Hopp til innhold

FBI-vitne til angrep på den norske sykkelpresidenten: – Skammeleg

YORKSHIRE (NRK): Eit Twitter-innlegg, der Noregs sykkelpresident Jan-Oddvar Sørnes hyller ein av Lance Armstrongs mest sentrale støttespelarar, skaper høg temperatur.

Sørnes, Andreu

FÅR KRITIKK: Sykkelpresident Jan-Oddvar Sørnes (t.v.) blir skulda for å latterleggjøre sportens antidopingarbeid av Betsy Andreu.

Foto: Fredrik Hagen/Fred Thornhill / NTB Scanpix/Reuters

– Eg er overraska. Er doping greitt for han? seier Betsy Andreu til NRK.

Andreu kjempa i mange år ein kamp for å bevise at Armstrong var dopa. Etter å ha vitna mot sykkelstjerna i 2005 fortalde ho at Armstrong gjorde Andreus liv til «eit helvete».

No er ho ei av fleire som reagerer på den norske sykkelpresidenten Jan-Oddvar Sørnes si framferd i sosiale medier.

Denne veka la han ut eit bilete på Twitter under VM i Yorkshire, der står han side om side med den kontroversielle sykkelkommentatoren Phil Liggett.

«Ei ære å endeleg få møte ein levande kommentatorlegende,» skriv Sørnes.

– Phil Liggett var ein av Armstrongs viktigaste propaganda-menn. Armstrong var avhengig av støtte frå personar som Liggett for å påverke folket, seier Andreu.

Betsy Andreu

REAGERER: Betsy Andreu.

Foto: FRED THORNHILL / Reuters

Liggett skulda også dei som vitna mot Armstrong for å vere korrupte.

– Då USADA (Det amerikanske antidopingbyrået) gjekk til sak mot Armstrong i oktober 2012 gjorde Liggett eit intervju der han spurte: «Kvifor gjør USADA dette?» og heldt fram med å selge Armstrongs løgn, legg Andreu til.

Krangla på Twitter

Onsdag kommenterte ein VG-journalist til Sørnes at Liggett var ein sterk støttespelar for Armstrong. Men i staden for å fjerne innlegget, gjekk Sørnes inn i ein krangel.

I ein e-post til NRK skriv presidenten at han ikkje var klar over at Liggett støtta Armstrong.

– Eg har relativt kort fartstid innan sykkel og kjente derfor ikkje til linken mellom Liggett og Armstrong. Eg har sett opp til Liggett for hans faglege kunnskap som sykkelkommentator dei siste åra, noko som var min motivasjon for a slå av ein prat. Eg tar lærdom av dette, seier Sørnes.

Tre dagar etter at han fekk vite om kampen Liggett tok for Armstrong, sletta presidenten innlegget.

Sørnes blei gjort «obs» på linken av VG-journalist Anders Kokkin Christiansen, som altså blei møtt med kritikk.

«Vi har alle våre forbilder. Liggett - som forsvarte Armstrong i tykt og tynt, helt til absolutt alt var tapt - er ikke min legende», skriv VG-journalisten.

Laster Twitter-innhold

Kommentaren blei møtt med følgjande svar frå Sørnes:

«Du vil gjerne betvile oss begge. Og når det kjem til din trang for å vere tabloid er det ingenting som overraskar meg lenger. Eg ga han bare skryt for tiår med fantastisk sykkelkommentering».

Twitter
Foto: Skjermdump / Twitter

NRK har vore i kontakt med Christiansen, som ikkje vil kommentere saka.

Journalist i danske TV 2, Lars B. Jørgensen, kommenterte Sørnes' innlegg slik:

– Eit førsteklasses eksempel på korleis tidene har forandra seg og alle moralske kompass har snudd maksimalt.

Får kjeft for bruk av Armstrong-trøye

I februar blei Sørnes også avbilda med t-skjorte frå Lance Armstrongs sykkelbutikk i Austin, Texas.

Sykkelpresidenten var gjest i TV2s sykkelpodcast med Mads Kaggestad. På t-skjorta hans stod det «Mellow Johnny’s Bike Shop», butikken som framleis reklamerer med at den blei etablert av Armstrong i 2008.

T-skjorte

T-SKJORTE: Her er bilete med Sørnes i den omstridde t-skjorten.

Foto: Bilde med tilatelse fra TV2

Etterpå måtte Sørnes beklage på Twitter etter reaksjonar frå publikum, men biletet blei først sletta fra Facebook denne helga.

Laster Twitter-innhold

– Når det gjeld innlegga på Facebook og Twitter, har eg valt å slette desse fordi eg meiner at dei kan bli oppfatta på ein negativ måte, seier Sørnes.

Andreu er klar på at eit slikt bilde av ein president sender uheldige signal.

– Eg blei overraska då eg såg ein nasjons sykkelpresident gå med den t-skjorta. Sørnes latterleggjør heile antidopingarbeidet, skriv Andreu.

– I praksis seier Sørnes: «Eg støttar deg. Eg bryr meg ikkje om du brøyt reglar, juksa med doping og korrupsjon. Vi i Noreg bryr oss ikkje om at du er den største juksemakaren i sykkelsportens historie». Det er skammeleg, legg ho til.

Sørnes seier til NRK at han tar sterk avstand fra doping.

– På vegne av forbundet har eg eit sterkt og tydeleg fokus på å gjere antidopingarbeid enda sterkare. Eg har kontinuerleg dialog med Antidoping Norge, der vi oppleve å få støtte for det arbeidet som gjerast, seier Sørnes.

– I rolla mi som frivilleg valt sykkelpresident, og med relativt kort bakgrunn innen sykkel, har eg etter beste evne prøvd å setje meg inn i fortida for å ha eit best mogleg grunnlag for jobben vi skal gjere framover, seier Sørnes.

Ber sykkelpresidenten tenke på rolla si

VM-ryttar Vegard Stake Laengen har sjølv tapt triumfar mot ryttarar som seinare testa positivt for doping. Han forstår kritikken mot Sørnes.

30-åringen ber sykkelpresidenten tenke betre over kva rolle han har.

– Spesielt med tanke på det sporten har vore gjennom forstår eg at det blir reagert. Ein skal jo kunne gå vidare, men samtidig er det kanskje lurt å ligge litt lågt, seier Stake Laengen.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal