Hopp til innhold

Start slo Sandefjord i serieopninga

Start fekk ein kanonstart på eliteseriesesongen 2010.

Start-mål

MÅL: Start kunne sleppe jubelen laus allereie etter 15 minuttar.

Foto: Tor Erik Schrøder / Scanpix

Allereie etter 15 minuttar spel kunne Start sleppe jubelen laus i oppgjeret mot Sandefjord på Sør Arena. Kommunikasjonssvikt i Sandefjord-forsvaret gjorde at Rune Hansen sparka ballen over keeper Espen Bugge Pettersen som var på veg ut.

GALLERI: Kampen i bilete

Det var Start som var det klart førande laget i første omgang. Sandefjord hadde lite å by på offensivt. Laga gjekk til pause med stillinga 1-0 til heimelaget.

Start tok initiativet også i andre omgang, men sleit med å komme til dei store sjansane.

20 minutt før slutt prøvde Mads Stokkelien seg på ein volley omtrent frå straffemerket. Men ballen gjekk rett i ansiktet på Cristian Bolaños, og Sandefjord fekk til slutt avverga.

Kvarteret før full tid fekk Start utteljing for knallhard jobbing. Bernt Hulsker vann ballen midt på banehalvdelen til Sandefjord. Hulsker slo ut til Hunter Freeman som slo vidare til ein umarkert Christen Kleiven. Kleiven kontrollerte ballen i mål til 2-0.

På overtid hadde Cristian Bolaños moglegheit til å putte sitt første for året. Men ein god Bugge Pettersen i Sandefjord-målet stoppa skotet frå kring sju meter.

Kampfakta:

Start - Sandefjord 2-0 (1-0)
Sør Arena

1-0 Rune Hansen (sjølvmål 15)
2-0 Christer Kleiven (76)

Dommar: Tom Henning Øvrebø

Gult kort: Marciano (Sandefjord)

Start (4-4-2): Kenneth Høie - Hunter Freeman (Avni Pepa inn 82.), Clarence Goodson, Knut Henry Haraldsen, Rolf Daniel Vikstøl - Christian Bolaños, Geir Ludvig Fevang, Christer Kleiven, Espen Børufsen (Morten Hæstad inn 89.) - Mads Stokkelien (Bernt Hulsker inn 76.), Ole Martin Årst

Sandefjord (4-1-2-2-1): Espen Bugge Pettersen - Olav Zanetti, Rune Hansen (Alexander Gabrielsen inn 71.), Espen Nystuen, Martin Jensen - Marciano, Victor Demba Bindia (Samir Saric inn 73.), Ebrima Sohna - Rune Ertsås, Erik Andre Lamøy, Panajotis Dimitriadis (Admir Rasdic inn 73.)

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %