Hopp til innhold

Håvard (27) bur hos mor og far og er best i verda på 50 km kappgang

Han er best i verda på 50 km hittil i år, og kallar 20 km for sprint. Møt kappgjengar Håvard Haukenes.

Håvard Haukenes

MIDDAG: Håvard Haukens heime ved middagsbordet saman med mor og far i Bergen.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Ei femmil er den beste målestokken på kor langt du kan nå. Å auke farten heile tida på den distansen, er ekstremt, seier 27-åringen frå Bergen. – Det er krevjande å porsjonere ut kreftene rett og ikkje gå på ein smell.

Derfor er erfaring viktig, også med tanke på å halde ut smerte.

– Han som er verdsmeister no, er 38 år. Så eg kan nok halde på i ti år til.

Å porsjonere kreftene var nettopp det han gjorde i Rio-OL i fjor. Då gjekk han seg stadig oppover på resultatlista og enda på ein svært respektabel sjuandeplass i mål.

– Det gir ei heilt ekstrem kjensle å kunne gå ei femmil fort.

Håvard Haukenes

BEST I VERDA: I Dudcine i slutten av mars slo Håvard Haukenes til med siger og årsbeste i verda. Neste femmil går i VM i London i august

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Vil ha meisterskapsmedalje

Med 3.43.40 i Slovakia i slutten av mars har han den beste tida på distanen så langt i år. Og det er nesten tre minutt betre enn han nokosinne før har gått distansen.

– Kor fort kan du gå i år når du har eit så godt resultat så tidleg?

– I VM skal det vere mogeleg med topp fem, seier han.

– Eg har lyst å ta ein meisterskapsmedalje ein gong i framtida.

Håvard Haukenes dreiv med fotball i sine yngre år. Så droppa han det for å satse på gitarspel. Idretten måtte vike.

– Men eg kom aldri inn på musikkskulen som musikklæraren min ville, seier han.

Dermed bar det tilbake til idretten, friidrett denne gongen. Kappgang var ein del av friidrettskulturen.

– Eg var nokså god, seier han.

Gjennombrot i Rio

Håvard Haukenes

GJENNOMBROTET: I OL i Rio gjekk Håvard Haukenes betre og betre og enda heilt oppe på sjuandeplass

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sjuandeplassen i Rio betydde veldig mykje.

– Det var heilt surrealistisk. På førehand var eg nervøs med mange tankar om korleis dette skulle gå. Men eg fann ein god rytme, seier han.

– Det løfta meg opp på eit heilt nytt nivå.

OL-kravet var tidenes tøffaste. Men han slo det med tre minutt.

– Tider må du aldri ha for stor respekt for. Den som har gått på eit bestemt tid, har to armar, to bein og eit hjarte. Det har eg og. Då er det mogeleg å gjere det same.

– 20 km? Det kallar vi sprint

Saman med NRK møter han programleiar Linda Eide til duell. Eide er slett ikkje dårleg trent. Håvard går, Linda får springe. Ho maktar ikkje å halde følgje.

– Eg hadde ikkje sjanse i det heile tatt, seier Linda. – Det går så utruleg fort.

– Dette var 20 km-tempo. Det er det vi kallar sprint, seier Håvard.

Linda har eit forslag:

– I konkurransar burde de alltid hatt nokon som sprang ved sida av, slik at tv-sjåarane får sjå kor fort det verkeleg går.

Fordomar: – Du skal ikkje gå i vegbana

Håvard Haukenes opplever fordommar frå folk som lurer på kvifor folk driv med denne rare idretten.

– Ja, dessverre. Vi får høyre at det er berre ei litt rar form for løping. For eksempel eldre karar på sykkel, karar som meiner du ikkje skal gå i vegbana.

27-åringen bur framleis heime hos foreldra.

– Eg veit nok at eg burde flytta ut, og eg skal ikkje bu her til eg blir 30. Men det er for å kunne satse, og eg er takknemleg for at mor og far let meg bu her. Eg prioriterer idretten, og har rett og slett ikkje råd til å få meg leilegheit, seier Håvard Haukenes.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal