Hopp til innhold

Desperat Gukild bæsja på seg undervegs i skirenn

Då Emil Gukild kom i mål etter langløpet Marcialonga var kroppen tom for krefter. Og buksa full av avføring.

Emil Gukild etter målgang i Marcialonga. Til høyre er skidressen pakket inn i plastpose.

BLANDA KJENSLER: Emil Gukild var fornøgd etter målgang i Marcialonga. Til høgre er Gukilds skidress pakka inn i plastpose nokre timar etter målgang.

Foto: Arnt Nyborg / Emil Gukild

  • Viss du ikkje vil lese gufne skildringar om avføring i buksa, fråråder vi deg frå å lese vidare.

Sjå for deg at du kjem i mål etter å ha gått på ski i over tre og ein halv time.

Rundt deg står tusenvis av folk med ski og stavar, utmatta i ein italiensk landsby.

Under trikoten har du ei dårleg skjult hemmelegheit.

Det renn noko nedover beina dine på innsida av buksa.

Stanken er forferdeleg.

Eg var desperat, fortel Emil Gukild.

Stod oppreist og kneip igjen

I helga gjekk NRK-programleiar Emil Gukild Marcialonga, eit av verdas største langløp.

Etter 50 av 70 kilometer kjente han at ikkje alt var som det skulle.

Eg merker at magen seier: «Du skal på do. Og du skal på do no.»

På dette tidspunktet klarar han ikkje å bøye seg.

Eg stod oppreist og heldt meg alt eg klara, fortel Gukild.

Medan han kjempa seg gjennom løypa rasa tankane gjennom hovudet. Skal han stoppe? Då må startnummeret av, trikoten ned på knea og han må finne ein eigna stad.

– Viss ein først opnar slusene, kven veit kva som vil skje? spør Gukild.

Kva hadde du gjort i Gukild sin situasjon?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Gukilds lukkemuskel har ei grense for kor mykje han kan tole; ei snau mil før mål var slaget tapt.

– Eg bæsjar på meg. Det er enormt mykje. Og det er åtte kilometer att, seier Gukild.

Han fortel heile historia i podkasten Skiklubben.

Ein kraftig stank

Sjølv om slusa var open hadde Gukild bøttevis med krefter til å stake seg framover dei siste kilometerane.

På vegen mot mål, rann ekskrementa nedover i buksebeina.

– Eg blei redda av at det er ein del jorde langs løypa der det lukta kumøkk. Men når eg kjem i mål merkar eg at dette ikkje er bra.

Han klara målet om å gå på under 3 timar og 47 minutt og kom i mål på tida 3 timar, 41 minutt og 56 sekund. I mål var han desperat etter å finne ein stad å få spylt kroppen fri for møkk.

– Det er fleire tusen menneske der, og med ein gong du går i mål, står du i kø. Det luktar ikkje bra, seier Gukild.

Nå ventar nokre intense minutt. I målområdet blir det tatt bilde, folk vil gjerne prate litt om opplevinga. Enn så lenge verkar ein dusj som ein fjern draum.

Det var veldig mange nordmenn som ville snakke om Skiklubben. Men eg måtte berre seie «sorry, eg må finne eit hotell».

– Han var veldig opptatt av å komme seg i dusjen, fortel lagsjef Arnt Nyborg, som møtte Gukild i målområdet.

Emil Gukild med skidressen i pose etter å ha spylt seg ren i Marcialonga.

INGEN GODTEPOSE: Bak den italienske plastposen skjuler det seg ein tilgrisa skidress.

Foto: EMIL GUKILD

Løysinga blei spa-avdelinga på eit hotell i nærleiken. Der fekk han omsider av den illeluktande skidressen og spylt kroppen rein.

Det finst eit langt meir avskyeleg bilde, der dressen ikkje er skjult av plastpose. Det blir for mykje for denne saka, særleg etter å ha sett podkast-kameratane Silje Nordnes og Anders Aukland reagere:

– Eg har aldri høyrt om at det har skjedd, men eg var ikkje overraska. Han gir gass og får til det han har lyst til, seier Anders Aukland.

Aukland har sjølv gått den lengste skituren i verda, 41 timar i strekk. Sjølv da klarte han å knipe igjen. Han seier at det er vanleg å pådra seg magetrøbbel, men at det som regel gjev utslag i form av gulp og dårleg matlyst.

Det seier mykje om at Emil, han gir alt, seier han.

Bleie i «Birken»?

Vi kan ikkje la det skje igjen. Kanskje han skal vurdere bleie i «Birken», seier Anders Aukland.

– Det blir ikkje bleie, svarer Gukild kontant, og kunngjer vidare at nokre endringar må skje for å unngå tilsvarande smellar framover.

Etter lekkasjen i Italia haustar den nyfrelste skiløparen både ros og ris.

– Det er heilt ekstremt. Vi trur på han som ein eliteløpar hos oss, han har eit talent. Når du debuterer og blir nummer 500, så har du eit stort potensial, seier Gukilds lagsjef Arnt Nyborg.

Folk ler godt og koser seg med det. Nokon synest synd på meg. Andre meiner eg er den ekte vinnaren av Marcialonga, seier Emil Gukild.

Emil Gukilds rene skidress

REN DRESS: Skidressen lét seg vaske, og er klar for nye eventyr med Emil Gukild.

Foto: EMIL GUKILD
  • Emil Gukild er tilknytt NRK. Våre redaksjonelle vurderingar blir gjorde uavhengig av dette.

Siste nytt

  • Overraskende tap for Djokovic i Shanghai – finalen glapp

    Tennisstjernen Novak Djokovic tapte semifinalen i Masters 1000-turneringen i Shanghai i strake sett mot Valentin Vacherot fra Monaco.

    Den serbiske 38-åringen tapte med settsifrene 3-6, 4-6.

    Vacherot er rangert som nummer 204 i verden og kom til hovedtablået i Masters 1000-turneringen gjennom kvalifiseringen. Nå kan han gå hele veien.

    Til sammenligning er Djokovic nummer fem i verden og har vunnet turneringen i Shanghai fire ganger tidligere.

    I finalen venter enten Daniil Medvedev eller Arthur Rinderknech for 26 år gamle Vacherot.

    (NTB)

    Novak Djokovic slår en ball med en tennisracket
    Foto: Andy Wong / AP / NTB
  • Mbappé reiser hjem fra landslagssamling – trøbbel med ankelen

    Fotballstjernen Kylian Mbappé forlater Frankrikes landslagssamling, som følge av en ankelskade.

    Frankrikes fotballforbund bekrefter at Mbappé reiser tilbake til Madrid etter fredagens landskamp mot Aserbajdsjan.

    26-åringen scoret i 3-0-seieren mot Aserbajdsjan, men haltet av banen etter 83 minutter. Like før landslagspausen hadde Mbappé skadet samme ankelen i en seriekamp mot Villarreal.

    Ankelskaden sørger for at Real Madrid-stjernen går glipp av VM-kvalifiseringskampen mot Island.

    Frankrike har imidlertid startet VM-kvalifiseringen perfekt med tre strake seire i gruppe D. Nasjonen tapte finalen i det forrige verdensmesterskapet i Qatar i 2022.

    (NTB)

    en mann som ligger på bakken med hendene på knærne
    Foto: Michel Euler / AP / NTB
  • Haaland-video går viralt: – Har du drukket?

    En video som følger Erling Braut Haaland tett på en av de siste landslagstreningene før lørdagens VM-kvalifiseringskamp mot Israel på Ullevaal Stadion går sin seiersgang på internett.

    Det eksklusive innblikket i treningen fra nasjonalarenaen, som ble publisert sent fredag kveld, har totalt over en million visninger i sosiale medier etter 890 000 visninger på Herrelandslaget sin Instagram-profil, samt over 315 000 visninger på Twitter/X i skrivende stund.

    I videoen sender angriperen flere humoristiske stikk til lagkameratene underveis i treningsøkten, hvor Thelo Aasgaard er blant spillerne som får gjennomgå.

    – Har du drukket? Hva gjorde du i går kveld? spør jærbuen til Aasgaard og smiler underveis i en av øvelsene.

    I tillegg gir Haaland, som ble kåret til månedes spiller i Premier League i september, innblikk i mentaliteten som kan ha ført til målraset i Premier League.

    – Mesteparten handler ikke om kvalitet. Det handler om mentalitet. Det handler om å ville score, sier Manchester City-angriperen i samtale med Brede Hangeland i det norske støtteapparatet.

    Norge - Israel har avspark klokken 18.00 lørdag. Kampen sendes på TV 2, NRK Sport på radio og kan følges her.

    En gruppe menn i sportsuniformer på en bane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal