Stabæk sikra ein høgst sensasjonell medalje i nest siste serierunde, men såg lenge ut til å tape kampen som kunne gi tredjeplass eller bredre.
Då nedrykkstrua Start gjekk opp til 2-1 like etter pause på Nadderud, reiste Inge André Olsen seg frå setet på tribunen og gjekk ned til sitt magiske hjørne bak motstandarens mål.
– Kvar gang eg og Tom Skjelvan står der nede pleier kampen å snu, seier Olsen og flirer.
Og kva skjedde mot Start?
Stabæk snudde kampen og vann 3-2 åtte minutt før slutt.
Gamal tradisjon
Det samme skjedde då dei blå møtte Lillestrøm på Nadderud i august. Stabæk låg under 2-1, og snudde til 3-2 etter scoring to minutt før slutt.
SNUDDE KAMPEN: Adama Diomande punkterte kampen mot Lillestrøm med si 3-2-scoring i det 88. minutt. Bak mål stod sportsdirektør Inge André Olsen og kompanjong Tom Skjelvan.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix– Då var eg der også, seier Olsen, som er godt synleg på TV-bildene frå siste del av kampen.
Den merkelege tradisjonen starta då Stabæk rykka opp til eliteserien i 1995. Tidlegare sportssjef Skjelvan stilte seg bak motstandarens mål, og brukar lykkehjørnet kvar gang nervene tar over.
Denne sesongen har Stabæks noverande sportsdirektør slått følge med Skjelvan, og kvar gang har Stabæk triumfert, hevdar Olsen med eit glimt i auget.
Sportsdirektøren fortel at spelarane på laget også er klare over tradisjonen.
– Vi prøver alltid å spele andre vegen i første omgang, sånn at vi kan spele mot lykkehjørnet i andre omgang.
– Vi kan ikkje bruke det kvar gang, men når vi verkeleg treng det skal vi bruke det, seier Olsen.
Aspmyra-lykke?
Til helga kan Stabæk ta sølvmedalje i eliteserien, men då må dei vinne borte mot Bodø/Glimt og Strømsgodset må etter alt å dømme avgje poeng heime mot Vålerenga på Marienlyst.
No vurderer Olsen å finne eit nytt lykkehjørne på Aspmyra i Bodø.
– Vi får sjå korleis kampen utviklar seg, men det kan jo hende vi må ned og jobbe litt i hjørnet, seier ein lattermild Olsen.
Men høgst sannsynleg kan han sitte i ro på tribunen, for direktøren bryr seg lite om Stabæk tar sølv eller bronse.
– Eg har tatt nokre medaljar som spelar, men dei veit eg ikkje kor er i dag. Nokre samlar sikkert på sølv- og bronsemedaljar, men for meg er det kvalifisering til Europaligaen som betyr noko. Det har vi klart no.