vera med og kjempa i toppen, men det finske laget med Kauppi i spissen har vist at dei er i toppform. Me har ei vanskeleg oppgåve foran oss, seier Andersen.
Stafetten startar søndag klokka 11.30. Forutan Marianne Andersen skal Elise Egseth og Anne Margrethe Hausken springe etappane for Noreg.