Hopp til innhold

Foreslår ligastart med ansiktsmasker: – Det vil gi spelarane ei kjensle av klaustrofobi

Fotballkampar der spelarane må ha maske, kan bli realiteten når fotballen etter kvart startar opp igjen. Det er iallfall eit forslag i Tyskland. I Sør-Korea får dei ikkje lov å spytte og snakke.

Erling Braut Haaland

MASKE: Erling Braut Haaland håpar å få spele igjen 9. mai. Men det kan bli bak ansiktsmaske

Foto: Bernd Thissen / AP

I Tyskland håpar dei at Erling Braut Haaland og hans kollegaer i Bundesliga skal vere i gang med kampar 9. mai. Men først må smittevernet på plass.

Det er det tyske magasinet Der Spiegel som har fått tilgang til eit utkast til smittevern-retningslinjer som skal leggast fram for arbeidsdepartementet.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er skeptisk til spel med maske.

– Det blir veldig vanskeleg, eg vil seie håplaust, å bruke ansiktsmaske under ein kamp. Det vil gi spelarane ei kjensle av klaustrofobi, seier Torp.

«Om maskene sklir ned, blir kampen stoppa»

Eit av smitteverntiltaka som blir lansert, er at Haaland og dei andre spelarane i ligaen må bruke ei ansiktsmaske som «ikkje sklir ned ved spurtar, headingar eller taklingar».

«Skulle maskene skli ned, må kampen stoppast omgåande», heiter det vidare.

Og fordi maskene etter kvart blir våte av at spelarane pustar, må dei bytast minst kvart 15. minutt.

Alternativet i Tyskland er at kvart lag blir sett i karantene på eit hotell ut sesongen, som etter planen skal avsluttast 30. juni, skriv Der Spiegel.

– Personleg vil eg sjå på det som vanskeleg å bu på hotell utan å sjå familien dei neste fem vekene, seier Eintracht Frankfurt-spelar Danny da Costa.

Bayern München-stjerna Thomas Müller seier på si side til Bild at felles karantene kanskje er einaste måten å fullføre sesongen på.

Får ikkje snakke saman

Bjørn Maars Johnsen

I GANG: Bjørn Maars Johnsen og dei andre spelarane i øvste serien i Sør-Korea får spele konkurransekampar igjen frå 8. mai. Men det blir med maske, men utan å spytte eller snakke

Foto: Ulsan Hyundai

Men medan oppstarting i Tyskland 9. mai er usikkert, er det klart at den koreanske ligaen får grønt lys for å starte opp igjen dagen før, 8. mai.

Bjørn Maars Johnsen blir dermed den første norske landslagsspelaren som får spele kampar igjen.

Men det blir utan lov til å spytte og snakke.

Den sørkoreanske K-ligaen i fotball blir sparka i gang meir enn to månader forseinka. Det vart bestemt under eit møte mellom klubbane fredag. Johnsen spelar for klubben Ulsan Hyundai.

Sesongen skulle eigentleg ha starta 29. februar, men vart utsett på grunn av virusspreiinga. No er forholda i landet slik at det er gitt grønt lys for oppstart.

Ifølgje nyheitsbyrået Yonhap må alle som er til stades utanom spelarane bruke maske, og spelarane får verken lov til å spytte på graset eller snakke med kvarandre på banen.

– Kommunikasjon er ein integrert del av fotballen

– Forbodet mot å spytte er greitt, men det er umogleg å spele fotball om vi ikkje får kommunisere med kvarandre, seier Incheon United-kaptein Kim Do-hyeok.

– Det er ukomfortabelt å prøve å gi spelarane beskjedar når eg må ha maske, men slik ting er no har vi ikkje noko val, seier Suwon-trener Kim Do-gyun.

Heller ikkje det kravet vil bli enkelt å handheve, meiner Carl-Erik Torp.

– Kommunikasjon ute på bana er ein integrert del av fotballen, og eit forbod blir umogeleg å handheve. Spelarane kjem til å snakke, og kva skal dommaren gjere då? spør han.

Kampane i dei første serierundane blir også spela for tomme tribunar.

Torp trur det er desperasjonen som alle land har etter å kome i gang igjen med fotballen, som får fram slike idear.

– Det er mykje pengar involvert. Derfor dukkar det nok opp i overkant kreative idear for å kome i gang igjen og redde stumpane av sesongen, meiner Torp.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt-stjernen Ulrik Saltnes fikk hjernehinnebetennelse

    Etter Glimts seier mot Sturm Graz i Mesterligaen har Ulrik Saltnes vært ute av spill.

    Nå forteller han til Avisa Nordland at dette har skyldtes hjernehinnebetennelse. Til avisen forklarer han at det startet med helvetesild, som utviklet seg til hjernehinnebetennelse.

    – Da ble ting straks mer alvorlig. Jeg fikk oppfølgning og kur der, og det ble tatt ytterligere prøver. Jeg måtte bare ta tiden til hjelp. Heldigvis gikk det bra, og jeg kom meg hjem igjen etter hvert, sier Ulrik Saltnes til Avisa Nordland.

    Ifølge NHI er hjernehinnebetennelse en alvorlig sykdom som kan ramme uansett alder, og trenger umiddelbar behandling.

    Saltnes skal nå være tilbake på treningsfeltet og forbereder seg til Glimts kommende kamper. Lørdag møter de Sarpsborg borte i Eliteserien, før Mesterliga-kampen borte mot Galatasaray venter onsdag.

    Ulrik Saltnes på Glimt-trening

    Glimt-profil Ulrik Saltnes åpner opp om alvorlig sykdom

    En viktig brikke har manglet under Bodø/Glimts eventyr i Mesterligaen denne høsten. Nå forteller Ulrik Saltnes om sykdommene han har slitt med.

  • Dansk syklist syklist klar for Uno-X

    Den danske syklisten Alexander Kamp er klar Uno-X. Det bekrefter sykkellaget i sosiale medier.

    Dansken kommer fra Intermarché-Wanty, som han syklet for i 2025-sesongen.

    31-åringen har vunnet det danske mesterskapet ved to anledninger.

    Alexander Kamp
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Kjempesmell for Brann – stjernespiller ute resten av sesongen

    Sævar Atli Magnusson har pådratt seg en kneskade og mister Branns innspurt i Eliteserien og viktige kamper i europaligaen.

    Han måtte tidligere i uken ut før pause i Islands 2-2-kamp mot Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    – Det er utrolig kjedelig og det var et sjokk for meg at det var så omfattende. Men vi har en god tropp, og jeg skal heie på dem ut sesongen, samtidig som jeg skal jobbe knallhardt for å komme enda sterkere tilbake, sier Magnusson i en uttalelse.

    Magnusson har vært en hit i Brann siden overgangen fra danske Lyngby. Han står med ti mål på 16 kamper for bergenserne. (NTB)

    Magnusson
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal