– Palace ga meg ein ny sjanse. Derfor er det tungt å slutte, seier Sam Allardyce i ei pressemelding.
Ein av Englands mest profilerte trenarar bekrefta tysdag kveld at han er ferdig med sin andre managerjobb på under eitt år.
I britiske medier blir avgangen stempla som ei stor overrasking.
– Eitt av dei mørkaste kapitla i livet mitt
Sam Allardyce er mannen som i fjor haust hamna i ei stor omdømme-krise.
Som nytilsett England-trenar blei han avslørt av The Telegraph då han ga råd om korleis ein omgår landets overgangsreglar. Like etter mista han landslagsjobben.
Allardyce risikerte også livstidsutestenging frå Det engelske fotballforbundet (FA), og gjekk ei uviss framtid i møte.
– Dei første fire vekene utvikla seg til å bli eitt av dei mørkeste kapitler i livet mitt og i karrieren, fortalte han etter avsløringa.
– Ho eg er gift med, familien og eg sjølv skulle forsøke å handtere det på best mogleg måte. Det var heller ikkje lett for barn og barnebarn som gjekk på skulen.
Ferdig for godt
Få månader etter skandalen blei 62-åringen tatt inn i varmen av Crystal Palace, og sidan desember i fjor har han leia klubben til åtte sigrar på 21 kampar, noko som redda klubben frå nedrykk.
No antydar Allardyce at han er ferdig som manager for godt.
– Eg har ingen ambisjon om å ta ein ny jobb. Eg vil bare ha sjansen til å nyte dei ting du ikkje kan nyte med dei konstante krava som følger med manager-jobben.
– No vil eg omfavne livet medan eg er relativt frisk og ung, og bruke meir tid med familien utan det store presset frå manageryrket.
Crystal Palace enda på 14.-plass i årets Premier League. No må klubben jakte sin åttande manager på sju år.