Annan er ein annan Annan

Toppmøtet mellom Kofi Annan og nevøen og Start-spelar Anthony Annan hos Fredrik Skavlan i kveld er avlyst.

Annan og Annan.
Foto: Scanpix

Grunnen er at Kofi Annan ikkje kan stadfeste slektskapet til Anthony Annan.

- Vi fekk tak i folka rundt Kofi Annan då han landa i Oslo i dag tidleg, og Kofi kunne ikkje stadfeste at Anthony var nevøen.

- Difor vart saka sjekka ut av programmet på vanleg journalistisk vis. Det seier prosjektleiar i Først og Sist, Charlo Halvorsen.

Anthony Annan kom til Start før denne sesongen, og han sa tidleg at han var nevø til den tidligare generalsekretæren i FN.

- Han er bror av far min, og det er eg særs stolt av. Eg har aldri sett han, men håper eg kan treffe han ein dag.

Det sa Anthony Annan til Fædrelandsvennen i februar.

Men ifølge Kofi stemmer det altså ikkje at han er i slekt med Start-spelar Anthony Annan.

Siste nytt

  • Zlatan årets angriper i Sverige

    For 13. gang ble Zlatan Ibrahimovic kåret til årets angriper i svensk fotball.

    37-åringen fikk prisen på den svenske fotballgallaen mandag, men var ikke fornøyd med antallet priser han har skaffet seg.

    Zlatan
    Foto: Christine Olsson/TT / NTB scanpix
  • Brøt Carlsen reglene?

    I sjakk er det ikke lov å røre en brikke uten å flytte den, med mindre du sier j'adoube først. Carlsen rørte en brikke i det tredje VM-partiet. Se og bedøm selv.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sjakk: Parti 3: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana