Hopp til innhold

OL-meister bad 21-åringen gå ned i vekt: – Kva faen er det han spør om?

Stjerneskotet Lovise Skarbøvik Andresen skulle få verdifulle tips til å bli endå raskare på bana. Eit av tipsa gav henne bakoversveis.

EM friidrett 2024 i Roma

KVA FAEN!?: Lovise Skarbøvik Andresen fekk spørsmål om kor mykje ho vog av ein OL-vinnar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kva faen er det han spør om? Ein ser jo ut som eit spørsmålsteikn i eit par sekund, og så må ein liksom berre hente seg inn igjen.

Slik skildrar Lovise Skarbøvik Andresen, Norges raskaste kvinne på 100 meter hekk, kva ho tenkte då ho fekk «tips» om korleis ho kunne bli ein betre hekkeløpar.

I september i fjor var Skarbøvik Andresen nettopp ferdig med å trene, då det kom ein mann og sette seg ned på huk ved sida av henne.

Han sa at han ikkje hadde sett så mange som meg før og at han likte treningskleda mine, så han lurte på kven eg kunne vere.

Hansle Parchment

Hansle Parchment blei olympisk meister på 110 meter hekk i Tokyo i 2021.

Foto: Petr David Josek / AP

Ho drog ikkje kjensel på kven han var, men etter å ha sjekka startlistene til stemnet som skulle gå dagen etter og etter å ha fått eit ny følgar på Instagram, innsåg ho kven det var.

Det var gullvinnaren på 110 meter hekk frå OL i Tokyo som nettopp hadde snakka med henne. Hansle Parchment frå Jamaica.

Eg tenkte at det eigentleg var veldig gøy og litt stas. Det er ikkje kvardagskost å vere på stemne og at OL-vinnarar berre kjem bort og vil snakke med meg, fortel ho.

Lovise Skarbøvik Andresen

Hekkeløpar Lovise Skarbøvik Andresen under ein pause i treninga i Ulsteinhallen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– For tung

Under det korte møtet fekk ho også nokre tips om korleis ho kan kome seg dei hundre meterane frå startstreken til mål endå kjappare.

Eit av tipsa ho fekk var at ho burde angripe hekkane meir og trene meir styrke.

Så kom orda som gjorde at Skarbøvik Andresen såg ut som eit spørsmålsteikn.

«Du bør gå ned i vekt».

Han spurde kor mykje eg vog, og etter å ha rekna om frå kilo til pounds, sa han at eg burde gå ned cirka 15 pounds.

15 pounds er rett i underkant av sju kilo.

Kva tenkte du da han sa det?

Eg lo berre.

Han sa ikkje at eg så feit ut, men at eg var litt for tung, held ho fram.

Kor mykje raskare meinte han du kunne springe?

Om eg ville springe 12,40, meinte han det var innanfor, fortset ho.

Det er nesten eit halvt sekund raskare enn den personlege rekorden hennar. 21-åringen sprang på 12,89 under EM i Roma i 2024.

– Handlar om fysikk

NRK har vore i kontakt med pressetalsmannen til Hansle Parchment. Han skriv dette:

«Då eg kontakta Hansle rundt e-posten din, blei han overraska over spørsmåla dine. Han snakka på ingen måte om korleis denne utøvaren ser ut. Dette har ingenting å gjere med synet på kropp nokon stad i verda.

Det handlar rett og slett om fysikk. Ein kropp på 100 kg bevegar seg raskare enn ein kropp på 110 kg når same kraft blir påført», svarer Bruce James på e-post.

– Fått av deg kvalpefeittet?

NRKs friidrettskommentator og tidlegare hekkeløpar, Christina Vukicevic, seier kommentaren til OL-vinnaren til Skarbøvik Andresen er hovudlaus.

– Det er ein openberr kulturkrasj. Han veit jo ikkje styrkane hennar. Kanskje han ikkje meinte det på den måten, men i våre øyre så høyrest det heilt vanvitig ut.

Christina Vukicevic Demidov

Friidrettskommentator Christina Vukicevic fekk sjølv kommentarar om kroppen sin då ho var aktiv.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / Sigmund Sagberg Andersen/NRK

Ho opplevde sjølv å få kommentarar om kroppen sin da ho var aktiv.

– Då eg var på treningsleir i Sør-Afrika var det ein serbisk, kvinneleg trenar som sa til meg «du har fått av deg kvalpefeittet ditt. Det ser ut som du er i god form». Også på treningsleir i USA hadde dei ein annan sjargong da dei prata om kropp. Det gjaldt både for gutane og jentene, i positiv og negativ forstand.

– Dei har ein meir frisleppen måte å snakke på, seier Vukicevic.

Til orientering, så opplyser NRK-kommentatoren at ho var på sitt tyngste i sin beste sesong i karrieren, som var i 2011.

Lovise Skarbøvik Andresen

BEST: Lovise Skarbøvik Andresen tok NM-gull på 100 meter hekk i friidrett-NM i Sandnes 29. juli 2024.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Ikkje blitt betre

Hansle Parchment kjem frå Jamaica. Skarbøvik Andresen trur dei ser litt annleis på kropp der enn det ein gjer i Noreg.

Ja, det gjer dei nok. Hekkeløparane derfrå er også ein del lågare enn meg, så dei vil jo bygge kroppen sin på ein annan måte enn meg.

I fjor blei den nest raskaste kvinna i historia på 200 meter, jamaikanske Shericka Jackson, grovt kroppshetsa og kalla «ein uopna chipspose».

– Hadde du blitt ein betre løpar om du hadde gått ned dei kiloa han sa du burde?

Eg trur ikkje eg hadde blitt så mykje betre som han meinte. Det er ikkje sånn at eg berre kunne endra vekta, så hadde alt ordna seg og på magisk vis hadde eg blitt nummer fem i OL. Om eg hadde gått ned det han sa, så hadde vi aldri klart å utrette det eg gjer på styrkefronten for eksempel. Og styrken hjelper også på springinga, avsluttar Dimna-løperen.

Vukicevic skryter av måten Skarbøvik Andresen handterte kommentaren på.

– Eg synest det er fint at ho reflekterer såpass over det, og at ho høyrer på teamet sitt og trenarane sine. Ho har såpass god sjølvtillit at ein sånn kommentar prellar av, avsluttar ho.

Spilles av
Kommentatorene settes ut: – Det er over grensa
Neste

Siste nytt

  • Skadesmell for Italia før Israel-kampen – stjernespiss ute

    Italias avgjørende VM-kvalifiseringskamp mot Israel går uten angriper Moise Kean.

    Det opplyste Det italienske fotballforbundet (FIGC). Forbundet la til at årsaken er ankelskaden han pådro seg mot Estland lørdag.

    Keans fravær er et hardt slag for Italia-trener Gennaro Gattuso. Kean har scoret seks mål på sine fire siste landskamper. (NTB)

    Fotballspiller Moise Kean med publikum i bakgrunnen
    Foto: AP
  • Kolstad-stjernen klar for PSG: – Et vanskelig valg

    Kolstads stjernespiller Simen Lyse (25) har signert for franske PSG. Han slutter seg til klubben til sommeren.

    Lyse hadde opprinnelig kontrakt med Kolstad til 2027, men nå forsvinner den norske landslagsspilleren fra klubben.

    PSG opplyser på X at Lyse vil gå i gang med spill i Paris fra 1. juli neste år. Kontrakten varer til 2029. Lyse har vært i Kolstad siden 2020.

    – Han er en ambisiøs og talentfull spiller som har etablert seg som en nøkkelspiller for Kolstad og det norske landslaget, sier klubbens daglige leder Thierry Omeyer.

    – Det er klart det blir spesielt, og det var jo et vanskelig valg, for jeg trives veldig godt i Kolstad. Men samtidig kjentes det ut som rett tidspunkt med tanke på egen utvikling, og at jeg er klar for å spille i en tøffere liga, sier Lyse til Adresseavisen. (NTB)

    En gruppe menn som spiller fotball
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Solbakken forklarer Haaland-exiten: – En «no-brainer»

    Erling Braut Haaland er én av totalt fem landslagsspillere som har forlatt landslagssamlingen før treningskampen mot New Zealand.

    Landslagssjef Ståle Solbakken forsvarer valget, selv om over 18.000 har kjøpt billett til kampen og trolig hadde satt pris på et mer toppet lag.

    – Det er en «no-brainer». Ikke bare for oss, men også for gutten sin del, spesielt i forhold til hele totalpakken, sier Solbakken og fortsetter:

    – Det kampprogrammet han er gjennom nå er helt sykt. Du kan bare ta den siste uka før vår neste samling, da har han Bournemouth, Dortmund og Liverpool, sier han.

    I tillegg til Haaland har også Alexander Sørloth, Julian Ryerson og Fredrik Bjørkan forlatt troppen etter 5-0-seieren mot Israel. Felix Horn Myhre har også forlatt samlingen på grunn av ankeltrøbbel.

    Inn kommer Sebastian Sebulonsen, Eivind Helland, Sverre Nypan og Kristian Malt Arnstad.

    – Det er mange som får en sjanse til å vise seg frem. Det blir et helt nykomponert lag, men det er mange som har trent veldig godt i kulissene i ganske mange samlinger nå, uten å få all verdens spilletid. De fortjener det, sier Solbakken.

    Landslagssjef Ståle Solbakken var i godt humør to dager etter storseieren mot Israel. Det gikk utover Dagbladet-journalist Tore Ulrik Bratland før presssekonferansen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal