Hopp til innhold

– Vi ville berre ønskje kvarandre god jul

Då Torsten og 88 andre sneik seg inn på eit stengt og mørklagt stadion, starta dei ein juletradisjon ingen skulle ane konsekvensane av.

Julesong i Berlin

TRADISJON: Veslejulaftan møtest Union Berlin-supportarane på stadion for å synge julesongar

Foto: JOERG CARSTENSEN / Afp

Det er onsdag 17. desember 2003, ein sur førjulskveld. Union Berlin har tapt igjen, 1–2 for Wacker Burghausen denne gongen.

Berlin-klubben har ei rad trøysteslause kampar bak seg og er i ferd med å falle raskt på tabellen i 2. Bundesliga.

Nedrykk trugar, det er ingen lysglimt i sikte. Juleferien ser mørk og trist ut.

Stemninga blant den harde kjerne av fansen er laber og nedtrykt. Eit mollstemt publikum er langt unna julestemning når dei reiser seg og mutt forlèt Stadion An der Alten Försterei – som betyr Stadion ved den gamle skogvaktarbustaden.

Eisenbeisers glitrande ide

Torsten Eisenbeiser er ein av dei mest trufaste Union-tilhengarane. Han har lyst til å glede seg til jul. Men får det ikkje til.

– Vi som alltid står saman på tribunen under kampane, går berre derfrå straks kampen er slutt, utan eingong å ønskje kvarandre god jul. Så dårleg er stemninga, fortalde Eisenbeiser til The Guardian.

Noko må gjerast. Eisenbeiser grublar ei stund. Så får han ein ide.

– Eg foreslo for ein kamerat at vi skulle kome saman på stadion på veslejulaftan og synge julesongar.

89 fans sneik seg inn

Som sagt så gjort. Ideen blei lufta blant fansen. Ein flokk på til saman 89 personar sneik seg inn på det offisielt stengde Stadion An der Alten Försterei. Nokon klatra til og med over gjerdet.

Der stod dei, på høgde med midtstreken på stadion med plass til 22.000 tilskodarar, song julesongar, drakk glühwein og tende lys og lykter dei hadde med seg. Framfor eit mørkt og elles heilt tomt stadion.

Union-leiinga fekk nok vite om det som hadde skjedd. Men det var ingen grunn til å reagere, det heile hadde gått fredeleg og udramatisk føre seg.

Året etter var dei 89 mangedobla. Nærmare 500 menneske tok seg inn på det framleis offisielt stengde stadion-anlegget.

Behovet for julestemning var om mogeleg endå større. For då hadde Union rykka ned til regionalligaen, der dei også sleit tungt.

Men allereie då hadde ryktet om julesong-arrangementet nådd utover klubbens grenser. Eit medlemskort frå byrival Hertha Berlin vart funne i ei lommebok som var gjengløymd på tribunen.

28.000 på tribunane

Union og julesong

KLER SEG UT: Mange supportarar kjem utkledd som nissar

Foto: Jörg Carstensen / Afp

No reagerte klubbleiinga – positivt. For dette initiativet passa som hand i hanske i Unions profil som ein klubb for fansen.

I 2005 tok klubbleiinga derfor tak i ideen og gjorde tiltaket til eit offisiell klubbarrangement. Sidan har julesongen strøymt utover stadion i kveldsmørket 23. desember kvart år – med stadig fleire tusen på tribunane.

I 2007 var det 4000 menneske innom. I 2012 hadde talet stige til 12.000, og året etter til 17.000.

I fjor hadde heile 28.500 menneske pressa seg inn. Ikkje berre Union-tilhengarar, men også spelarar og fans frå andre klubbar i heile Tyskland og frå andre land.

– I starten var det nesten berre Union-supporterar. I dag er det berlinarar og gjester frå heile verda, seier Matti Michalke, pressetalsmann i supportergruppa Eisern Union, til NRK.

Det er fleire enn det Union har på sine ligakampar. Denne sesongen har dei eit snitt på rundt 20.000. Og det når dei kjempar om opprykk til 1. Bundesliga, der dei aldri har vore.

Måtte begynne å selje billettar

SingenPoster16.indd

POPULÆRT: Arrangementet har blitt ein stor suksess.

Foto: Union Berlin

Årets utgåve var den 14. i rekkja. Fram til 2013 var det gratis inngang. Men utgiftene – og pågangen – har blitt så store at det no kostar frå 2,50 til 10 euro å kome inn.

Årets Weinachtssingen-arrangement var utselt allereie tidleg i november, berre ei veke etter at billettsalet opna.

Arrangementet har blitt eit profesjonalisert familiearrangement. Presis klokka sju blir flaumlyset slått av, og Union-hymnen med rockesongar Nina Hagen set det heile i gang.

Kvar einaste frammøtte får eit lys og eit hefte med tekstar til julesongane, og julenisseluer. Dei siste åra har også Union leigt inn eit kor som forsongarar.

– Ønskje om god jul

I kveldsmørket er det eit utruleg syn når publikum på smekkfulle tribunar veivar med lysa og syng – mest julesongar, lett blanda med fotballsongar. Dei offisielle 90 minutta får stadig fleire tilleggsminutt år for år.

– Vi vil eigentleg berre ønskje kvarandre god jul. Det betyr ingenting kva klubb du støttar. Ingen går frå stadion som tapar ein slik kveld, seier Torsten Eisenbeiser til The Guardian.

Mange av dei som kjem, har aldri vore på ein fotballkamp. Arrangementet blir skildra som ein kombinasjon av eit stadion-event og ei julegudsteneste.

Eisenbeisers idé frå den trøysteslause førjulskvelden for 13 år sidan har ikkje berre blitt eit storarrangement i den vesle klubben i Berlins austlege bydelar. Det har vakse fram tilsvarande julesong-arrangement også i andre byar, som Dresden, München, Achen og Köln.

I Köln kom det 32.000 menneske på det aller første arrangementet.

Matti Michalke i supportergruppa fortel at Eisenbeiser har høg status i klubben.

– Torsten vert overraska gong på gong over kor mange som kjøper billettar og kor fort dei vert utselt, seier Michalke til NRK.

«Pain in the ass» for Stasi

50-åringen Union Berlin er ein annleis klubb på fleire måtar. Det er ingen stor og rik klubb som nabo Hertha. Men Union-fansen er kanskje endå meir knytta til sin klubb enn dei fleste andre.

Klubben kjem frå bydelen Köpenick i den delen av Berlin som høyrde til det kommunistiske Aust-Tyskland under etterkrigstida og den kalde krigen. Union vart stifta i 1966, som ein stille protest mot kommuniststyret og den store klubben Dynamo Berlin – klubben som var styrt av det frykta tryggingspolitiet Stasi.

– Vi tapte meir enn vi vann, men fansen stod bak oss heile tida, og atmosfæren var alltid enorm, seier Rolf Weber. Han spela 206 ligakampar mellom 1970 og 1981.

Union blei ein «pain in the ass» for det offisielle DDR, og Stasi-folk var alltid til stades på kampane.

– Vi såg at dei var der. Dei var sivilt kledde, men alle var kledd likt, og dei såg i alle andre retningar enn ut på bana, fortel Weber.

– Muren må vekk!

– Die Mauer must weg (muren må bort), ljoma det frå tribunane kvar gong Union fekk frispark i farleg posisjon. Med klar tilvising til Berlin-muren som delte byen i to heilt separate deler frå 1961 til 1989.

Dette førte til at klubben også drog til seg publikum som ikkje var fotballinteresserte, men som ville markere kravet om fridom bak muren.

Og då muren omsider fall hausten 1989, fekk Union ein slags revansje: Dynamo Berlin fall også, og er no ein gløymd klubb (BFC Berlin) på nivå fem i tysk fotball.

Sofaer på Union Berlins bane

SOFAPUBLIKUM: Under fotball-VM i 2014 bad Union publikum ta med seg sofaer slik at folk fekk nyte kampane på storskjerm

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Då Union i 2008 skulle modernisere Stadion an der alten Försterei, hadde dei ikkje råd.

Blodfans

Dermed tok 2400 frivillige klubbtilhengarar saka bokstaveleg tala i eigne hender. Etter 140.000 ubetalte arbeidstimar var stadion ferdig renovert i løpet av 300 dagar.

Fire år tidlegare var Union i økonomiske vanskar og måtta ha inn 15 millionar kroner raskt. Då gav klubbtilhengarane blod til det lokale sjukehuset, og let klubben få pengane dei tok inn.

Snakk om å blø for drakta.

For Torsten Eisenbeiser er det uverkeleg når han no ser på det han sådde spiren til i 2003.

Då var dei 89. I år kjem det totale talet som har møtt fram til julesynginga på Stadion An der Alte Försterei til å passere 150.000.

– Det er som eit enormt jule-oratoriumkor. Når du ser og høyrer eit enorm kor med rustne røyster som set i gang med Stille Nacht (Glade jul), er det ikkje til å tru, seier Eisenbeiser.

Utsolgt julesynging

STORT: Union Berlin har blitt verdskjende for supportarane sin juletradisjon.

Foto: Union Berlin

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal