– Agder har nokre av dei beste solforholda, og flest soltimar per år, seier Kristin Anette Dale til NRK.
Ho er leier for industriutvikling i Å Energi.
Dermed meiner ho at forholda ligg godt til rette for god produksjon ved solkraftverket.
Nyleg gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon til Å Energi om utbygging av Birkeland solkraftverk.
Kristin Anette Dale er fornøgd med at Å Energi fekk konsesjon om utbygging av solkraftverket.
Foto: Sebastian S. BjerkvikDet er det største solkraftverket som har fått konsesjon i Noreg.
Kraftverket vil truleg ha ein årleg produksjon på 11,6 gigawattimar. Det svarer til energiforbruket til om lag 550 norske bustader.
– Det er berre sju solkraftverk som er monterte på bakken i Noreg som har fått konsesjon, og dette er det første i Agder, fortel Dale.
No startar arbeidet med detaljplanlegging av solkraftverket.
Birkeland solkraft skal vere ein av Noregs største solkraftverk.
Foto: Å Energi
Inngrep i naturen
Når det blir bygd ut eit kraftverk krev det inngrep i naturen.
Kristin Anette Dale i Å Energi fortel at dei har tatt det med i betraktninga.
– Skal vi nå klimamåla i Noreg er vi nøydde til å ta i bruk noko natur, men det handlar om bruke rette areal på rett måte, seier ho.
Å Energi meiner dei har planlagt korleis dei skal ta vare på naturen i området når dei bygger ut kraftverket.
Foto: Å EnergiKonserndirektør i Å Energi, Atle Knudsen, seier i ei pressemelding at inngrepa vil vere avgrensa.
– Solcellepanela vil bli installerte på bakkenivå som gjer at naturinngrepet kan reverserast etter enda konsesjonsperiode, seier han.
Ordførar i Birkenes kommune, Arild Windsland, meiner at kraftverket har ein positiv effekt på grøn produksjon av straum lokalt og nasjonalt.
– Sjølvsagt blir naturen beslaglagd, men sidan det er små inngrep er det veldig lett å ta det tilbake igjen, seier han.
Ønsker ikkje berre rein solkraft
Kommunestyret i Birkenes har vore positive til solkraft, fortel ordføraren.
– Å ha eit solcelleanlegg er positivt for lokalområdet. Det fører til lite avtrykk i naturen i motsetning til vindkraft. I tillegg gir den typen verksemd skatteinntekter til Birkenes kommune, seier han.
Ordføraren meiner det likevel er negative sider.
– Vi slepper inn uregulert kraft på nettet, og det må balanserast med regulerbar kraft.
Han meiner det derfor er viktig å ha andre energikjelder enn berre solkraft.
Windsland meiner at innbyggarane ikkje kjem til å merke mykje til solkraftverket.
– Dei vil nok merke noko viss det kan føre til ei inntekt generelt i kommunane, men utover det så trur eg ikkje mange kjem til å merke det.
Å Energi har fått ja til å bygge eit solkraftverk på Birkeland i Birkenes kommune.
Foto: Å Energi
Rask utbyggingsprosess
Leiar for industriutvikling i Å Energi, Kristin Anette Dale, meiner at vi er avhengige av å omstille oss frå fossil til fornybar energi.
– Solkraft er noko av det som kan realiserast relativt raskt samanlikna med andre teknologiar, fortel ho.
Før solkraftverket kan bli bygd må dei få godkjent detaljplanen og det må takast ei investeringsavgjerd.
– Sjølve byggetida treng ikkje å ta så lang tid. Det kan bli gjort i løpet av eit halvt års tid. Akkurat når vi begynner å bygge kan eg ikkje seie, seier ho.