– I motsetning til hopparane skal me begynne på andre sida frå Gratishaugen med rampe over vegen og vidare ned i botn av hoppbakken, gliser Kjetil Jansrud på toppen av Holmenkollbakken.
1.januar 2018 vil det skje noko heilt nytt i Holmenkollen. Du har sett langrennsløparar, skiskyttarar, kombinertløparar og ikkje minst skihopparar kjempe om verdscupsigrar i mange år i Holmenkollen.
START PÅ GRATISHAUGEN: Parall-slalåmen vil starte på toppen av Gratishaugen, over vegen og med mål nede i gryta i Holmenkollen.
Foto: Norges Skiforbund– Meir spennande kvart år
I 2018 kan du feire det nye året med å sjå Kjetil Jansrud og co kjempe om verdscupsiger i Holmenkollen.
– Eg trur det blir ei heilt magisk ramme kor me endeleg får alpint inn i storbyen Oslo, i staden for at folk treng å ta turen heilt til Kvitfjell. Formatet med paralell-slalåm blir enda meir spennande for kvart år, ingenting er betre enn å få det til Noreg, meiner Jansrud.
Jansrud vann dobbeltsiger saman med Aksel Lund Svindal i paralell-storslalåm i Alta Badia i fjor. Også Stockholm har arrangert ein slik city-event eller paralell-slalåm dei siste sesongane.
Se video: Kjetil Jansrud forklarer hvor bakken skal være
Ville ha nytt verdscuprenn
Sportssjef, Claus Ryste seier alpinkomiteen har jobba lenge med å få eit nytt verdscuprenn i alpint til landet.
– Me blei utfordra av FIS om å lage noko heilt nytt og spetakulært. Nå trur me at me har fått til eit veldig bra konsept med paralell-slalåm i Holmenkollen, seier Ryste.
FIS har bestemt på kongressen sin at rennet i Holmenkollen er inne i kalenderen for neste års sesong. Det blir eit paralell-slalåm både for kvinner og menn i flomlys, og erstattar city-eventen som tidlegare har blitt arrangert i München.
– For oss er det ein sjanse for å ta idretten til folket. Ein måte å vise oss fram og tiltrekkje oss tilskodarar nært der folk bur. Det er stor alpininteresse i Oslo og Akershus, så dette trur me vil vekkje stor interesse.
Alpintkomiteen har spesielt jobba med å få verdscuprenn på kvinnesida. Til nå er det berre fartsgutta som har hatt sjansen til å konkurrere på heimebane under dei årlege utfor og super-G renna på Kvitfjell i mars.
– Som ein sterk alpinnasjon med mange jenter på veg opp har me hatt eit sterkt ynskje om å få eit verdscuprenn for kvinner. Nå blir det både verdas beste kvinner og verdas beste menn i paralalell-slalåm, så nå har me fått dobbelt opp, seier ein fornøgd sportssjef.