– Eg har vore veldig heldig. Eg gjekk først til ein privatklinikk der eg betalte veldig mykje meir. Men så fann eg ut av denne nye gunstige ordninga.
24-åringen fekk nyte godt av den nye tannhelsereforma som blei innført i fjor.
Den gav 75 prosent rabatt hos tannlegen for dei mellom 19 og 24 år.
Nå kan ho gle seg over ei utviding.
Frå 1. mars i år får alle mellom 25 og 28 år 75 prosent rabatt på naudsynt tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta.
Rabatten er vedteken i Stortinget i statsbudsjettet for i år.
– Det er jo heilt fantastisk for min eigen del at eg kan framleis kan ha så billig tannlege, seier Magnussen.
– Blei ein suksess
Da ordninga for dei mellom 19 og 24 år blei innført i fjor, auka pågangen på dei fylkeskommunale tannklinikkane i Agder med 23 prosent.
Dette utgjer ca. 3300 pasientar i den aktuelle gruppa.
Auken skjedde i størst grad i dei mest folkesette områda.
– Vi har ikkje blitt rent ned av folk. Det har vore mest merkbart på klinikkane vi har i nærleiken av universiteta. Det gjeld både i Kristiansand og i Grimstad.
Det seier leiar for tannhelsetenesta i Agder, Svein Resset.
Han meiner ordninga har vore vellykka.
Leiar for tannhelsetenesta i Agder, Svein Resset har merka auka pågang av unge mellom 19 og 24 år.
Foto: EIRIK DAMSGAARD / NRK– For dei som tilhøyrer aldersgruppa og får eit tilbod om 75 prosent rabatt, så tenker eg jo at det må reknast som ein suksess. Så veit vi at det er ulike synspunkt på om dette er rett prioritering.
Student Ida Magnussen seier ho fekk vite om ordninga ganske tilfeldig.
– Eg trur det er mange i den aktuelle gruppa som ikkje kjenner til tilbodet og at det er grunnen til at ikkje enda fleire har brukt tilbodet.
– Ikkje dramatisk
Den utvida ordninga har også hatt mange kritikarar.
– Alle vil tape på det. Det vil bli køar og opphopingar. Vi vil ikkje klare å ta det unna.
Det sa klinikkleiar Ellen Holmemo ved Øygarden tannklinikk til NRK før jul.
Holmemo peika på sprengd kapasitet og at enda fleire pasientar ville ramme dei som treng tilbodet mest.
Svein Resset som leier tilbodet i Agder har ikkje same frykta.
– Vi opplever ikkje sprengd kapasitet og vi er førebudde på at det vil komme fleire pasientar.
Han seier dei kan organisere drifta på andre måtar og eventuelt tilsette fleire eller bruke private tannlegar.