– Eg synest det er veldig trist at enkelte ikkje kan halde seg til dei retningslinjene som er gitt av NFF (Noregs Fotballforbund) og arrangørklubb når det gjeld pyro.
Det seier dagleg leiar i IK Start, Sveinung Hedding-Valvik til NRK om førelegget som klubben har fått.
Påtalenemnda i NFF opplyser at Start braut NFFs sikkerheitsreglar på Åråsen 16. august.
Ifølgje påtalenemnda vart det fyrt av fem røykboksar og tre bluss utan at det var innhenta løyve.
«Ved kampslutt blei det påtent to bluss til», skriv NFF.
– Stor
Bota er i utgangspunktet sett til 32.500 kroner, men på grunn av at dei gulkledde spelar på nivå to i Noreg, er bota justert ned med 20 prosent til 26.000 kroner.
– Bota er stor i forhold til det eg personleg opplever som alvorsgrada, seier Valvik.
Sørlandsklubben har ei veke på å avvise bota.
SKUFFA: Dagleg leiar i Start, Sveinung Hedding-Valvik. Her ved eit tidlegare høve.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKStart er tidlegare denne sesongen gitt fire irettesettingar og ei bot for banestorming, pyrobruk og kasting av gjenstandar inn på banen.
– Det er noko som ikkje skal skje hos oss, og er brot på stadionreglementet vårt. Så det ønskjer me ikkje, og så skulle me på mange område ønskja at me kunne hatt eit opplegg på stadion som gjorde at me kunne få til lovleg bruk, seier Valvik.
– Dette heng saman med korleis brannalarmsystemet vårt er bygd opp.
Start styrer mot Eliteserien med 41 poeng og 2.-plass, som gir direkte opprykk.
Det er seks poeng ned til Sogndal, medan det opp til serieleiar Lillestrøm er tolv poeng.