Også varaordførar Jørgen Kristiansen (KrF) tenner umiddelbart på ideen om å opne opp Fullriggeren for cruiseturistar.
– Kjempeoppleving
– Det må jo vere ei kjempeoppleving å få vere med på ein ekte fullriggar i verdas finaste skjergard, seier han.
Odd Salvesen ser føre seg at tilbodet skal marknadsførast om bord på dei kring 70 cruiseskipa som kjem til Kristiansand til sommaren. Her vil turistane ha moglegheit til å melde seg på.
Mange er opptekne av at vi ser Fullriggeren lite lokalt på Sørlandet, trass i at det vert brukt mykje pengar. Difor trur varaordføraren at cruiseturistar kan vere det som skal til for at skipet skal vere oftare på Sørlandet.
– Det kunne vere spennande å få den meir brukt og meir synleg i kristiansandsområdet. Kanskje er det ein idé å bruke den i samband med at vi får 120 000 cruisepassasjerar til Kristiansand.
– Meir betalingsvillige
Ordførar Arvid Grundekjøn har som næringslivsmann tidlegare jobba ein del med cruisetrafikk. No sit han i styret for Fullriggeren.
– Cruisepassasjerar er ute etter unike opplevingar, og dette ville ha vore ei unik oppleving. Eg trur det er ein innertiar forutsett at tala går i hop, seier han.
– Cruisepublikummet er meir betalingsvillige enn lokalbefolkninga. 70 cruiseskip som er booka inn til neste år indikerer at det kan liggje moglegheiter her. Eg har lang er faring med cruise og veit at det som er attraktivt no, er det betalingsvilje for, seier Grundekjøn.