Fjorårets skiskyttarsesong var spesiell på fleire måtar for Eckhoff.
Koronaviruset prega tilværet som toppidrettsutøvar, med strenge smittevernreglar og isolering gjennom sesongen. Dette, saman med den store sportslege suksessen, tok på for 31-åringen.
– Eg trur berre alt med smitteverntiltaka, isolering og alt det utanom det vanlege kosta litt meir enn eg hadde trudd. Og når du plutseleg då er ferdig med det, blei det ein utlading for meg, seier Eckhoff til NRK.
Utsliten etter sesongen
For frå november til mars gjekk det i eitt sett for skiskyttarane. Ved sidan av verdscupen, som Eckhoff vann nesten 200 poeng framfor Marte Olsbu Røiseland, leverte ho også topp resultat i verdsmeisterskapen i Pokljuka.
VM-DRONNING: Eckhoff tok med seg seks medaljar frå Pokljuka.
Foto: Primoz Lovric / NTBTo individuelle gull, to stafettgull, eitt stafettsølv og ein individuell bronsemedalje gjorde Eckhoff til VM-dronninga i Slovenia i februar.
Ein månad seinare blei sesongen avslutta i Östersund, og Eckhoff kom ut av skiskyttarbobla. Men tida etter sesongen var ikkje berre enkel.
– Den var litt spesiell. Eg kom tilbake til korona, og det var litt slitsamt. Eg fekk ein knekk, og då blei eg litt utsliten, seier ho.
Eckhoff fortel at ho brukte sommaren og våren på å prøve å hente seg inn igjen, før ho så har fått trena godt igjen.
– Eg trur at alle som er småbarnsforeldre har det ti gongar verre enn eg hadde det. Men som toppidrettsutøvar var det litt annleis å ikkje ha så mykje energi, legg ho til med eitt smil.
– Det blir mykje i sum
NRKs skiskyttarekspert, Emil Hegle Svendsen, meiner det ikkje er rart at ho var utladd då sesongen var over.
SUKSESS: Emil Hegle Svendsen fekk sjølv kjenne på trykket i forbindelse med ein suksessfull sesong gjennom sin karriere.
Foto: Mikhail Metzel / AP– Ho gjekk nesten alle renna førre sesong, og når det går bra blir det mykje ekstra frå media, dopingkontroll og mykje styr generelt, seier Svendsen, som sjølv vann verdscupen samanlagt i 2009/10-sesongen.
– Eg kan også sjå føre meg den ekstra energibruken knytt til koronatesting, det å vere påpasseleg med tanke på smitte og forholdsreglar heile tida. Det blir veldig mykje i sum, seier han.
Men på Blinkfestivalen viste Eckhoff at energien er tilbake. For første gong i sin karriere tok ho ein siger på rulleskiarenaen i Sandnes.
No ser ho fram mot OL i Beijing til vinteren. Det på ein arena som raskt kan bli vindfull.
– OL er jo eit stort mål, men samtidig så veit eg at Beijing har mykje ymse forhold, så eg trur det kan bli litt bingo i skiskyting. Så man må berre forsøke å førebu seg så godt ein kan til det, seier Eckhoff.