Hopp til innhold

Sørlendingane slappast i landet

Sørlendingar er i dårlegast fysisk form i Norge. Dei har 18 prosent dårlegare kondisjon enn trøndarane og 14 prosent dårlegare form enn austlendingane.

Sofagris.

SOFAGRIS: Sørlendingane er dei slappaste i landet viser ei ny undersøkjing. (Arkivfoto)

Foto: Colourbox.com

Det viser resultata på ei undersøkjing Helsedirektoratet har gjort.

– Vi har eit signifikant langt lågare oksygenopptak enn resten av landet, seier stipendiat ved Institutt for folkehelse, idrett og ernæring ved Universitetet i Agder, Ingirid Stangeland.

Død og fysisk aktivitet

Saman med nordlendingane skiljer sørlendingane seg ut. Undersøkjinga er delt i to. Fase ein omfattar ei spørjeundersøkjing og ein aktivitetsmålar som 3400 forsøkspersonar bar på kroppen i testperioden.

Faste to, som nett er ferdig, besto av fysiske testar av vel 900 personar frå heile landet i alderen 20-85 år, der blant anna uthald og styrke er målt. Forskaren er uroa for at låg aktivitet og dårleg kondisjon vil gå utover helsa til sørlendingane.

– Tidlegare forsking viser at det er ein samanheng mellom tidleg død og fysisk form. Det er det vi kan ta utgangspunkt i der, seier ho.

Sørlandsk mentalitet?

Så er spørsmålet om kva som er årsaka til resultata. Er det noko i myta om sørlendingen som sit i snekka si, og let overdrivne fysiske aktivitetar segle i sin eigen sjø. Eller er det noko med mentaliteten til sørlendingen som gjer at han eller ho tek livet litt for mykje med ro?

– Det kan jo vere ei forklaring. Har vi ein annan livsstil og ei anna haldning til fysisk aktivitet. Det er slike ting ein kan spekulere i, seier ho.

NRK.no tok ein tur innom Mcdonalds i Kristiansand som denne romjulsdagen er prega av barnefamiliar og ungdommar. Ein småbarnsfar sit og et hamburger med familien. Han er overraska over at sørlendingane er noregsmeistarar i dårleg kondisjon.

– Vi er flinke

– Eg tykkjer ikkje vi er i dårleg form. Det er ikkje mitt inntrykk. Eg tykkjer det er mange som er flinke, seier han.

På Spicheren treningssenter i Kristiansand er det ein jamn dur av treningssyklar og løpsmaskiner, popmusikk og TV-sport på ein storskjerm. Bjørn Aslaksen frå Lillesand fortel at han prøvar å trene ein gang i veka, men vedgår at det ikkje alltid blir slik.

– Viss eg skal vere ærleg vert det ikkje kvar veke, men eg prøvar iallefall å komme her eit par gonger i veka, seier han før han set i gang.

– Må ha noko godt å ete

– Så får vi sjå kor lenge eg held. Eg tek det ganske lett, for det er berre for å få litt trim, seier han.

På Mcdonalds sit ein gutegjeng i slutten av tenåra. Dei et hamburgarar med godt samvit og trur ikkje sørlendingane sin form er så ille som forskarane vil ha det til.

– Eg tykkjer det mange som driv med idrett her. Eg spelar fotball, men når vi er i byen må ein ha noko god mat, seier ein av dei.

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste