Hopp til innhold

Vil ha lyntog

Planane for framtidas lyntog på Sørlandet vart presentert for ordførarane i Kristiansand og Risør.

Video nsps_upload_2009_9_4_17_6_34_781.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

– Det er ganske stor tverrpolitisk enighet om å ville jobbe med å sjå på moglegheita til å byggje høghastighetstog i Noreg. Dette for å kunne byggje og utvikle landet, ikkje berre mellom dei store byane, men og distrikta, seier ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen (H) til NRK.

No vil Sørensen ha debatt om temaet.

– Det er ingen openbare svar eller fasitløysingar her. Vi må få til ein prosess og ein debatt for å sannsynleggjere og mogleggjere dette ein gang i framtida. På lang sikt trur eg det er veldig riktig, seier han.

I dag tok Sørensen imot blant andre styremedlem i Jernbaneforum Sør, Thore Westermoen for å drøfte temaet.

– Det er veldig spennande at mange miljø kjem opp med tanke på jernbane med hensyn til miljø. Vi snakkar mest om hastighet på flytoget sitt nivå, opp mot 250 kilomter i timen og tenkjer at i Noreg er det ein ganske god transport, seier han.

– Jernbaneverket må vere den som står bak utredninga. Dei kommuniserer med resten av Noreg på ein god måte, seier han.